Anmeldelse

Halo 3

Eit galaktisk drama

Er det eit område hvor Halo 3 fullstendig grusleggjer dei føregåande spela i trilogien, så er det i presentasjonen. Spela har alltid vore ganske unike visuelt sett, og musikken til Marty O’ Donnell har alltid vore eit av seriens mest minneverdige aspekt. Måten Bungie no har sett saman det visuelle, musikken, og den historia dei fortel, er noko som overgår dei tidlegare spela på alle punkt, uansett om vi bryr oss om betre grafikk eller ikkje.

Kent Williams vurdering

Halo 3 er på mange måter Halo akkurat slik vi kjenner det. Det å holde hodet kaldt og taktisk i ekstreme situasjoner gir fortsatt en følelse av mestring de fleste skytespill kan se langt etter. Velplasserte granater gir deg fremdeles små stikk av adrenalinglede, der du ser fiendene regne ned fra himmelen som vannflak etter et stort plask. Du føler deg tøff.

Det interessante er imidlertid hvorfor Halo 3 ikke helt når opp til hva det kunne ha vært. Der originalspillet tar jevnlige kunstpauser for å mane fram en følelse av utenomjordisk ærefrykt, er Halo 3 vegg-til-vegg-action tvers gjennom. Avsløringene og sceneskiftene er tallrike og dramatiske, men ingen av dem føles spesielt spennende. Kampene er mange, men også de føles mer trivielle denne gangen – fiendene utgjør ikke lenger noen fare hver for seg, og områdene er ofte for store til å gi deg reelle taktiske dilemmaer.

Jeg savner også en historie jeg klarer å svelge hel. Halo 3 har et deilig, pompøst musikalsk bakteppe å spinne sin sci-fi-saga på, og en del av dialogene er brukbare, men når nesten alle konfliktene dreier seg om hvem-som-skyter-hvem blir resultatet uinteressant. Lerretet er gledelig digert, men Bungie klarer ikke fylle det med stort mer enn flate rollefigurer og platte forsøk på dommedagsfilosofi.

Halo 3 er et godt skytespill på mange måter, og et lett spill å anbefale – men når spenningskurven er så flat som her, og de store spillopplevelsene så sjeldne, er det rett og slett umulig å elske.

Kent William Innholt7/10

Merk: Vurderingen gjelder kun kampanjen (i enspiller og samarbeidsmodus).

Filmsekvensane i Halo 3 er uansett det punktet der presentasjonen verkeleg skin. Det er tydeleg at folka hos Bungie har lært ein ting eller to sidan førre gong dei skrudde saman filmsekvensar. Dei er meir engasjerande enn før, og den grunnleggjande komposisjonen og dramaturgien har nådd eit heilt nytt nivå. Alt blir gjort innan spelets grafikkmotor, og sjølv om denne ikkje heilt klarar å vinne i eit grafisk basketak med fjorårets stortittel Gears of War, er den definitivt i stand til å levere varene.

Sjølv om Halo 3 ikkje når heilt opp til dei penaste spela på Xbox 360, er det absolutt mykje vakkert å sjå. I staden for å imponere med eit teknisk avansert spel, med eit utall polygonar og pikslar, er det den heilheitlege designen som får Halo 3 til å skine. Det går i sterke fargar, der blått og lilla ofte er blant hovudingrediensane. Bungie set ting saman på ein måte som gjer det heile svært truverdig og vakkert, samtidig som spelet heile tida held seg tru mot den stilen som blei etablert med det første Halo-spelet. Det er sjølvsagt mykje meir detaljert enn før. Jeg henta fram Halo og Halo 2 etter å ha spelt Halo 3, og fikk for alvor demonstrert kor mykje penare dette er. Det er også veldig positivt at spelet held seg på ei stødig og rask bildeoppdatering heile vegen gjennom.

Ville kampar på nett

Det som kjem til å halde liv i Halo 3 mange år etter lansering er verken Master Chief eller Cortana sin veldreia kropp. Kampanjen i Halo 3 er den beste serien har sett så langt, men det er begrensa kor mange gongar dei fleste er i stand til å spele det same om igjen. Som med både Halo og Halo 2 får vi ein massiv fleirspelar-modus i Halo 3. Det er ikkje berre dei forskjellege karta som er nye. Det nye utstyret i spelet, som «Bubble Shield» og energifelt, bringer noko heilt nytt til fleirspelar-kampane.

I tillegg til desse nye tinga som forandrer ein kamp på et blunk, har Bungie bygd opp nokre heilt nye modusar. Gode døme på artige modusar er «Ninjaball» og «Zombies». «Ninjaball» er ein ny variant av «Oddball», der det er om å gjere å få tak i ein hovudskalle. Den som har skallen endar opp som ninja, og vil få drastisk auka fart, noko som samtidig vil la han hoppe lengre. Alle dei andre skal då jakte på ninjaen, og opptil fleire av dei nye karta viser seg som ypperleg utforma til akkurat dette. Til dømes ei svært lang bane med fleire trampoliner.

«Zombies» er ein modus der ein eller fleire spelarar startar som zombier og skal prøve å drepe resten. Kvar person som blir drept av ei zombie blir gjort om til ei zombie, inntil alle er zombier og kampen er over. Det er akkurat så simpelt som det høres ut, men uforskammeleg moro. «Zombie»-modusen bør raskt bli ein favoritt for eit kjapt spel der du berre vil knuse noko.

Felles for mange av dei nye karta er igjen dette med størrelse. Alt er så mykje større. Kanskje er ikkje nødvendigvis dei rammene du må halde deg innanfor alltid mykje større, men du blir lurt til å tru det. Det er meir som å vere ein stad i verda, i staden for å vere i eit lukka rom. Dette blir både gjort ved hjelp av kart som er fysisk større enn noko serien har vist oss før, samt område der du kanskje er innanfor eit avgrensa område, men likevel har illusjonen av å vere i eit mykje større eit. Sistnemnde blir oppnådd ved å til dømes ha eit lite område på kartet omringa av stasjonære våpen som drep alle som går utanfor grensa. Dette held kampane på eit konsentrert nivå, medan du heile tida ser langt ut i horisonten.

Bungie har i tillegg pressa inn enda meir innhald i spelet. Du kan skreddarsy korleis du skal sjå ut i større grad, med forskjellege hjelmar og rustningar, og ein liten kino vil la deg ta opp filmar frå kampane du er med i. Eit anna nytt element som praktisk talt gjer fleirspelar-modusen om til ei gedigen sandkasse, er «Forge». I «Forge» vil du kunne spele fleirspelar-kampar som før, men ein spelar på kvart lag vil kunne tilføye kampen nye element, som til dømes våpen og køyrety. Kvart lag har ein «konto», og alle nye gjenstandar som blir henta inn i spelet, blir kjøpt med pengar frå denne kontoen. Moglegheitene er eigentleg uendelege med «Forge», og det blir spanande å sjå korleis folk vil ta den i bruk.

Konklusjon

Dette er slutten. Trilogien om Master Chief er over, og om vi skal lese det ordet rett, betyr det at Master Chief no er pensjonert. Det er nesten merkeleg å tenkje på. Den grøne tinnsoldaten har fått enorm betydning for ein heil generasjon, og det er ikkje utan grunn at Halo-serien er eit av dei største underhaldningsfenomena vi har i verda akkurat no. Spela er gjennomført solide både i balanse og underhaldningsverdi, og let deg underhalde grenselaust med sine godt samansnekra brett, og engasjerande fleirspelar-modusar.

Halo 3 er ikkje noko unntak. Som alltid byr Halo-universet på fabelaktig underhaldning, og Halo 3 framstår som eit enda meir fokusert spel. Du forstår mykje meir av kva som skjer i verda. Etter fleire år med Halo, er det enda lettare å ta steget inn, og bli kjent med alt det nye. Halo 3 er enormt underhaldande, og set eit nydeleg punktum for ein fantastisk serie.

Merknad: Halo 3 kjem i salg onsdag 26. september.

Vurdering


Halo 3 X360 X360 9/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 26. september 2007
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Microsoft
  • Utvikler: Bungie

Kommentarer (122)

Forsiden akkurat nå

Til toppen