Anmeldelse

Dead Rising 2: Case Zero

Tilbake til zombieland

Capcom inviterer oss til ein dans med lik og skarpe gjenstandar.

Det er noko høgst sjarmerande ved å pløye gjennom svermar av vandrande lik medan kroppsdelane flyg og blodet sprutar. Det er ingen tvil. Dette er Dead Rising akkurat slik vi vil ha det. Her handlar det ikkje om strategisk krigføring, det handlar om kor raskt du kan få nummeret nedst på skjermen til å stige.

Som i det første Dead Rising vil du raskt finne ut at det er mange måtar å drepe zombier på. Du kan sparke dei ned om du likar å gjere ting på sin mest primale måte, eller du kan bli litt kreativ og bruke alt frå slegger til potteplanter. I Dead Rising 2: Case Zero og det komande Dead Rising 2 tek derimot Capcom og den nye utviklaren Blue Castle Studios det heile litt lenger. No kan du kombinere forskjellige våpen og gjenstandar for å lage supervåpen!

Det er ein viss kleskode å følgje her

Gi meg ein arbeidsbenk!

På flukt frå både døde og levande møter vi Chuck Greene og dottera hans Katey der dei rullar inn på ein bensinstasjon i jakt på litt drivstoff. Som seg hør og bør i eit spel med respekt for seg sjølv går sjølvsagt ingenting etter planen, og ein pøbel stikk av med kjerra. Med ei lita jente på lasset har ikkje Chuck mange val. Han barrikaderer seg inne på ein verkstad og ber jenta vente der medan han går på leit etter livsviktig medisin. Katey har blitt beten av ei zombie, og medisinen Zombrex er det einaste som kan hjelpe ho, sjølv om den berre varer i tolv timar av gangen.

Framfor Chuck ligg eit knippe timar med konstant jakt etter medisin, eit nytt transportmiddel, og eit forsøk på å få nokre stakkars overlevande i tryggleik. Det heile må skje i løpet av ein svært stram tidsplan der klokka konstant tikkar og går, noko som sørgjer for at vi får eit herleg lite spel du kan spele gjennom mange gongar i jakt på Achievement-poeng og dei seks forskjellige sluttane.

Vi må derimot starte med starten; mekking av våpen. Du vil finne mange våpen av forskjellige kaliber i spelet, og kor effektive dei er varierer høgst. Ei lang rekke ubrukeleg våpen blir derimot noko heilt anna i kombinasjon med eit anna våpen. Ta ei hagerake som eit døme. Aleine vil den ikkje gjere meir enn å dytte vekk zombiene, men om du teipar eit batteri til den har du eit livsfarleg våpen som sender elektrisitet gjennom potensielt sett ganske mange fiendar samtidig. Eit anna og langt meir brutalt våpen er ein høygaffel festa til ei pumpehagle. Du køyrer gaffelen inn i ein fiende før du trykkjer av og ser både to og tre rotnande kroppar flyge bakover i ein smakfull blodpøl.

Det er likevel ikkje alt som er like effektivt, og det kan bli ein nedtur når du har leita rundt etter gjenstandane som skal til, berre for å innsjå at gleda er kortvarig. Du kan lage ein Molotov Cocktail, men den duger berre ein gong. Eventuelt kan du lage ein absurd ropert av ei trafikkjegle og ein sprayboks, noko som resulterer i eit brutalt våpen som er så vanskeleg å styre at det blir med eitt forsøk.

Stille før stormen

Det enkle er ofte det beste

Sjølv om du kan lage mange svært artige våpen har heile greia ei lita bakside. Du må som kjent ha to gjenstandar for å lage eit våpen, og dette tek rom i inventaret. Eit inventar du kan plassere maksimalt fire gjenstandar i. Dette sørgjer for at du blir nøydt til å tenkje litt strategisk ovanfor om du skal prioritere å byggje eit våpen eller løyse ei anna oppgåve først. Det kan vere freistande å droppe desse våpna til fordel for enklare alternativ som eit latterleg effektivt sverd som deler det meste i to, men då tener du nesten ikkje PP-poeng, erfaringspoenga i spelet. Vil du gå opp i erfaringsnivå for å gjere meir skade, få meir helse osb., må du bruke spesialvåpna.

Dette er innleiingsvis ganske irriterande, men det blir med innleiingsvis. Etter kvart som ein glir inn i systemet blir det ein eigen motivasjon i seg sjølv å finne ting å byggje våpen av. Sjølv om du må finne ein arbeidsbenk for å skru dei saman er ikkje dette noko problem sidan den vesle byen Still Creek har to av dei på strategiske punkt. Om dette er talande for Dead Rising 2 bør det vere temmeleg greitt å få skrudd saman det du vil ha av våpen når du skulle ha eit behov.

Eit anna behov du sikkert kjem til å få med jamne mellomrom er ein tur på toalettet. Som i Dead Rising 1 er det her du lagrar spelet, men i Dead Rising 2: Case Zero blei dette aldri ei utfordring. Det er lett å finne toalett, samtidig som spelet gjev deg valet om å lagre framgangen din etter visse viktige hendingar.

To ord: Gled deg

Ein reddande engel

Som i originale Dead Rising er du ikkje den einaste overlevande, og Chuck vil måtte bruke mykje av tida si på å hjelpe forskjellige personar i tryggleik. Dette fungerer akkurat slik det gjorde i Dead Rising 1. På taket av kasinoet i byen står ein skyteglad mann på jakt etter dottera si, og om du ikkje greier å finne dei overlevande sjølv, har han som regel sett noko.

Med eit godt bilete av kvar du må gå er det berre å leggje ut på tur. Når du endeleg finn dei trengande er det sjeldan så enkelt at du berre kan ta dei meg deg tilbake. Ein mann er så redd at du må servere han fleire øl før han blir med (sjølv om han lett kunne ha plukka seg ei flaske sjølv frå bardisken han står ved), og eit par jenter nektar å flytte på seg før du har funne veninna deira som har blitt bitt av ei zombie, og difor må ha ei dose Zombrex. Det resulterer i små jobbar her og der, noko som raskt sørgjer for at du får gjere enda meir av det du likar aller best; drepe zombier.

Det pussige med alle desse små historiene som krydrar landsbyen, samt den overhengande historia om Chuck og dottera hans, er at den er ganske engasjerande. Utviklarane har blanda seriøst drama med den totale absurditeten over situasjonen på ein så god måte at du ikkje berre tillet deg sjølv å tru på situasjonen, men samtidig likar å ta del i den.

I så måte er oppsettet for spelet heilt perfekt. Dead Rising 2: Case Zero tek seg sjølv alvorleg der det trengst, og ler av seg sjølv der det ikkje går an å gjere noko anna.

Vår mann i felten

Blodig lekkert

Sjølv om Dead Rising 2: Case Zero er eit lite spel for nedlasting hindrar ikkje det spelet frå å sjå bra ut. Detaljane når du kjem heilt nær inn på ting er ikkje dei beste, men når ein ser heile Still Creek, og spring gjennom massane av zombier er det absolutt eit spel det står respekt av. Zombiene er som eit lite hav der dei kjem i bølgjer mot deg, og når du slår inn skallane deira med eit balltre skjer det med flyt og rytme. Det som verkeleg set spissen på det heile er eit dynamisk dag- og natt-system som badar byen i eit veldig pent lys heilt fram til mørkret trer fram.

I tillegg er lyden solid. Skodespelarane gjer ein god jobb i å få fram kven dei portretterer, sjølv om det naturleg nok er berre Chuck og Katey som får mykje skjermtid. Musikk er det lite av, men det dukkar opp eit og anna stykke her og der som for å slå fast at no skjer det noko. Mest av alt vil du berre høyre stønning frå vandrande lik, samt eit svært kreativt lydbilete når du drep desse. Eg kan sjå føre meg at foley-crewet har hatt det svært moro med blant anna vannmelon og slegge.

Ei lita bakside ved den lekre presentasjonen er lastetidene. Dei er ikkje avskrekkande, men dei varer litt vel lenge. Heldigvis dukkar dei berre opp om du skal inn eller ut av den trygge verkstaden, eller når det dukkar opp ein filmsekvens.

Det er ikkje berre zombier som må til pers

Konklusjon

Dead Rising 2: Case Zero har først og fremst prestert ein ting: Å få meg veldig gira på Dead Rising 2. Det ser på ingen måte ut til å vere nokon grunn til skepsis over kva Blue Castle har fått til, og det er heilt tydeleg at dei forstår kva eit skikkeleg zombie-spel skal innehalde.

Den nye hovudpersonen er lett å like, og han har ein god grunn til å ta opp kampen mot zombiene, noko som blir eit perfekt bakteppe for alt det latterlege blodbadet som følgjer. Case Zero er berre ein smakebit på kva vi får i Dead Rising 2, og eg kan ikkje seie anna enn at eg gledar meg stort til å sjå kva andre vanvittige våpen du får lage i det fulle spelet. I mellomtida skal eg tilbake til Still Creek for å frityrsteikje nokre zombier med elektrisk rake.

Dead Rising 2: Case Zero er kun i salg på Xbox Live Marketplace.

Siste fra forsiden