Anmeldelse

Final Fantasy X/X-2 HD Remaster

Ei gåvepakke til alle som elskar japanske rollespel

Square Enix gir oss eit praktfullt gjensyn med ein tidlaus klassikar.

Det er freistande å seie eg ikkje var gamle karen då det japanske rollespelet Final Fantasy X blei lansert i 2002, men det blir litt feil. Teknisk sett var eg vaksen, men den gleda eg fekk gjennom å reise saman med Tidus og Yuna til Spira var eit born verdig. Final Fantasy X er eit av dei verkeleg store, i alle fall i mi bok. Eg gav dette spelet sjukleg mange timar, og eg naut kvar og ein.

I likskap med PlayStation 1-spela, er nokre av bakgrunnane statiske bilete.

Difor er det ei litt bisarr kjensle som sig over meg når eg no skal sitje her og setje ein karakter på det heile. Ikkje berre får vi historia om Tidus og Yuna i den høgst religiøse verda Spira frå Final Fantasy X, vi får òg den sære oppfølgjaren Final Fantasy X-2 som oppfører seg mest som ein gladjapansk variant av Charlie's Angel. På toppen av det heile får vi fleire nye ting som aldri blei servert i Europa før no.

Gammalt på nytt

I løpet av dei siste åra har vi sett ei opptrapping av gamle spel i ny innpakning. Sony har gjeve ut både God of War, ICO og Shadow of the Colossus på ny, Konami har prøvd seg med å dytte ut Metal Gear Solid- og Silent Hill-samlingar, medan Microsoft har pussa opp Fable og Halo: Combat Evolved.

Ingen av dei har tatt steget fullt så langt som Square Enix. Sjølv om Microsoft sørgja for at Fable og Halo fekk betre grafikk, stogga det der. Square Enix har på si side pynta på både lyd og grafikk når dei no har lansert Final Fantasy X/X-2 HD Remaster. Nesten alle figurane i spelet har fått nye modellar, tekstureringa har blitt løfta opp til eit nivå som no og då rivaliserer heilt nye spel, medan musikken tidvis får dei gamle spora til å høyrest ut som om dei var spelt inn i ei bøtte.

Musikken får tidvis dei gamle spora til å høyrest ut som om dei var spelt inn i ei bøtte.

Musikken er strengt tatt eit kapittel for seg sjølv. Fleire av låtene har blitt spelte inn heilt på ny, med nye arrangement og instrument. Andre har berre fått litt finpuss, men jamt over er det ein enormt bra jobb som er gjort her. Enkelte spor er markant endra, medan dei fleste høyrest ut slik du hugsar dei. Det var ikkje før eg mata min gamle CD-spelar med den originale musikken at eg fullt ut høyrde kor stor forskjellen av og til er.

Vi sit igjen med ei stor samling underhaldning som har blitt henta fram igjen etter over ti år med stor respekt for sitt opphav.

Final Fantasy X var eit enormt steg for serien. Sidan Final Fantasy VII hadde Squaresoft, som Square Enix heitte på den tida, lagt større og større vekt på å skape filmatiske spel, og i Final Fantasy X tok dei det heile til eit nytt nivå. Det var det første spelet i serien som fekk stemmeskodespel og full 3D-grafikk i dei fleste område. Samtidig brakte spelet med seg eit større lineært fokus der du ikkje var like fri som tidlegare til å gå i den retninga du ville.

Etter kvart blei Final Fantasy X det første spelet i serien som fekk ein direkte oppfølgjar i Final Fantasy X-2, noko den førre konsollgenerasjonen har demonstrert godt mogleg blir normalen framover.

Ikkje eit Final Fantasy-spel utan ein Cactuar.

Dramatikk og galskap

I Final Fantasy X møter vi kjepphøge Tidus som er stjernespelaren på Blitzball-laget Zanarkand Abes. Det tek ikkje mange minutta før heile livet hans blir snudd på hovudet, og han blir kasta 1000 år inn i framtida. Frå å vere ein atlet i metropolen Zanarkand, endar han opp på ei idyllisk lita strand på øya Besaid. Livet som møter han der er ein skarp kontrast til det han er vand med. Maskiner blir skydde som pesten, og folk følgjer religionen Yevon med blind tru.

Historia held seg utruleg godt. Ikkje berre har vi kjenslene mellom Tidus og andemanaren Yuna, men reisa dei to og resten av følgjet deira legg ut på er full av ulike kulturar, perspektiv og skjulte sanningar. Spelet endar opp med å sakte gli inn i hard kritikk av autoritære religionar som fortel folket korleis dei skal leve, og det er på mange måtar eit modig spel som vågar å ta opp tema svært få spel strengt tatt tør røre ved.

Yuna kan mane fram mektige skapningar som denne isdronninga.

Final Fantasy X-2 er ei rak og bisarr motsetning. Det er eit lystent og leikent spel som trass enkelt dramatiske og triste hendingar aldri tek seg sjølv særleg alvorleg. Mange mislikar dette spelet sterkt for korleis det snudde opp ned på kven Yuna var, men samtidig er det noko fint med denne endringa. Livet hennar er lettare no, og spelet reflekterer dette.

Yuna som i Final Fantasy X stort sett var tynga ned av det enorme ansvaret som hang over skuldrane hennar er ein mykje meir optimistisk person i oppfølgjaren. Om du har knytta band med persongalleriet i Final Fantasy X kan dette lett vere ei svært positiv oppleving, sidan det tross alt gjekk bra til slutt.

Natt og dag

Sjølv om Square Enix har gjort ein svært solid jobb med denne restaureringa, er det likevel ikkje alt som er heilt der. Dette er mykje fordi Square Enix har valt å berre fokusere på figurane og teksturane, samt litt ferske lyseffekter her og der. Når ein først fyrer opp Final Fantasy X er det vanskeleg å nesten ikkje skjere tenner over dei nesten groteske animasjonane. Dette er ein bit som ikkje har blitt gjort noko med, og vi blir vitne til uhyre stive ansiktsanimasjonar, modellar som ikkje heilt sit fast i bakken dei står på, og nervøse rykkingar i subtile rørsler.

Det er litt vanskeleg å reagere for hardt på dette. Jobben Square Enix har gjort er meir enn vi strengt tatt kunne forvente, men når ein får noko flott er det alltid lett å ynskje ein hadde fått enda meir. Dei stive animasjonane er noko ein blir vand med, med eitt unntak; auga til hovudpersonen Tidus ser ut som om dei svevar laust i skallen hans og det kan bli ganske forstyrrande i scener som eigentleg skal vere emosjonelle.

Ei stille stund for ein sliten gjeng.

Dei stive animasjonane endar opp med å bli ein artig kuriositet når vi gjer oss ferdige med Final Fantasy X, og går over til Final Fantasy X-2. Kvaliteten på animasjonane i denne oppfølgjaren er på eit heilt anna nivå enn kva dei var i forgjengaren. Ansikta er ekspressive og uttrykksfulle i så stor grad at det nesten blir litt for mykje i enkelte scener, men det illustrerer veldig godt dei enorme grafiske stega utviklarane tok på årleg basis for eit tiår sidan.

Spelet er så godt som identisk på PlayStation 3 og PlayStation Vita, men PlayStation 3-versjonen kan skilte med merkbart høgre oppløysning. Kjøper du begge versjonane kan du dra nytte av lagring på tvers av plattformene, noko som kjem godt med i ei tidkrevjande pakke som dette.

Men er det bra?

Om du føretrekk å setje deg ned framfor TV-skjermen når du skal spele japanske rollespel har PlayStation 3 og Xbox 360 gjort livet surt i løpet av den siste konsollgenerasjonen. I løpet av PlayStation- og PlayStation 2-åra praktisk talt drukna vi i japanske rollespel, men då vi tok steget over i den syvende konsollgenerasjonen forflytta dei fleste tradisjonelle japanske rollespela seg over til portable plattformer, medan heimekonsollane fekk eit stadig større fokus på action, noko vi ser tydeleg i årets Lightning Returns: Final Fantasy XIII.

Å spele Final Fantasy X i 2014 er som eit friskt pust frå fortida. Spelet er så turbasert som du får det, der heltane og fiendane sine parameter bestemmer når dei får gjere noko i kamp. Det aktive kampsystemet frå fleire andre Final Fantasy-spel er ikkje på plass her, og du kan ta deg så god tid du treng for å planleggje kva ein krigar skal bruke turen sin på.

Å spele Final Fantasy X i 2014 er som eit friskt pust frå fortida.

Det er likevel eit svært raskt spel der det er lett å halde eit høgt tempo. Om du vil bruke tid på å sanke erfaringspoeng er dette noko du kan få unna raskt, i motsetning til andre spel som kanskje byr på svært lange kampanimasjonar. Final Fantasy X-2 tek tempoet opp enda fleire hakk. Her får vi igjen eit aktivt kampsystem er tida går sjølv om du ikkje gjer noko.

Mykje har vore sagt om Final Fantasy X-2 opp gjennom åra, men kampsystemet kosar seg blant dei beste i klassen. Systemet der du kan skifte kostyme og jobb når som helst for å få tilgang på andre eigenskapar er både kreativt og vanvittig underhaldande, og er heilt tydeleg ein forløpar til Paradigme-systemet frå Final Fantasy XIII.

Felles for begge spela er at dei på nesten litt deprimerande vis demonstrerer kor mykje som har endra seg i spelverda vår dei siste åra. Desse to spela druknar i innhald. Du kan leite etter skattar, prøve deg på minispel, eller gjere som meg og slå i hel nokre døgn berre ved å spele ballspelet Blitzball. Det får meir moderne spel til å nærast framstå som blodfattige.

Hovudpersonane har alle fått eit markant grafisk løft.

Større enn før

Square Enix har i årevis laga International-versjonar av mange Final Fantasy-spel. Då Final Fantasy X blei lansert i Europa første gong var det for første gong i form av ein International-versjon, og vi fekk mykje meir innhald enn kva amerikanarane fekk. Meir avanserte måtar å byggje opp karakterane på, samt nye fiendar og hemmelegheitar var blant forbetringane denne versjonen tok med seg.

Med Final Fantasy X-2 fekk vi derimot berre standardversjonen, men i Final Fantasy X/X-2 HD Remaster får vi prøve oss på International-utgåva av dette spelet òg. For dei som spelte Final Fantasy X-2 vil dette bety eit lass av endringar. Kampsystemet er inntakt, men spelet kjem med ein heilt ny og svært viktig komponent til kampsystemet. Du kan no fange forskjellige monster, trene dei opp, og ta dei med deg i kamp. Du står likevel fri til å ignorere dette og berre halde deg til hovudpersonane vi kjenner frå før.

I tillegg til dette byr Final Fantasy X/X-2 HD Remaster på tre ekstra tillegg. Det første av desse er Eternal Calm, ein kortfilm som fungerer som ei bru mellom Final Fantasy X og X-2 og blei tilgjengeleg i Europa i spesialutgåva av Unlimited Saga. Deretter har vi Last Mission som var ein del av Final Fantasy X-2. Dette er ein grottekravlar der Yuna, Rikku og Paine må bryne seg på eit digert tårn ei tid etter avslutninga på Final Fantasy X-2.

Rikku har eit langt meir levande andlete i Final Fantasy X-2 enn i Final Fantasy X.

Heilt til slutt får vi eit lite høyrespel som tar opp tråden nokre år etter Final Fantasy X-2. Dette blei skrive for denne HD-utgåva av spelet, og tilfører strengt tatt ikkje spelet noko som helst i positiv forstand, og kan såleis glatt hoppast over.

Konklusjon

To store, saftige, deilige spel med betre grafikk. Det er i hovudsak dette du får i Final Fantasy X/X-2 HD Remaster-pakka. Om du er JRPG-fan, Final Fantasy-fan, eller berre litt nyfiken på kva denne serien eigentleg er for noko, er dette eit sjølvsagt kjøp. Du kan slå i hel vanvittig mykje tid med desse spela, og gjennom både historier og underhaldande spelsystem vil du kose deg gløgg i hjel.

Du kan ploge gjennom historia i høgt tempo om du vil, men spela byr i tillegg på eit mylder av skjult ekstrainnhald, kraftige våpen, og minispel som kan hjelpe deg med å klokke inn enda fleire timar enn du har samvit til.

Final Fantasy X står som ein viktig bauta i Final Fantasy-seriens historie, og sjølv om det viser sin alder både her og der, er det eit spel som held seg svært godt den dag i dag. For min del er det eitt av dei aller beste i serien, og saman med den solide oppfølgjaren og alt ekstrainnhaldet samlepakka byr på, er Final Fantasy X/X-2 HD Remaster ei gedigen gåvepakke til JRPG-entusiastar.

9
/10
Final Fantasy X/X-2 HD Remaster
Ei gedigen gåvepakke til JRPG-entusiastar.
9
/10
Final Fantasy X/X-2 HD Remaster
Ei gedigen gåvepakke til JRPG-entusiastar.

Siste fra forsiden