Anmeldelse

Dark Souls III: Ashes of Ariandel

Kunne vore så mykje betre

Ashes of Ariandel manglar fokus på historiedelen.

Eg møter ein knelande, desperat mann ved eit bål. Han har søkt etter «The Ashen One» i lang tid, og har endeleg funne meg.

Mannen tar fram ein gamal og slitt tøybit frå kappa si. Karakteren min kikkar skeptisk mot den, men strekker ut handa. Ei kraft syg tak i meg, eg sit fast. Sakte, men sikkert blir eg dratt inn i tøystykket, til det berre er nokre gnistar igjen av meg. Karakteren min er forsvunne, og mannen kneggar ein uhyggeleg latter.

Plutseleg finn eg meg i eit stort og opent område dekka av snø, moglegvis det vakraste Dark Souls-området eg har sett. Enorme kjempar med øks og skjold luskar rundt, og eg veit med ein gong at det er ein tøff kamp i vente.

Eg styrer karakteren min bort til ein av desse zombie-vikingane. Han granskar meg frå topp til tå før han styrtar mot meg, med øks over hovudet. Ein enkelt treff frå kjempa, så ser eg dei karakteristiske orda «You Died» på skjermen min. Dark Souls 3: Ashes of Ariandel byrjar på det rette viset.

Nokre glitrande augeblikk

Dette såg då kjend ut..
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Utvidinga er ei forteljing om kampen mellom endring og kontinuitet. Verda er i ein tilstand av råte, der me kjem for å brenne vekk forfallet, for å hjelpe dei som ligg under styret til ein tyrann. Seriens kryptiske historieformidling vidareførast på eit enno meir minimalistisk vis enn før. Det er flust av skjulte peik til tidlegare spel, i form av fiendar og områder.

For Dark Souls 3 er det vanskeleg å fylgje opp utvidingane til det førre spelet. Dark Souls 2s utvidingar var rett og slett fantastiske, og hadde etter mi meining dei beste områda i heile serien. Det var mange overraskande snarvegar som batt dei store nivåa saman, på eit givande vis. Fiendane var store og tøffe, dei verka direkte skremmande og formidable. Det var langt mellom båla, og då eg fyrst fann eit av dei kjende eg ei verkeleg kjensle av lette.

Er Ashes of Ariandel slik? Vel, til ein viss grad. Nivåa har ein fin balanse mellom horisontalt og vertikalt spel, samt at det er mange snarvegar i form av heisar og trapper som binder området saman. Fleire av nivåa er lagt opp som labyrintar, slik at dei i fyrste omgang verkar større enn dei eigentleg er.

Det er klare høgdepunkt, for Ashes of Ariandel har nokre glitrande augeblikk. Etter eg er ferdig med ein kamp mot ein vanleg fiende, går eg bak ein vegg for å finne ly og bruke Estus-flaska. Eg anar fred og ingen fare, før eit tre ved sia av meg plutseleg beveger på seg og slår meg i trynet med ei grein. Etter å ha gjort treet om til pinneved sit eg med eit smil om munnen, spelet har klart å lure meg.

Halvhjarta sjefskampar

Ikkje typen ein vil møte på veg heim om kvelden.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Standardingrediensane i Dark Souls-spela er solide i Ashes of Ariandel. Det er meisterleg stemmeskodespel, ein kryptisk og til dels gripande historieformidling og eit polert kampsystem. Problemet til Ashes of Ariandel er manglande innhald.

Det er berre to sjefskampar i utvidinga, og den eine kan knapt kallast noko sjefskamp. Etter eit drygt minutt hadde eg nedkjempa sjefen, utan meir enn to slurkar frå Estus-flaska. Orkestermusikken i bakgrunnen er glimrande, omgivnadane flotte og interessante, men likevel får eg ingenting ut av kampen. Den er overflatisk, utan djupne.

Den siste sjefskampen er ein heilt annan sak. Kampen er ekstremt utfordrande, og eg sleit i lang tid med å få til noko som helst. Eg sveitta godt kvar gong eg fekk sjefen ned til låg helse, og det var ei givande kjensle når eg endeleg fekk has på sjefen. Det tar ei stund før ein klarar å lese angrepa, og det skal godt gjerast å kome seg gjennom heile kampen utan å parere eller få hjelp av andre spelarar. Problemet er at eg blei irritert på same tid, for eg forstod at eg hadde gjort absolutt alt av einspelarinnhald i heile utvidinga på under fire timar. Det blir i det knappaste laget.

Moro med kaotisk fleirspelar

Dark Souls 3 har endeleg ein arena, men den kom kanskje i det seinaste laget.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

FROM Software har med Ashes of Ariandel satsa på fleirspelaren. Etter fullført historiedel får ein tilgang til ein fleirspelararena, liknande den ein hadde i Dark Souls 2. Det er utan tvil den beste arenaen i serien, med moglegheit til å ha heile seks spelarar i same kamp. Tidlegare har ein berre kunne spelt ein mot ein, og no er det fire forskjellege spelmodusar. Den største modusen er eit salig kaos av dimensjonar, som eg kosa meg stort med. Når seks mann kjemper for å drepe alle andre blir det ekstremt hektisk, men også særs moro. I forkant av utvidinga kom det ei oppdatering med balanseendringar til fleirspelaren, men den er framleis ubalansert og høg «ping» er eit stort problem.

Eg slit likevel med å sjå kvifor dei ikkje la meir arbeid i einspelaren, då eit liknande fleirspelarsystem kom i grunnspelet i Dark Souls 2. Dei fleste bryr seg meir om historiedelen enn fleirspelaren, så det er merkeleg at FROM har vald å satse på noko me forventa ville kome saman med grunnspelet.

Etter nokre timar med fleirspelaren sit eg igjen med eit inntrykk av ei forhasta utviding. Forteljinga byggjer opp til eit klimaks som ikkje kjem, men som er lagt til den neste utvidinga. Det er ingen tvil om at fans av serien vil sette pris på Ashes of Ariandel, men det kunne vore så mykje meir.

Me meinte Dark Souls 3 var meisterleg på sitt beste. Har du ikkje spelt utvidingane til Dark Souls 2 bør du gjere dette så fort som mogleg.

7
/10

Siste fra forsiden