Anmeldelse

Final Fantasy IV The Complete Collection

Ei gammal perle velsignar oss med sitt nærvær, igjen.

I løpet av dei 20 åra som har gått sidan Final Fantasy IV for første gong introduserte oss for Cecil, Rosa og kjeltringen Golbez, har spelet dukka opp med jamne mellomrom på forskjellige plattformer. PlayStation har fått besøk, den japanske maskina Wonderswan Color har flotta seg i godt selskap, og Nintendo DS har kosa seg med den så langt mest omfattande gjenforteljinga av klassikaren. Square Enix likar å tene pengar, og pengar tener du berre om du sørgjer for å putte produkta dine der folk ser dei. Med det i tankane er det kanskje ikkje så rart at Final Fantasy IV no dukkar opp på PSP òg, sånn berre for å sørgje for at ingen kan unngå å få med seg spelet.

Livets sirkel får seg ein knekk

Det første spørsmålet eg stiller meg i ein slik situasjon er om dette strengt tatt er nødvendig. Ja, det er eit flott spel. Ja, historia er den dag i dag engasjerande og sterk, og ja, det har grundige system som konstant sørgjer for at du får utfordra deg. Men det er ikkje så lenge sidan vi fekk ein 3D-versjon på Nintendo DS, og kvifor vi då skal gå tilbake til todimensjonale former i gammal stil – med mindre nostalgien tek over – er vanskeleg å finne eit godt svar på.

Møt din ende

Kor nødvendig det er med enda ein ny versjon av spelet har sjølvsagt ingenting å seie for kor bra det er. For sjølv om det allereie finnest fleire måtar å få kosa seg med spelet på, er det ingen tvil om at dette er eit av dei store høgdepunkta i japansk rollespelhistorie. Final Fantasy IV byr på eit variert og interessant ensemble av unike personar som alle fører noko eige og spesielt til dramaet, og utan unntak får ein kjensla av å kjenne desse folka betre enn dei fleste spelfigurar vi møter i løpet av livet. Dei har gode historier, dei har bakgrunnar, og dei har alle tydelege motivasjonar. Ein blir knytta til dei, og ein bryr seg om kva dei går gjennom, noko som er godt gjort for eit spel som formidlar det meste gjennom tekst og søte figurar.

Det er klart spelet har sine rustne hjørne, og her og der kan du nok rynke på nasen over tvilsam naivitet, eller kanskje rein dumskap i møtet mot overmakta. Dette er likevel unntaka, og ein sit igjen med eit sterkt inntrykk av at dette er godt utvikla personar som gjer det dei kan under ekstreme høve, og då tek ein ikkje alltid dei klokaste vala.

Som i mange andre Final Fantasy-spel står krystallar i fokus

Eventyret er langt og engasjerande, og til forskjell frå tidlegare utgåver av spelet er det ikkje over når det er over. Denne samlepakka inneheld The After Years som har vore tilgjengeleg på WiiWare ei stund, samt den nye mellomstasjonen Interlude, som gjer det den kan for å knyte Final Fantasy IV og The After Years saman.

Det er eigentleg her totalinntrykket byrjar å få panikk. Både Interlude og The After Years byr på grei underhaldning og tidvis veldig interessante historier, men nøkkelordet her er «grei». Det blir aldri meir enn det. Desse nye tilskota når aldri dei same høgdene som sin far, og endar såleis opp som ganske unødvendige tillegg. Dei luktar av resirkulering, og ein får eigentleg aldri inntrykket av at dette er gjort av nokon annan grunn enn å tene pengar på alle dei som elskar Final Fantasy IV.

Rundtur

Ei av dei største styrkene til Final Fantasy IV er den fantastiske variasjonen som får kvart einaste område til å framstå som unikt og spesielt. På reisa møter vi forskjellige kulturar og geografiske soner, men det er ikkje først og fremst dette som gjer det så variert. Det er når du reiser inn i dei forskjellige grottene og fiendtlege installasjonane at du verkeleg merkar det. Både visuelt og planmessig er det lett å sjå skilnad på kvar stad, og du får absolutt aldri kjensla av at du har sett noko før. Dette er eit enormt pluss for eit spel som sender deg inn i tidvis veldig store område fulle av fiendar. Det kan ta lang tid å kome i mål, og like lang tid å kome ut igjen, men du veit alltid kvar du skal, og du har ei konstant kjensle av progresjon.

Spelet har fått seg ei flott visuell oppgradering og er direkte nydeleg i det vesle formatet

I tillegg er alle områda fulle av små avstikkarar som ofte byr på ei kiste med ein fin skatt, eller kanskje eit rom der du kan få opp helsa ved å sove i eitt telt, samt lagre spelet ditt. Du går deg aldri vill, men brukar likevel ein del tid på å utforske, og som regel finn du slike oasar akkurat når du treng det som mest. Spelet blir heller aldri for vanskeleg, men kastar deg ut i ei solid utfordring som aldri tillet at du slappar av. Skulle du likevel grinde deg så høgt at utfordringa uteblir, kan du la kampane gå automatisk for å kome deg raskare gjennom svake fiendar.

Det eigentleg største problemet til heile Complete Collection er tempoet du møter fiendar i. Dette er eit gammalt spel, og alle kampar kjem som forventa på tilfeldige punkt. Balansen på kor ofte desse kampane oppstår er derimot heilt på viddene. Opp til fleire gongar har eg erfart at kvart einaste steg eg tar sender meg ut i ein ny kamp. Eg rekk knapt kome ut av den førre før eg er i gong med neste, og dette blir ekstremt provoserande i enkelte tilfelle. Designet på områda driv deg framover heile tida, men dei konstante møta med forskjellige fiendar gjev deg her og der kjensla av å stå fullstendig i ro.

Les også
Slik blir samarbeidsmodusen i Mass Effect 3

Dette aggressive tempoet er likevel ikkje konstant, og etter ei slitsam økt med endelause kampar får du brått springe gjennom eit heilt område før du hamnar i ein ny. Det er ein balanse her, men den er ekstremt sporadisk, manglar retningssans, og kunne godt ha vore jamna ut litt.

Magisk krigføring er stort sett større enn livet sjølv

Taktisk og spesialisert

I nyare tid har både vestlege og austlege rollespel i stor grad handla om fridom til å skape dine eigne krigarar, men i Final Fantasy IV er det heilt andre reglar som gjeld. Kvar person har ein bestemt klasse, og kan såleis berre lære nye eigenskapar som fell inn under klassen. Dette sørgjer for at du heile tida må halde kvar person sine eigenskapar i tankane når du går i kamp, og bruke dei deretter. Du har ingen kontroll over kva nye eigenskapar dei kan lære seg, men får i staden alt servert gradvis etter kvart som karakterane går opp i erfaringsnivå.

Det høyrest kanskje ut som om dette gjer karakterprogresjonen noko steril, men det tenkjer ein ikkje mykje over når ein spelar. Du har nok med å regissere kva som skjer i kampane, og du har i tillegg eit stort arsenal med forskjellige typar våpen som har forskjellige eigenskapar og elementskade, noko som i seg sjølv byr på eit viktig strategisk element. Forskjellige område er busett av forskjellige fiendar med varierande styrker, og ein del av strategien blir å finne ut korleis du skal utruste følgjet ditt.

Final Fantasy IV byr jamt over på eit veldig solid utfordring med ein god utvikling etter kvart som du kjem deg nærare slutten. Interlude og spesielt The After Years er ikkje like godt gjennomførte. The After Years har nokre spanande kampelement, men dei kjem ikkje heilt til god nytte sidan det kan sjå ut til at kreativiteten har enda opp med å gå på tomgang. Til dømes må du repetere kampar mot den eine sjefen etter den andre stort sett utan mål og meining, noko som ikkje fører nokon stad. I tillegg kan du hamne i ein situasjon der balansegangen er kasta heilt ut vindauget. Om du ikkje vel å ta del i valfrie sideoppdraga kan du brått stå ovanfor ein situasjon der fleire av karakterane er alt for svake i forhold til utfordringane. Om det først skjer er det ikkje lett å byggje opp motivasjonen til å halde fram.

Litt flint og tørt gras gjer kål på det meste

Konklusjon

Om du enno ikkje har spelt Final Fantasy IV er du i ferd med å gå tom for grunnar til å la vere, med mindre det ikkje finnest ting du hatar meir enn japanske rollespel. Spelet er snart tilgjengeleg i alle format, og det einaste som eigentleg manglar er at Square Enix får ut fingeren og slenger det ut på PSN og XBLA, noko som i og for seg ikkje hadde vore ein dum idé.

Om du likevel skulle vere usikker på om dette er noko for deg, kan du like slå all tvil frå deg med ein gong. Final Fantasy IV er ei perle av den gode gamle sorten, og held den dag i dag stand som eit herleg eventyr. Det blir slitsamt mange tilfeldige kampar her og der, men du kjem deg alltid gjennom, og løna er ei nydeleg fortalt historie med mange dramatiske vendingar og uventa handlingsforløp.

Grunnen til at Final Fantasy IV: The Complete Collection ikkje når heilt opp, og ikkje ein gong like høgt opp som DS-versjonen av spelet, er dei to andre spela i pakka. Verken mellomleddet Interlude eller oppfølgjaren The After Years når på nokon måte opp mot originalen, og trekk difor ned det totale inntrykket.

Dette har likevel ingenting å seie for kvaliteten på Final Fantasy IV, og du blir ikkje akkurat tvinga til å spele dei nye tilskota. Det rår uansett ingen tvil, final Fantasy IV er eit tidlaust meisterverk alle speleglade folk bør få med seg.

Siste fra forsiden