Anmeldelse

From Dust

Kan du vinne mot dei mektige naturkreftene?

Dette er definitivt noko langt utanfor allfarveg. Det finnest mange gudesimulatorar der ute, men stort sett handlar dei om å byggje opp ein sivilisasjon, drive diplomati med andre sivilisasjonar eller i staden drive krig mot andre sivilisasjonar før du står tilbake som den største og sterkaste av dei alle.

Slik er det ikkje i From Dust. Det som finnest av sivilisasjonar i dette spelet er små og sårbare stammar av folk som spring rundt med rare masker, slår på trommer, og ber framfor svære totempålar. Di oppgåve er å omrokkere på jordskorpa. byggje demningar, leie ein vulkan vekk frå den kjære landsbyen – og sist men ikkje minst – kome deg fram til ein portal slik at du kan gjere det heile på ny.

I verd klar for endring.

La det bli sand

I From Dust har du to primærfunksjonar. Med den venstre avtrekkjaren på kontrollaren løftar du opp sand, vatn eller lava, og med den høgre avtrekkjaren slepp du det frå deg. Det er dette du vil bruke det meste av tida di på. Du løftar og tømmer konstant gjennom heile spelet, og sakte, men sikkert når du måla dine.

Kvart nivå presenterer eit scenario. Målet er alltid å kome fram til portalen som leier vidare, men det finnest inga bestemt rute for å kome dit. Du startar i eit område – ofte ei eller fleire øyer midt på havet – og må slå deg ned ein stad. Akkurat her har du ingen val. Du finn fleire forskjellige totempålar på kvart nivå, og du kan berre slå deg ned ved ein av dei. Kvar totempåle gjev deg samtidig ei spesiell kraft, og utan desse kreftene blir det vanskeleg å kome vidare.

Døme på desse kreftene kan vere at du over ein kort periode kan løfte mykje meir masse. Dette kjem godt med stort sett heile tida, men spesielt om ein vulkan skulle finne ut at den skal bryte ut. Då kan du anten prøve å fjerne lava, eller byggje opp ein vegg. Lava bringer samtidig med seg den konsekvensen at busker og tre slår fyr, og ein stor neve med vatn kan såleis bli livbergande.

Vi får og mange andre krefter å kose oss med. Ei av dei let oss «gelefisere» vatn, noko som lettare inspirert av Moses let oss dele opp vatnet slik at vi kan lage vegar eller forsvarsverk over ein kortare periode. Du må imidlertid ikkje bruke alle kreftene aktivt. Her og der finn du steinar som gjev stammen din kunnskap som ved store naturkatastrofar blir heilt essensielle. Om lava skulle renne som ein foss, eller ein tsunami skulle velte over jordskorpa kan stammane halde den unna ved hjelp av dei kunnskapane dei har funne. Å sjå ei massiv bølgje velte over fjell og dalar, men samtidig måtte bøye av for landsbyen kan bli eit mektig syn.

Nokr gongar blir ein lamslått av kor vakkert det er.

Kampen mot naturkreftene

From Dust er heilt unikt, og ein grunn til det er at vi ikkje finn ein bevisst fiende nokon stad i spelet. Du kjempar verken mot eller med nokon, og alt handlar om å overleve. Naturen kan vere din beste ven og din beste fiende, noko du får erfare meir enn ein gong. Naturen lev sitt eige liv, og den er ekstremt lunefull.

Alt i From Dust er basert på fysikk. Korleis sanden fell og legg seg kjem an på kvar du legg den. Korleis vatnet renn er avhengig av kor bratt det er, og kva den møter når landskapet flatar ut. Vulkanar både byggjer opp og riv ned solid steinmasse, og eit lite grep frå di side kan få massive konsekvensar.

Det er lett å bli litt lamslått når ein ser kva som utspelar seg på skjermen. Det er noko av det meste realistiske eg nokon gong har sett. Når elvane dreg sanden med seg, flyttar den utover og dannar sandbankar er det eit syn som må sjåast før du trur det. Det er lett å nesten gløyme kva du driv med. Eg har mange gongar blitt fullstendig opphengt i å prøve å gjere noko berre for å sjå om det går an. Eg har forma ein vulkan, brukt eksplosive planter for å sende den nedover eit nytt spor, men eg har òg sett kor fatalt det kan bli når du gløymer tida og brått ser mørk lava velte over heile stammen din.

Ei levande verd

Det er fascinerande å sjå korleis dei forskjellige naturkreftene spelar saman om å skape eit spel som heile tida overraskar og utfordrar deg. Du byrjar kanskje på ei lita øy. Du hentar sand får ein skrent lenger borte, og byggjer ein veg slik at stammen din kan kome seg til neste totempåle. Så snart den er tatt byrjar det å gro. Planter brer om seg, og etter kvart som du sender stammen til nye pålar tek den frodige naturen over for tørr sand. Sakte, men sikkert kjem nokre larveliknande dyr og slår seg ned. Livet er nesten perfekt.

Ei hjelpande hand for å få stammen fram.

Men brått høyrer du eit skrall, og panikkslagen ser du lavaen renne nedover fjellsida. Buskene tek fyr, og å seie eld spreiar seg som eld i tørt gras blir smør på flesk i denne situasjonen. Du kan hente vatn, eller sjå deg om etter nokre kaktusar som kanskje har nok vatn til å bremse floda ei stakka stund, men sjansen er stor for at håpet er ute. I eit siste tappert forsøk kombinerer du to eigenskapar slik at du kan strø store mengder sand over lengre tid. Landsbyen reiser seg oppover, den hevar seg over den livsfarlege raude massen, og for ei stakka stund er du trygg.

Eg veit ikkje om eg kan kalle den konstante kampen for å overleve moro, men det er utruleg vanskeleg å leggje spelet frå seg. Det er ofte ekstremt frustrerande, spesielt når ein står ovanfor eit ledd i naturen som skapar enorme problem, men det nyttar ikkje å gi opp. Spelet gjev deg alle verkemiddel for å kome deg heilskinna til neste portal, det kjem berre an på om du veit å bruke dei skikkeleg. Du kan prøve og feile gong på gong før du endeleg får mana fram nok kreativitet til å skape ei løysing.

Det finnest derimot inga konkret løysing, From Dust er ein kreativ prosess der du må bruke kløkt og intuisjon i like store mengder. Den vulkanen som spyr ut lava gjer ikkje det same to gongar, og difor vil ikkje to forsøk på det same nivået skape like resultat, sjølv om den underliggjande geografien skulle vere den same.

Kreativ odysse

From Dust er eit spel som handlar om å vere kreativ. Det er ikkje alltid moro, det er ikkje alltid underhaldande, men det er heller ikkje keisamt eller irriterande. Du kan merke solide mengder frustrasjon, men dette er ein heilt naturleg del av ein kvar kreativ prosess. Nokre gongar går alt på skiner og du skapar som om du blir styrt av den gudefiguren du har rolla som i spelet, men andre gongar går alt skeis, og du terpar og terpar til du riv ut håret.

Ei katastrofe melder seg.

Du blir likevel fengsla, det er prosessen som er det viktige, ikkje resultatet. Det er vegen til den neste portalen som held deg låst framfor skjermen, og det er kjensla du får når du endeleg har kome deg forbi den knausen som har gjort livet surt den siste timen.

Det er ei god kjensle, og det er ikkje mange spel som kan by på den. Skal du erfare noko liknande må du nesten streve med eitt eller anna kreativt prosjekt i det verkelege liv over ei tid. Om det så skulle vere å måle eit bilete, skrive ein song, eller byggje eit hus. Å «vinne» gjer absolutt godt, men det er ikkje difor du spelar.

Diverre hender det likevel at den kreative prosessen sviktar, og dette er utelukkande grunna dei små stammefolka som byggjer landsbyar rundt totemåplane. Dei er ikkje alltid like flinke til å finne vegen fram, og kan lett setje seg fast på små skrentar. No og då må du kaste bort verdfull tid på ekstremt pirkete arbeid der du byggjer ein veg for dei. Alternativt har dei ikkje stort nok område til å byggje landsby, og du må bruke mykje tid på å justere arealet rundt totempålen.

Konklusjon

From Dust er eit kreativt og modig spel som tør å bryte med alt vi er vande med. Klart vi har sett spel der du tek rolla som ein Gud før, men ikkje på denne måten. Eg kan garantere deg at du aldri har spelt eit spel der naturen blir så til dei grader styrt av ein fysikk som imponerande nok oppfører seg slik du forventar at den skal gjere i det verkelege liv.

Di kjelde for nye krefter.

Dette er eit spel som handlar om å overleve. Det handlar om å både kjempe mot og med naturkreftene slik at du kan kome deg vidare til neste nivå. Det handlar om ein nådelaus harmoni med dei forskjellige elementa, og der du det eine minuttet blir redda av havet, blir du det neste vaska bort av det.

From Dust sitt unike konsept er kanskje ikkje for alle, men det er eit spel som verkeleg slår fast at det framleis er fullt mogleg å kome på nye konsept og idear som kan vere minst like verdfulle å bruke tida på som ditt siste storspel.

From Dust er i sal via Xbox Live Arcade. En PC-utgåve ventes 17. august, mens PlayStation 3 får spelet senere i år.

Siste fra forsiden