Anmeldelse

Fuel

Den einsame råkøyrar

Langtidsvarselet byr på sol, regn og fare for tornado. Fres gummi!

Gjer meg ei teneste. Finn deg det settet med hjul som passar deg best, og legg i veg mot Mount Rainer. La dette vere det første du gjer når du endeleg tek skrittet ut i Fuel si post-apokalyptiske verd. Det er ein tur som vil ta tid, kanskje ein heil time, kanskje meir. Men det er ein tur du vil hugse. Av to spesielle grunnar. Den første er korleis du køyrer frå frodig nord-amerikansk skogslandskap, til tørr ørken, og vidare gjennom dramatiske fjellandskap, før du til slutt køyrer gjennom det snøkledde Mount Rainer. Ein tur som demonstrerer den fantastiske variasjonen eit landskap kan ha.

Den andre grunnen er av ein litt anna natur, sjølv om den i alle høgste grad har med natur å gjere. Denne køyreturen, vil få deg til å sjå lyset. Den vil få deg til å innsjå det enorme utappa potensialet som ligg i spelmediumet. Fuel byr på ei verd på heile 14000 kvadratkilometer. Du kan sjå fire mil. Det er enormt. Så enormt faktisk, at det allereie har fått seg ein plass i Guinness rekordbok, som verdas største spel.

Saumlaus majestet

Det makelause med denne verda, er ikkje berre at den er stor. Det er at frå du set deg bak rattet, vil du aldri sjå ein einaste lasteskjerm. Ikkje ein einaste ein. Du kan køyre på kryss av tvers av heile det gigantiske kartet, ein tur som utan tvil vil kunne ta deg dagar i faktisk speletid, utan å nokon gong sjå ein lasteskjerm.

Det betyr likevel ikkje at spelet ikkje har lasteskjermar. Det betyr berre at du ikkje ser dei når du er på veg inn i eit nytt område. Om du derimot vel å starte eit løp ein stad, eller gå til ein leir der du kan velje forskjellige utfordringar, samt kjøpe nye kjerrer, vil du få sjå ein lasteskjerm, sjølv om den ikkje er så veldig lang.

Men tilbake til denne køyreturen mot Mount Rainer. Den illustrerer eigentleg alt som gjer Fuel til eit viktig spel. Først har du korleis ein køyretur kan kaste deg inn i ei hypnotiserande stemning. Du når eit punkt der du sluttar å spele eit spel, og køyrer ein bil gjennom storslagen natur i staden. Du køyrer gjennom steikande sol, under tunge skyer, og trassar kraftige stormar. Du er på oppdagingsferd gjennom vill natur, og sjølv om dei store endringane i veret ikkje har noko direkte innverknad på spelet, set dei deg i ei mektig stemning.

Du forsvinn inn i ei anna verd meda du utforskar nye område, og du har deg ein triveleg køyretur gjennom flott natur, medan du høyrer på alt frå behageleg chill-out-musikk, til rusten rock. Du kosar deg, sjølv om alt du gjer er å berre køyre framover. Du hamnar inn på ein veg, og tenkjer kanskje for deg sjølv at «hei, denne vegen hadde vore perfekt for eit race», berre for å sekundar etterpå kome i hug at du faktisk kan lage eit race der.

Fuel byr på eit veldig enkelt redigeringsverkty som let deg setje ut startpunkt, sjekkpunkt og mål akkurat der du vil. Om du vil lage deg eit race som får bilar til å svi gummi over svart asfalt på ei lang sterkning mellom to mektige fjell, kan du gjere akkurat det.

Kanskje vil du heller køyre offroad. Du hatar lange, rette vegar, og du vil heller køyre livsfarlege løp på motorsykkel gjennom gjørme, og ned bratte fjellskrentar. Vel, det er berre å finne seg eit område, og lage eit slikt race. Redigeringsverktyet er veldig enkelt, og du kan lett setje saman nye løp. Likevel kunne du gjerne fått fleire val. Alt du kan gjere er å plassere sjekkpunkt. Du kan ikkje velje kor lang tid løpet skal gå på, eller til dømes kor mange rundar du skal ha, med mindre du plasserer fleire sjekkpunkt oppå kvarandre i ein ring. Den største nedturen er likevel at du ikkje kan køyre løpa med motstandarar, med mindre du går på nett og finn nokon du kan utfordre.

Slik sett kan heile redigeringsverktyet framstå som noko meiningslaust, men det gir deg likevel ein god sjanse til å leike deg med terrenget, og finne gode utfordringar. Landskapet i spelet er så variert som vill natur kan bli, at det knapt nok finnest ein einaste stad i spelet som ikkje kan brukast til ei eller anna bane. I vår anmelderkopi har vi ikkje fått sjekke korleis spelet er på nettet, men alt tyder på at det er akkurat der det vil vise seg om redigeringsverktyet har noko føre seg i lengda.

Den store overflod

Fuel er eit racingspel som har alt. Det er ikkje best i alt, men det har definitivt alt, utan eit triksesystem vel og merke. Bortsett frå det, er det ingenting du ikkje kan gjere i dette spelet. Frå forskjellige leirar kan du ta del i ein liten kampanje, der du får sjå kor mange forskjellige typar løp dette spelet har å by på. Om det så er råkøyring over tre eller fire runder, eller å presse nokre bilar ut av vegen. Eventuelt skal du berre kome deg frå A til B før tida går ut, utan at det spelar noko rolle korleis du kjem deg dit.

Dei fleste løpa er veldig bra, og utnyttar landskapet godt. Dei kjem i alle format, om det så er å fly over asfaltert veg, braute deg veg gjennom krattskog, eller konkurrere mot andre i løp som raskt minnar om MotorStorm og Pure. Ofte vil du finne hinder i vegen, som kan vere alt frå steinblokker til gamle bilvrak. Desse hindra er både positive og negative, sidan dei gjer nokre løp til reine hinderløp. I slike døme er det eit herleg adrenalinrush som susar gjennom deg når du smett kjapt mellom ein lastebil og ei stasjonsvogn, men det er ikkje alltid like vellukka. Her og der har utviklarane blitt for overivrige, og har plassert hinder på plassar som fullstendig øydelegg løpet. Heldigvis er sistnemnde ein del av mindretalet.

Uavhengig av kva form for køyring du likar, vil du få ein premie i form av drivstoff om du skulle vinne. Drivstoff er valutaen i dette spelet, og du brukar den til å kjøpe nye kjerrer. Gjennom karrieremodusen vil du få bryne deg på det same løpet i tre forskjellige vanskegrader. Kvar vanskegrad vil gi deg ei solid dose drivstoff, men du er nøydt til å kome først for å få premie. Det er likevel i dei forskjellige utfordringane som kjem utanom kampanjen at dei verkeleg store dosene ligg, sidan mange av utfordringane aleine gir deg nok drivstoff til å kjøpe ein ny bil.

Dei forskjellige køyretya varierer i alt from motorcross-syklar til muskelkjerrer, monster truckar og boogiar. Om du vil kan du velje kva dekor og fargesamansetjing du vil ha på dei. Når du køyrer rundt i verda vil du i tillegg finne nye mønster å putte på kjerrene dine. Akkurat dette burde det ha vore lagt litt meir arbeid i om det skulle vere verdt å jakte etter, sidan store delar av designen er direkte fjollete. Noko som ikkje heilt kler denne post-apokalyptiske verda der raserte hus og oljespann, samt oljetankarar midt i ein ørken er blant kjenneteikna.

Splitta kontroll

Fuels kontrollsystem fell mellom to stolar. Køyrekjensla er absolutt god, men den blir ikkje like presis eller realistisk som i andre spel som gjerne er spesialisert på eitt bestemt område. Når Fuel til motsetning vil gjere alt på ein gong, må det nesten gå ut over noko, og kontrollen er tidvis ein av dei delane. Fuel er absolutt ikkje problematisk å ha mellom henda, men det blir aldri like presist som eit realistisk spel, eller like lett å handtere som til dømes det mindre realistiske Pure.

Dette er uansett ikkje noko stort problem, og du blir kjapt vand med korleis ting fungerar. Dette spelet handlar om å bli kasta inn i den største sandkassa du nokon gong har sett, for så å stå fri til å gjere akkurat det du vil.

Det er likevel ein viss progresjon i spelet. Sjølv om du kan køyre kvar du vil heilt frå starten, må du låse opp leirane i dei forskjellige områda før du får delta i løp eller utfordringar. Du låser opp nye leirane ved å samle inn stjerner, så dette konseptet gjort ganske enkelt. Du får ei stjerne for kvart løp du vinn, så det tek ikkje lang tid før du har mange nye utfordringar tilgjengeleg. I det heile er det svært mykje som motiverer deg til å ta del i eit løp. Ikkje berre får du drivstoff, men utvalet av bilar du kan kjøpe aukar gradvis, i tillegg til at nye område let deg bruke helikopter til å hoppe kjapt frå den eine staden til den andre.

Eit problem som dukkar opp med ein del bilar, er mangelen på forskjellige kameravinklar. Du har berre tre å velje mellom, og om du er ein av dei som likar å sjå køyretyet medan du fresar framover, vil nokre av desse blir problematiske. Nokre av bilane blir enkelt og greitt så store på skjermen at dei hindrar deg i å sjå terrenget godt nok. I eit spel der lyng og busker kan skjule steinar og trestammar, kan dette bli katastrofalt om du er midt i eit maratonløp og treng alle sekunda på klokka. Du kan sjølvsagt sjå alt frå førsteperson om du vil, og dette fjernar problemet, men det hadde vore hyggeleg om vi fekk litt fleire val.

Konklusjon

Fuel er eit spel som på sett og vis er delt i to. På den eine sida er det eit tradisjonelt racingspel der du deltek i det eine løpet etter det andre. På den andre sida finn vi det vanvittige omfanget. Spelet er rett og slett enormt, og du får kjensla av at du faktisk er ute og køyrer i fri natur, i staden for i eit fastlåst område. Du finn ingen usynlege veggar, ingen hinder utanom naturlege fjellveggar og stup, og grunnregelen er enkel: Kan du sjå det, kan du nå det.

Du kan regelrett bruke månader på å utforske heile spelet. Det er fullt av løp og utfordringar, og om du skulle køyre deg lei av alt utviklarane har snikra saman, står du fri til å mekke dine eigne løp. Om dei går gjennom ein lang dal, ned ein fjellvegg, eller gjennom gjørmete skogar er heilt opp til deg. Fuel er enkelt og greitt ei sandkasse på 14000 kvadratkilometer, og det er opp til deg kva du vil gjere i den. Om du vil køyre fritt gjennom naturen, eller berre delta i løp, er det heilt opp til deg.

Fuel kjem i salg fredag 5. juni, for PlayStation 3 (testet) og Xbox 360. Ein PC-utgåve følgjer 25. juni. Spelet inneheld ein online-del vi diverre ikkje kunne teste med vårt anmeldereksemplar.

Diskutér artikkelen i forumet

Siste fra forsiden