Anmeldelse

Guardian Heroes

Ein god gammal slager slår fast at dei eldste er eldst.

Sega Saturn var ei smertefull erfaring for min del. Det var maskina som glapp. Den som aldri var nær nok til fysisk kontakt. Lange blikk på bilete i diverse magasin sentrert rundt alt som skjedde i den virtuelle verda var så nær eg kom. I ein liten by utan spesialforretningar for spel er det ikkje så mykje ein får gjort med det. Når ikkje ein gong dei som jobbar i butikken veit kva Sega Saturn er, då kjem du ikkje så langt i tida før eit aktivt internett med Ebay og andre slike godsaker.

Å lese om Guardian Heroes i skinande britiske spelblad var rein tortur. Ikkje berre hadde eg desse herlege bileta å sikle over, men i det karakterane dukkar opp og Guardian Heroes praktisk talt fekk trampeklapp og ståande applaus var det som om noko døydde innvendig.

Vi skal prise oss lukkelege over kor lett det faktisk er å få tak i ting i dag, for det gjekk fleire år før eg endeleg fekk ta del i moroa sjølv.

Her skjer det stort sett ganske mykje på ein gong.

Ein ny start

Det var med ein entusiasme eg ikkje har kjent krible gjennom kroppen sidan eg endeleg kunne vise legg i det herrens år 2000 at eg tidlegare i vår las nyhenda om at Guardian Heroes var på veg til Xbox Live Arcade i ein ny og oppussa versjon. Eg har tenkt tanken på at det burde skje mange gongar, men håpet har verka noko skralt. Litt mindre entusiasme var det å spore då eg såg dei første skjermbileta. Bilete som såg sånn passe billege ute. Der originalen bydde på noko av den beste 2D-kunsten 16-bit-maskinene var i stand til å vise, gav desse bileta eit inntrykk av å vere både utvaska og kjipe.

Vel, eg har to gode nyhende. For det første er du ikkje nøydd til å spele med det nye grafiske filteret som får alt til å sjå litt glattare ut. For det andre så ser det strengt tatt mykje betre ut i aksjon enn på stilleståande bilete. Faktisk ser det mykje betre ut når du spelar enn når du ser video, og det tek ikkje lange tida før ein eigentleg byrjar å like stilen.

Det er derimot langt meir som har skjedd med Guardian Heroes i sin nye XBLA-versjon. Spelet byr i all hovudsak på to grunnmodusar som påverkar alle påfølgjande modusar du skulle velje å kose deg med. Spelet blir presentert i originalversjon og i ein remiksa versjon. Den originale er som namnet indikerer den gamle grafikken og her får vi sjå eitt gammalt sprite-basert spel som held seg ufatteleg bra 14 år etter første utgåve.

Remiks-modusen er staden der du får sjå det heile med det nye grafiske filteret, men dette er ikkje alt som er nytt. Treasure har gjort små endringar på kontrolloppsettet for å tilpasse det til nyare kontrollar med fleire knappar tilgjengeleg, samtidig som dei har lagt inn ekstra kontrollar for angrep, hopping, og magi. Dette kan kanskje framstå som blasfemi, men sidan du i den originale modusen får spele ting akkurat som før er det ingen grunn til å fortvile. Tvert imot, remiksen gjer spelet enda meir tilgjengeleg utan å nødvendigvis gjere det lettare. Treasure har oppdaterts og modernisert spelet for dagens publikum med nøyaktig den dose respekt for originalmaterialet som skal til for at du knapt merkar endringane før du går tilbake til originalversjonen.

Både magi og fysiske angrep står til din disposisjon.

Fabelaktig kampsystem

Guardian Heroes er eit ganske spesielt spel. Det slektar svært mykje på gamle «beat em up»-spel som Double Dragon, men det har eit mykje meir avansert kampsystem. I staden for å berre hamre laus på angrepsknappane har kampsystemet i Guardian Heroes mykje meir til felles med korleis slåssespel fungerer. Kvar av dei fem heltane du kan spele som kjem med eit solid, men samtidig nøkternt utval av forskjellige angrep, og det vil ikkje ta deg lange tid å meistre nokon av dei. Har du spelt Street Fighter og liknande vil du raskt kjenne deg igjen.

Som med forskjellige slåssespel kan angrepa i Guardian Heroes lenkjast saman. Det finnest knapt noko grense på kor langt du kan halde ein kombo så lenge det er fiendar på skjermen, og du kan gå frå det eine angrepet til det andre medan du daskar laus på alt som skulle krype og gå.

Dei fem heltane er alle ganske forskjellige, men ligg alle godt plassert ein stad mellom magi og rå makt. Alle heltane kan fyre laus diverse magiske angrep, men det varierer sjølvsagt kor kraftig magien er i forhold til den fysiske slagkrafta.

Kampsystemet er strengt tatt heilt suverent, og det held seg forbløffande bra så mange år etter sin debut. Du får gjere nøyaktig det du vil gjere, og det einaste som står mellom deg og siger er kor dyktig du er. Samtidig er ikkje spelet så krevjande at du er nøydt til å meistre dei hårfine mekanikkane til det fulle. Du kan klare deg ved å berre hamre laus litt og bruke komboar sporadisk utan å nødvendigvis lenkje dei saman.

Det er likevel mykje å hente på å meistre systema. Spelet byr på tre vanskegrader, og om du skal klare deg godt på den høgste gjeld det å halde tunga beint i munnen.

Dei fem heltane er alle svært forskjellige.

Velkomen repetisjon

Om du brukar meir enn ein time på å runde Guardian Heroes gjer du noko veldig feil. Dette er eit veldig kort spel, og om du er av typen som ikkje taklar å spele gjennom noko to gongar vil du ikkje få mykje utbytte av Guardian Heroes. Lengda er derimot ikkje poenget i dette spelet. Gjennom historia vil du med jamne mellomrom møte forskjellige val der du kan styre vegen vidare sjølv. Kvart val sender deg til eit forskjellige nivå, og samansetninga av val vil til slutt ende opp med ein av tolv sluttar.

Historia er kompetent og velskrive sjølv om den ikkje vil rocke verda di slik Monster Magnet gjorde med mi i Oslo Spektrum for ein del år tilbake, men den underheld. Samtidig er den interessant nok til at du gjerne får med deg den artige dialogen og dei forskjellige utfalla av vala du gjer.

Du blir eigentleg like lite ferdig med Guardian Heroes som du blir med eit slåssespel eller racingspel. Du spelar gjennom historie om igjen og om igjen for å bli betre, for å terpe på deg sjølv og fordi det strengt tatt er vanvittig moro uavhengig av kor mange gongar du allereie har prylt deg veg gjennom det same nivået.

Skulle du mot all fornuft få nok, er det derimot ikkje nødvendigvis over. Du kan til dømes hoppe inn i Arcade-modusen som plasserer deg heilt aleine mot alle fiendane i heile spelet, samtidig. Her handlar det berre om å halde ut så lenge som mogleg, og om det finnest ein einaste stad i heile spelet der du verkeleg får bruk for å kunne alt spelet har å by på, så er det her. Det er rein galskap, og det er difor eg elskar det.

Nytt i XBLA-versjonen er speling over Xbox Live. Du kan spele gjennom historia saman med andre, og her kan ein hoppe inn og ut som det passar. Alternativ kan du gå til store kampar i Versus-modusen. Opp mot 12 spelarar kan gå til krig mot kvarandre, og dette er noko som får Super Smash Bros til å sjå ut som flau barnehagesport. Du kan stille inn på absolutt alle parameter sjølv for å verkeleg skru saman di eiga oppleving, og du kan setje saman lag akkurat slik du vil. Fem mot ein? Klabert. Det einaste problemet er at det godt kunne ha vore fleire folk å spele med, så om du har ein robust venegjeng er det absolutt å anbefale.

Muskelbunten i gjengen.

Konklusjon

Om vi skal snakke om evige klassikarar kjem vi ikkje utanom Guardian Heroes. Sega Saturn blei aldri den heilt store maskina i Noreg – eller resten av verda for den saks skuld – og difor er det nok mange som aldri har høyrt om denne perla. Om det er rein og skjer speleglede du vil ha, der alt anna enn pur entusiasme og spelmekanisk ekstase blir kasta ut med resten av søpla, då har du kome til rett plass.

Guardian Heroes har eitt av dei beste kampsystema gjennom tidene. Det er enkelt å forstå og utfordrande, men ikkje umogleg å meistre. Kvar gong ein spelar gjennom den korte historia merkar ein tydeleg at kontrollane og angrepa sit betre i fingrane, og kvar gong blir det i tillegg enda meir moro.

Det er kanskje rart å tenkje på at ein gong i tida var dette eit av dei vakraste spela på marknaden, men det har likevel heldt seg svært godt. Det visuelle ytre betyr likevel svært lite for eit spel så gjennomført som dette. Klør du etter noko bra, men veit ikkje kva, er dette utan tvil spelet du er på jakt etter.

Guardian Heroes er i sal kun via Xbox Live Arcade.

Siste fra forsiden