Anmeldelse

Front Mission Evolved

Det kunne blitt så bra

Massive stridsmaskiner krigar så blikkplatene flyg i eit voldsomt antiklimaks.

Du veit det er noko fundamentalt gale med eit spel når det som imponerte deg mest var ansikta på dei forskjellige personane i spelet. Til gjengjeld er ansiktsanimasjonen i Front Mission Evolved svært bra. Den er faktisk så bra at den fullstendig bryt med resten av spelet. Den er så god at når vår helt Dylan Ramsey snakkar gløymer du fullstendig at resten av spelet er rimeleg grelt, og at historia er så gjennomført katastrofal at du får lyst til å grine. Du gløymer det, for når du ser Ramsey snakke skjønar du kven han er. Han er kanskje dum, teit og like naiv som ein rollespelfigur frå tidleg 90-tal, men du forstår han. Du kan lese han, og difor likar du han likevel.

Det blir passe intenst til tider.

Kontrastparadiset

Det er ikkje kvardagskost å kunne sjå dei minste nyansar i eit ansikt. Eg har sett mange forferdeleg lekre spel som har absolutt alt bortsett frå animasjonen. Den nydelege grafikken i Heavy Rain er truverdig på dei fleste punkt, men ansikta til personane blir likevel litt stive her og der. Det er ikkje så ofte du ser ein digital person bite seg litt i leppa, krummar augebryna litt og skiftar blikket ustødig før han snakkar. Det er faktisk høgst uvanleg, men det er dette nivået Double Helix har lagt seg på med Front Mission Evolved. Det er eit nivå som heilt innleiingsvis kan lure deg til å tru at dette vil bli ei minneverdig spel, men den gang ei.

Det tek ikkje lang tid før det blir veldig tydeleg at den flotte animasjonen har gått ut over alt anna. Tekstureringa av absolutt alt høyrer heime for minst fem år sidan, og den generelle detaljrikdomen er stort sett på eit minimum. Spelet bognar over med klam og uinspirert design i eit keisamt og grått univers. Knapt ein einaste person er spesielt interessant, og med unntak av den gode animasjonen ser dei stort sett rimeleg teite ut. Vi møter eit hav av eindimensjonale figurar som manglar ein truverdig motivasjon. Dei blir berre kasta inn i miksen som i eit dårleg forsøk på å kopiere kva som gjorde personane i dei tidlegare Front Mission-spela interessante.

Vi møter den kjekke drittsekken som har så stor tru på seg sjølv at han berre ler av alt. Vi møter bimbo-dama som tydelegvis lev i si eiga verd medan ho dyttar den massive kløfta si inn i kameraet. Vi møter ei psykopatisk dame som har fått det føre seg at all krig er som symfonisk musikk, og vi har ei dame som ber til valkyrjene før ho går til kamp. Gjort riktig kan alle desse karaktertypane fungere ekstremt bra på ein overdådig måte, men her er det halvgjort på sitt beste. Du kjem aldri nær nok til å verkeleg forstå noko som helst, og historia er som eit tåpeleg lappeteppe av klisjear sydd saman av ein apatisk person som berre vil bli ferdig med jobben.

Framtidskrigen

Vi er sjølvsagt i framtida, og det er stort sett slutt på dei ordinære fotsoldatane. Som vanleg i eit Front Mission-spel er det dei massive Wanzer-maskinene som står for krigføringa. Ein Wanzer er ein svær robot med ein pilot av kjøt og blod, og om du saknar Mech Warrior-serien er dette det næraste du vil kome på ei stund.

David møter Goliat.

Wanzer-maskinene er strengt tatt det einaste som verkeleg fungerer ved sidan av den flotte ansiktsanimasjonen (måtte berre nemne det ein gong til om du ikkje hadde fått det med deg). Dei er store og massive og delar ut enorme mengder eksplosive objekt i alle retningar. Strengt tatt har du berre éin Wanzer, men mellom oppdraga kan du finjustere den ned til minste detalj. Du vel kva overkropp den skal ha, du vel høgre og venstre arm, før du til slutt vel kva bein den skal ha. Kva du vel av desse delane avgjer fleire ting. Det varierer kor mykje skade kvar bit kan ta, samtidig som mobiliteten og den totale kraftmengda varierer frå modell til modell. Ein tommelfingerregel er at om du vil ha meir kraft, vil kroppsdelen bli tyngre, og er den tyngre blir du tregare.

Sjølv om høg fart er ein veldig kjekk ting må du ha ei solid samling med feite våpen òg, og det er her krafta kjem inn i biletet. Skal du vere rask og mobil blir det vanskeleg å få på plass dei sterkare våpna som drep fienden raskare. Det er ein god balansegang mellom dei to, og det herskar ingen tvil om at noko av det beste med spelet er å skru saman maskina etter eige behov. Du kan skifte ut alle delar, og om du vil kan du til og med måle den i dine eigne fargar.

Det mest interessante med skreddarsyinga er utvilsamt dei forskjellige våpna. Du kan ha fire til ei kvar tid, der to er i armane på beistet, medan to står på kva si skulder. Dette gjev deg optimalt fire våpen samtidig, og det er absolutt noko du kan kose deg stort med. Vi finn alt frå dei kraftigaste maskingeværa gjennom historia, til fabelaktige varmesøkjande rakettar. Du kan verkeleg skreddarsy di eiga maskin i dette spelet, og det vinn utviklarane hos Double Helix ein del godvilje på.

Kaos i byen

Med så mange våpen til ei kvar tid er det klart at du treng noko å bruke dei på, og her byr Front Mission Evolved på ein grei variasjon. Vi møter mange forskjellige Wanzer-maskiner i forskjellige storleikar, og då kjem artilleriet til god nytte. Det blir raskt tydeleg at kampmekanikkane i spelet for det meste er svært gode. Du fyrer laus som ein helt, men samtidig kan du rulle bortover bakken ved å trykkje inn analogstikka. I tillegg kan du gjere ein unnamanøver om du skulle sjå ein rakett suse mot deg, og dette kjem godt med meir enn ein gong.

Du kan skru Wanzeren akkurat slik du vil.

Resultatet av dette er at spelet oppnår eit veldig høgt tempo. Du susar fram og tilbake over større område, og fyrer laus rakettar og kuler alt du er god for. Rundt omkring finn du òg generøst plasserte helsepakkar og ammopakkar som fyller deg opp der det trengs, noko som sørgjer for at du som oftast ikkje treng bry deg så alt for mykje med di eiga helse. Det heile er svært moro ei stund, og tida går fort, men det tek likevel ikkje lang tid før det heilar mistar svært mykje av gnisten.

Nivådesigent er mildt sagt uinspirert og det er lett å få ei kjensle av at utviklarane berre har tatt eit flatt område og putta ned nokre skyskraparar for å få det til å sjå ut som ein by. Det er alt. Variasjonen er minimal og kjensla av å berre gjere det same om igjen heile tida gjer seg raskt gjeldande. Kvart einaste møte med fienden er likt det førre, og det er ikkje før du møter ein sjefsfiende at utfordringa endrar seg litt.

Ikkje misforstå, det er svært lite kreativitet å spore når du omsider får ta opp kampen mot ein super-Wanzer, men det er likevel ganske moro sidan du møter ei større utfordringa og gjerne må tenkje i det minste litt taktisk. Dei er raske, dei er sterke, og dei er eit ypparleg offer for det tidsmanipulerande E.D.G.E.-systemet. Dette er ein funksjon som sakkar tida ned mange hakk, og den gjer eigentleg ingenting du ikkje har sett før. Kor lenge den varer avhenger av kor mange fiendar du har opna eld mot, og den er grei å ha mot raske sjefar, eller om du møter overveldande mengder med fiendar samtidig.

Eit ekstra element for å spytte litt variasjon inn i spelet er nokre heilt unødvendige nivå der du må springe inn i bygningar til fots. Her er det maskingeværa som gjeld, og det heile er som ein ganske uinspirert versjon av Gears of War. Skytekjensla er dårleg og siktet flyttar seg i rykk og napp når du prøvar å treffe fiendar som er eit stykke unna. Eg kan ikkje kalle sekvensane direkte dårlege, for skytinga fungerer stort sett heilt OK, men det er veldig lite interessant. Om utviklarane ikkje er i stand til å gjere det over middels engasjerande kunne dei like godt ha gjort ein større innsats for å gjere resten av spelet meir interessant over lengre tid.

Litt nærkamp må til, men stort sett går det i kuler.

Konklusjon

Eg har vanskeleg for å kalle Front Mission Evolved eit dårleg spel, for det er ikkje det. Det er ikkje eit spel du må lide deg gjennom, det er ikkje eit spel som gjer deg forbanna eller frustrert, men samtidig er det liksom ingenting. Du vil nok kose deg med å skru saman din eigen Wanzer, og du vil sikkert smile litt over den gode handteringa av maskineriet.

Diverre er det ingenting verdt å bruke det på. Du møter ingen minneverdige utfordringar og alt du gjer er å ture gjennom det eine sterile området etter det andre. Det blir litt som å spele på autopilot, og i så måte er det eit heilt greitt søndagsspel sidan du ikkje er motivert til å gjere noko anna likevel. Det er likevel lett å sjå eit massivt potensiale i Front Mission Evolved. Kontrollmekanikkane er festelege, og sjølve konseptet likar eg. I meir kapable hender kunne dette lett blitt eit herleg actionspel, men diverre er det ikkje meir enn tannlaus tidtrøyte.

Merk: Front Mission Evolved har ein fleirspelarmodus vi diverre ikkje fekk teste i vårt eksemplar. Spelet er i sal for Xbox 360 (testet), PlayStation 3 og PC.

Siste fra forsiden