Anmeldelse

Final Fantasy XIII

Atter en konge

Den som ventar, ventar definitivt ikkje forgjeves.

1: Side 1
2: Side 2

Kvart einaste spel i Final Fantasy-serien blir møtt av to sterke kontrastar. Det finnest alltid ei gruppe som hatar alle endringar, og som meiner alle spela burde vere som Final Fantasy VII (med mindre dette ikkje var ditt første Final Fantasy-spel sjølvsagt). Den andre gruppa elskar spela for kva dei er, og aksepterer at alderdom medfører utvikling.

Med Final Fantasy XIII har Square Enix gjort det som kanskje er den største endringa så langt. Først fjerna dei verdskartet med Final Fantasy X. No har dei fjerna byane.

Klarer ikke laste video

Tidstjuveri

Strengt tatt tok det eigentleg veldig lang tid før eg verkeleg merka at byane var borte. Dei første timane med Final Fantasy XIII er så intense at tid blir irrelevant. Der eg elles merkar at det kanskje går eit kvarter mellom kvar gong eg kikar på klokka i eit heilt ordinært spel, slo det meg at det lett tok minst ein time mellom kvar gong eg kika på den medan eg spelte Final Fantasy XIII. Produksjonsverdiane i dette spelet er skyhøge, og det merkast på absolutt alle plan. At du blir kasta som ein sprettball mellom filmsekvensar og hektiske kampar får regelrett tida til å fly.

Dette bygger opp eit tempo som bringer med seg visse konsekvensar. Å spele eit Final Fantasy-spel har for min del alltid vore ei blanding av kos og dramatikk. Her er det derimot dramatikk heile tida, og det gjor meg tidvis så sliten til at eg måtte ta ei pause for å skylje dei sviande og raude auga mine med iskaldt vatn.

Kom og få ein klem.

Eg saknar byane. Eg saknar å få litt ro. Å kunne kvile, å kunne slappe av. Dette er ei kjensle som brått slo meg hardt. Eg såg utover noko så vakkert at eg hadde vanskeleg for å tru det ikkje var ekte. Sørgjande fiolinar borra seg inn gjennom øyregangane mine, og med eitt blei eg veldig trist. Eg innsåg alt det eg hadde gått glipp av gjennom dei ti, femten, kanskje tjue timane eg hadde spelt så langt. Eg innsåg at eg ikkje hadde fått med meg noko som helst. Dette spelet er så hinsides vakkert at det nesten er ei skam at du blir hasta gjennom kvart område i eit så høgt tempo at du knapt rekk få med deg kva du ser. Dette er kanskje det vakraste spelet eg nokon gong har lagt mine auge på, men eg hugsar for lite av det.

Akkurat det gjer meg trist, og det får meg til å sakne byar. Det får meg til å sakne eit verdskart der eg berre kan stogge opp i nokre minutt, trekke pusten, og sakte tusle vidare. Final Fantasy XIII stressar meg. Det dyttar meg heile tida vidare, og eg greier ikkje slappe av. Eg kan ikkje hjelpe for å blir vanvittig engasjert av det at eg blir sitjande mykje lengre enn eg har godt av.

Stram regi

Final Fantasy XIII er eit fullstendig lineært spel. Du startar på eit punkt og følgjer ei fastlagt rute for å kome til det neste. Det har ingen avstikkarar, ingen skjulte ting utover ein og anna fiende du kan støte på, og det har nesten ingenting å by på utover historia, og eg elskar det.

Om armen din lyser er det dårleg nytt.

Eg hatar å vere fri, eg hatar å kunne gå dit eg vil, og eg kan ikkje fordra å stå midt i ei enorm verd utan eit tydeleg kart som fortel meg nøyaktig kvar eg skal gå for å kome vidare i historia. Final Fantasy XIII er dermed det perfekte spelet for meg. Det er eit spel som lar meg gjere akkurat det eg er her for heile tida, utan å dytta anna og uinteressant skit på meg rundt kvart hjørne. Eg skal ikkje diskutere kvaliteten på hverken Oblivion, Dragon Age, eller Mass Effect, men eg har fullført Final Fantasy XIII fordi eg har kosa meg heile vegen gjennom. Det er meir enn eg kan seie om nokon av dei spela.

Square Enix set historia som det store midtpunktet, og du får ikkje noko som kan minne om frie tøyler før godt over tjue timar ut i spelet. Når den tid kjem får du springe rundt i eit enormt område der du får i oppdrag å jakte ned forskjellige monster.

Ein, to, hjarteinfarkt

Eg kan skrive side opp og side ned om korleis dette spelet er skrudd saman, men det er ikkje til å kome utanom det faktum at kampane er eit av dei absolutt viktigaste elementa. Kampsystemet i Final Fantasy XIII er heilt fantastisk. Det er eigentleg ikkje nokon annan måte å seie det på. På sett og vis går det tilbake til dei turbaserte kampsystema frå tidlegare spel, men det er likevel mykje meir enn som så.

Eit av mange vakre område.

For alle som har spelt eldre Final Fantasy-spel vil ATB, eller «Active Time Battle», vere eit velkjent begrep. Dette er tilbake i Final Fantasy XIII. Tida går kontinuerleg, og i motsetning til andre turbaserte spel, vil du døy om du ikkje gjer noko som helst. ATB er berre ein måte å måle kor lang tid det tek mellom kvar gong du får gjere noko. Dette tempoet kan dessutan endrast på fleire vis. Om det så er gjennom magi eller gjenstandar som på ein eller annan måte aukar din effektivitet i kamp.

Den største forskjellen frå tidlegare spel i serien er at du no berre får lov til å ha kontroll over ein person om gongen, og du får ikkje ein gong lov til å velje sjølv kven dette skal vere før langt ut i spelet. Grunnen til at du ikkje får velje sjølv kven du vil styre er derimot enkel å forstå. Ved å tvinge deg til å bruke alle dei forskjellige heltane i spelet i tur og orden, lærer du deg alle dei forskjellige karakterklassane å kjenne. Dette er heilt essensielt for å forstå korleis ein verkeleg skal ordne opp med utfordrande situasjonar.

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden