Anmeldelse

Dragon Ball Z: Battle of Z

Ustabilt sprengstoff

Vårt ferskaste møte med Son-Goku og gjengen vekslar mellom fryd og frustrasjon.

Samarbeid er stort i Japan. Etter at PSP med sin ad hoc-funksjonalitet sende japanske spelarar ut i Monster Hunter-mani har dei fleste japanske spelutviklarar vore særs gira på å få sin bit av kaka. Det var berre eit spørsmål om tid før Dragon Ball-serien blei ramma av pandemien, men i Dragon Balls høve passar tanken om eit mylder av spelarar strengt tatt ganske bra. I løpet av dei mange historiene om Son-Goku, Krillin, Vegeta og dei mangfaldige karakterane i Dragon Ball-universet, har kampane ofte blitt store og omfattane.

Å la åtte spelarar gå til frontalangrep på kvarandre med slag og spark i maskingeværtempo, samt massive spesialangrep som fyller skjermen i lys, bør alt strengt tatt vere klart for noko utanom det vanlege.

God start, god framgang

Ein enkel låsemekanisme sørgjer for at du alltid veit kvar fienden er.

Utgangspunktet til Dragon Ball Z: Battle of Z er såre enkelt. Når du først fyrer opp einspelarmodusen vel du deg eit oppdrag, kva figur du vil spele som, og opp til tre datastyrte kamphanar som kvar gjer sitt for å pryle motstanden. Deretter hiv du deg ut i den eine kampen etter den andre. På fleire ulike og ganske store arenaer møter du eit lass av kjende og tidvis ganske absurde fiendar frå Dragon Ball-universet.

Variasjonen i arenaer kunne ha vore større, men akkurat dette er sekundært i forhold til det som verkeleg betyr noko. Bråkete masseslagsmål er hovudfokus i Battle of Z, og her gjer utviklarane ein solid jobb i å gje oss nøyaktig det vi vil ha.

Kvar figur blir styrt på meir eller mindre den same måten. Dei kan alle springe langs bakken eller fly gjennom i lufta i den høgda du vil, i tillegg til at dei alle har to ulike former for basisangrep. Det mest umiddelbare og mest brukte angrepet er eit fysisk slag som ikkje krev meir av deg enn konstant hamring på knappen så lenge du er nær ein fiende. Med det andre angrepet kan du skyte energi mot fiendane.

Strengt tatt varierer det kor mykje nytte det er å finne i sistnemnde, spesielt sidan du stoggar heilt opp, og såleis blir ei lett skyteskive når du skal skyte energi. Du kan av og til finne ei opning som gjer eit skot verdifullt, men fysiske slag gjer så og seie alltid meir nytte. Dei er òg lettare å flette inn med angrep, noko som raskt blir svært viktig. Energiskyting kan derimot bilr svært effektivt om du brukar det riktig. Både fysiske angrep og energi kan gjerast sterkare ved å bruke av energilageret ditt, og på denne måten kan energikula di sende ein fiende dalande mot bakken i staden for å berre kile han på kjaken.

På toppen av dette har kvar krigar eitt eller fleire unike angrep som kan utøve massiv skade. Son-Gokus velkjende Kamehameha er eit godt døme på dette. Å fyre denne av på ein fiende som nett har mista balansen kan utgjere forskjellen på siger eller tap. Å kombinere triksa kvar karakter har er minst like viktig som å hamre laus med fysiske angrep.

I kampens hete

Dragon Ball Z: Battle of Z.

Tidleg blir det tydeleg at spelet hadde hatt godt om utviklarane hadde vidareforma kampsystemet ein del. Ein finn raskt strategiar som fungerer bra, og endar opp med å bruke desse heile tida. Enkelt og greitt sidan det er mest effektivt. Med Son-Goku har eg til dømes bygd opp ein vane med å slå tre-fire slag før eg sender ein fiende flygande, og låser meg inn på næraste fiende for å gjenta prosessen.

Den største variasjonen spelet byr på kjem gjennom å bruke ulike karakterar. Nokre har større fokus på energi enn på fysisk kraft, og dei har alle ulike spesialangrep. Felles for alle er det same scenarioet som med Son-Goku. Når du først har funne ein formel som fungerer er det lett å ende opp med å bruke den heile tida. Motivasjonen for å gjere noko anna er ikkje stor.

Sjølv om kampsystemet gjerne kunne hatt meir kjøt på beinet er det heilt andre ting som gjer Dragon Ball Z: Battle of Z verdt å spele. Dynamikken som oppstår når du har tre ekstra krigarar på bana utgjer ein merkbar forskjell i forhold til tidlegare spel. Du kan gje enkle ordre til dei – som til dømes å angripe med full kraft, eller fokusere på å gjere ting saman – og samarbeide blir raskt ein essensiell del av spelet.

Ved sidan av å okkupere fiendar slik at alle ikkje heng over deg til ei kvar tid, kan dine allierte kamphanar kome godt med i fleire situasjonar. Om to eller fleire krigarar hamrar laus på den same fienden kan ein ende opp med eit synkronisert angrep som påfører offeret meir skade. Alternativt kan ein ende opp med å kaste fiendar fram og tilbake før ein avsluttar med eit massivt angrep.

Ein fiende som fyller skjermen må til.

På eller av

Korleis du vel å spele Dragon Ball Z: Battle of Z er opp til deg, men det er mykje å hente ved å spele på nettet. Om du vel å berre samarbeide med folk, gå til angrep mot eit anna lag, eller delta i slag der alle pryler alle, byr spelet på ganske ulike utfordringar. Om du vel å samarbeide med vener vil du berre spele gjennom historiemodusen slik du gjer når du spelar aleine. Den einaste forskjellen er at dei krigarane som elles blir styrte av spelet no har ekte hjernar bak seg.

I denne modusen vel du kampar frå ei liste som låser opp nye slag etter kvart som du kjem deg gjennom det førre. Måla i kampane varierer, men det er alltid snakk om å knuse ein eller fleire fiendar, og før, etter, og midtvegs i kampane blir ein svært forenkla versjon av Dragon Ball Z-historia fortalt. Det er diverre ikkje mykje originalitet å spore i dei, og mange byr på dei same områda med nye fiendar. Slik sett kan ein ende opp med å få kjensla av å spele dei same kampane om igjen veldig ofte.

Etter ein fullført kamp får du diverse kort i premie. Dei fleste av desse byr på ein bonus i eitt av fleire parameter hos kvar krigar. Ved å samle inn desse korta kan du gjere krigarane dine sterkare, og om du vel å skifte kven du vil spele som, kan du ta med deg alle korta vidare.

Desse korta er ikkje låst til historiekampanjen. Når du vel å spele mot andre spelarar står du fritt til å byggje krigaren din så sterk du berre kan. Det kan naturlegvis kome godt med sidan du ikkje bør bli overraska om du møter folk som har maksa ut krigaren sin på alle punkt, og byr på ei nesten smerteleg utfordring.

Med kort i fleire katagoriar kan du byggje opp kamphanane dine.

Det er først og fremst samarbeidsmodusen som fortener tida di i dette spelet. Når du spelar aleine dreg du berre eit knippe krigarar med deg som stort sett gjer det dei vil. Når du spelar saman med andre kan ein ha det skikkeleg moro, så lenge du spelar med folk som faktisk kommuniserer med kvarandre. Ein kan legge kjappe planar for kva fiende som skal prylast først, medan ein kan reagere umiddelbart når noko skjer. Typiske detaljar for ein fleirspelarmodus, men det får effektiviteten og underhaldningsverdien i spelet til å vakse stort.

Det blir til samanlikning tidvis hakket for kaotisk når to lag går mot kvarandre, og hovudgrunnen til dette er dei kinkige problema som oppstår når ikkje alle har like god nettlinje. Spelet har merkbart etterslep både i samarbeidsmodusen og når du spelar mot andre. Den er absolutt handterbar i samarbeidsmodusen, men er tidvis alt får dårleg når to lag går mot kvarandre. I eit spel som handlar om slag, spark og kjappe refleksar fungerer det ikkje når ein fiende går får å vere framfor deg til å forsvinne i løpet av eit kort sekund. Eit anna problem eg har merka med med fleirspelarmodusen er at det ofte er svært vanskeleg å finne eit lag å spele mot.

Tru mot tradisjonane

I desse neste genersjonstider er det litt vanskeleg å la seg imponere over noko ein ser i Dragon Ball Z: Battle of Z. Til det er dei grafiske prestasjonane alt for simple. Utviklarane har likevel gjort nokre solide steg framover, og når ting er på avstand ser dei ikkje så ille ut. Spesielt landskapa har fått seg eit merkbart løft sidan dei tidlegare spela, noko ein ser spesielt godt på den klåre PS Vita-skjermen.

Dei ulike kamphanane ser òg hakket betre ut enn før, men det ser ut til at desse forbetringane har gått litt på bekostning av det overdådige infernoet vi kjenner frå tidlegare spel. Steinblokker og bygningar kan framleis bli smadra av at ein krigar blir kasta gjennom dei, men det er langt frå like storslagent og voldsamt som tidlegare. Spelet gjer opp for dette ved å by på langt større område og kampar enn før. Det er kanskje hakket færre eksplosjonar og fyrverkeri å spore, men det er likevel svært storslagent når det går hett føre seg.

Spelet er temmeleg identisk på PlayStation 3 og PS Vita. Om du skulle skaffe deg begge versjonane kan du laste opp framgangen din på den ein maskina, for å halde fram på den andre. I tillegg nyttar PS Vita-versjonen trykkskjermen for å forenkle enkelte kommandoar.

Konklusjon

Kampane skjer på tidvis store område.

Dragon Ball Z: Battle of Z byr på solide doser underhaldning. Det har eit enkelt og forståeleg kampsystem det er lett å kome i gong med, og det er absolutt moro å spele på lag i staden for å vere ein einsam krigar. Dei store områda gjev oss mykje spelerom, og når eit lag på fire spelarar går til overjordisk krig mot ein gjeng sinte fiendar kan ein ha nokre gode minutt med intens moro.

Problemet er at det manglar innhald. Utviklarane har fylt spelet opp med figurar og oppdrag til du kan bli grøn i trynet, men alt er strengt tatt veldig likt. Fleire oppdrag er ikkje meir enn eit tidlegare område med nye fiendar. Etter kvart som det viser seg at kampsystemet ikkje byr på eit hav av moglegheiter, forsvinn delar av entusiasmen.

Ein kan ha det svært moro med å spele på nett, både med og mot andre spelarar, men det er ei grense for kor lenge ein kan halde det gåande i dette spelet. Er du på jakt etter nokre korte og intense kampar her og der er det berre å køyre på, men om du vil ha eit større måltid bør du søke lukka andre stadar.

6
/10
Dragon Ball Z: Battle of Z
Vil du ha eit større måltid bør du søke lukka andre stadar.

Siste fra forsiden