Anmeldelse

Halo: The Master Chief Collection

Tidenes beste samlepakke

Dette er den ultimate gåvepakka til alle Halo-fans.

343 Industries

Akkurat no skulle ein tru eg var mett. Etter å ha susa gjennom fire Halo-spel på rappen, tilseier allt fornuft at eg har fått det eg har behov for av førstepersonskyting i år. Det seier likevel sitt om kvaliteten på dei fire spela vi får i Halo: The Master Chief Collection, at eg ikkje på nokon måte er lei heilt enno.

Det vi får i denne samlepakka frå Microsoft er dei fire spela som så langt har blitt laga om Halo-helten Master Chief. Vi får Anniversary-utgåva av Halo: Combat Evolved, ei ny og oppussa jubileumsutgåve av Halo 2, samt Halo 3 og Halo 4 som berre ved å auke oppløysing og bileteoppdatering har blitt dramatisk penare å sjå på enn sine utgåver på Xbox 360. Dette er likevel ikkje alt vi får. Vi får alle fleirspelarkarta som er laga til serien, samt eit brukarvenleg menysystem som let deg spele akkurat det du vil, når du vil. I tillegg får vi den episodiske filmen Halo: Nightfall, men den har vi ikje fått sjå før lansering av spelet.

Den grøne meister

Master Chief har gjort seg fortent til ei samlepakke av dei store.

Sidan Halo: The Master Chief Collection er designa som ei feiring av dei fire spela om Master Chief, har Microsoft og 343 Industries gjort ei lang rekke kloke val. Dette er ikkje ei samling spel der du må spele gjennom kvart og eitt spel frå start til slutt for å få med deg alt. Du kan sjølvsagt gjere det, men om du har spelt desse spela fram og tilbake fleire gongar opp gjennom åra, står du heilt fri til å velje nøyaktig dei nivåa du vil. Du kan velje mellom fire historiemodusar, individuelle kapittel, eller spelelister som sender deg ut i ein føljetong av nivå med ulikt fokus.

Har du lyst til å rocke med sniper rifla? Versågod. Vil du køyre i tank medan fiendane flagrar i usannsynlege vinklar? Høgg innpå. Du står fri til å spele gjennom desse spela i nøyaktig den rekkefølgja du sjølv vil. Om du er uhyre spent på korleis eitt og anna nivå har takla overgangen til Xbox One, kan du hoppe dit umiddelbart. Det einaste som er litt synd er at berre Halo 3 og Halo 4 lar deg gå rett til dei ulike sjekkpunkta på nivå.

Men lat oss sjå på kva som har skjedd med dei fire Halo-spela når dei no er å finne på Xbox One. Halo: Combat Evolved, Halo 3 og Halo 4 er dei spela som byr på minst nytt. Halo: Combat Evolved byr som nemnt på Anniversary-utgåva av det spelet, og du får såleis valet mellom å spele med den originale grafikken, eller den nye og oppussa grafikken. Sjølv om Halo: Combat Evolved er spelet som skapte eit fenomen, er dette likevel det minst interessant spelet i pakka. Enkelt og greit fordi det er dette spelet som byr på færrast overraskingar.

Det var allereie pent og flott då det blei lansert på Xbox 360, og overgangen til 1080p byr ikkje på store endringar. Eit langt større hopp får vi i form av Halo 3. Sjølv om svært lite har blitt gjort med dette spelet utover å dytte oppløysinga opp til 1080p, og å forbetre bileteoppdateringa, ser det tidvis ut som eit heilt nytt spel. Dei strålande lyseffektane og detaljrikdomen kjem til sin rette på ein måte som var heilt umogleg med den låge oppløysinga som blei brukt i originalversjonen.

Heile kaka, alle lysa og eit par posar smågodt tek likevel Halo 4. At 343 Industries fekk til dette spelet på Xbox 360 er eit kunststykke i seg sjølv, men på Xbox One har 1080p løfta spelet opp på nivå med dei fleste andre spel eg har spelt på Xbox One og PlayStation 4. Det ser tidvis ubegripeleg bra ut, og sjølv om det av og til viser at dei tilhøyrer førre generasjon, kan ein lett få hakeslepp av synet av eit krasjlanda romskip, og ein tur gjennom tjukk skog.

Nytt liv for Halo 2

Dei nye filmsekvensane i Halo 2 bringer historia til live på ein dramatisk mykje betre måte enn originalen.

Det som kanskje er Halo: The Master Chief Collections aller største trekkplaster er likevel Halo 2. Som med Halo: Combat Evolved sitt tiårsjubileum har no Halo 2 fått seg eit par nye målingsstrøk, og resultatet er strålande. Sjølv om dette spelet er det einaste i pakka som ikkje køyrer i full 1080p, er det ikkje mykje å utsetje på det visuelle. Halo 2 Anniversary når ikkje heilt opp til spektakulære Halo 4, men det er ikkje langt i frå. Den nye grafikken får blant anna fram storleiken til fleire område på ein heilt anna måte, og der originalen ofte hinta om kor svære områda var, blir det no veldig tydeleg. Som eit resultat framstår verda ofte som meir heilskapleg og samahengande.

For å fortelje historia har Microsoft hyra inn erfarne Blur Studios til å snekre i hop nokre av dei lekraste filmsekvensane eg nokon gong har sett i eit spel. Dei får originalsekvensane til å sjå ut som ein LEGO-film laga av ein femåring, og skapar eit herleg driv i historia.

Dette blir spesielt tydeleg når ein blar mellom den nye og den gamle versjonen av spelet. Som med Halo Anniversary kan du i Halo 2 Anniversary skifte mellom den nye og den gamle grafikken med eit knappetrykk, og det er lett å bli litt paff når ein ser forskjellen på stramt regisserte filmsekvensar fulle av detaljar, og dei til samanlikning amatørmessige sekvensane vi tok til takke med for ti år sidan. Når det i tillegg køyrer med 60 bilete i sekundet, får spelet ein herleg flyt. Diverre er køyrer ingen av spela heilt stabilt med 60 bilete. Det er ikkje ofte oppdateringa får ein liten knekk, men dei få gongane det skjer, er det merkbart.

Ved sidan av å pusse opp grafikken, har heile lydbiletet i Halo 2 blitt totalrenovert. Alt frå lydeffektar til musikken har blitt spelt inn på ny, og resultatet er som natt og dag. Det er slikt ein ikkje nødvendigvis tenkjer over medan ein spelar, men så snart ein klikkar seg tilbake til originalversjonen blir det brutalt tydeleg kor flat og steril lyden var i originalen.

Musikken er meir dramatisk og dynamisk, og dei ulike instrumenta kjem fram i mykje større grad. Ein konsekvens av dette er tidvis at dei melodiane og instrumenta du kanskje beit deg best tak i før, no kanskje ikkje kjem fram i like stor grad, medan andre igjen har fått større fokus. Om dette ikkje skulle falle i smak kan du likevel velje å spele med ny grafikk og gammal musikk, om du vil.

Massiv fleirspelardel

Populære fleirspelarkart frå Halo 2 har fått ei markant overhaling.

Halo: The Master Chief Collection kjem over 100 ulike fleirspelarkart. Samtlege kart frå dei fire spela er med, inkludert karta frå PC-versjonane av Halo og Halo 2. Det spesielle med fleirspelarmodusen i Halo: The Master Chief Collection er at vi i essensen hoppar mellom fire ulike spel like raskt som ein elles hoppar mellom kart i eit ordinært spel. Vel du eit kart frå til dømes Halo: Combat Evolved får du nøyaktig den opplevinga spelet opphaveleg bydde på, og det same gjeld for fleirspelarkarta for dei andre spela.

Frå hovudmenyen vel du berre kva spel du vil spele, deretter kva kart, før ein hoppar rett inn i kampen utan meir om og men enn som så. I tillegg kan ein velje kart ut frå spelelister slik at ein ikkje må leite gjennom lange lister for å finne det ein er på jakt etter.

Om du er blant dei som tok med deg Xboxen under armen for å rigge opp til Halo-lan i tida før Xbox Live, vil du få mange gledelege gjensyn. Å spele mange av karta frå orginale Halo: Combat Evolved gjer det uhyre tydeleg kor bra dette spelet var, dei står støtt side om side med nyare kart.

Av størst interesse for dei som har vore gjennom alle – eller i minste dei fleste – av desse karta opp gjennom åra, er dei seks nye karta inspirerte av populære kart frå Halo 2. Der karta frå alle spela blir presenterte i si originale form, er desse nye karta bygde opp på ny med nydeleg grafikk, og nokre endringar som raskt får konsekvensar for erfarne spelarar. Gode, gamle Ascension har til dømes fått eit kraftskjold i midten av spelet som kan forstyrre folk som likar å slå seg i ro med ei sniper rifle. På den nye versjonen av Lockdown kan steinar ramle ned frå taket og gjere det enda viktigare å vere på farten.

Med eit hav av ulike kampmodusar å velje mellom, samt teatermodusen for å studere kampar i ettertid, og ikkje minst skaparmodusen Forge som let deg vri og vende på karta til Halo 2, 3 og 4, er alt lagt til rette for at du kan bruke svimlande mange timar i spelets fleirspelarmodus.

Fri og frank

Microsoft har gjort eit poeng av å gjere ting tilgjengelege for spelarane. Dette gjeld ikkje berre for å la deg spele dei nivå du vil i ditt eige tempo. Du får òg lett tilgang på terminalane frå alle spela, rett frå hovudmenyen. Om dette ikkje seier deg stort, er terminalane små stasjonar plassert rundt omkring i spela som byr på meir bakgrunnsinformasjon om verda rundt spela. I Halo 2 gjev terminalane i tillegg hint om kva som vil skje i Halo 5.

For alle som er på jakt etter nye prestasjonar til poengsamlinga si, er dette ein prosess som er enklare enn nokon gong. Frå menyen kan du bla deg gjennom over 400 ulike prestasjonar til dei fire spela, og du kan i tillegg velje å gå til nivå godt skikka til kvar og ein av dei. Om du manglar prestasjonar for å finne terminalar, kan prestasjonsskjermen ta deg direkte til nivå der du finn dei. Treng du å knerte så og så mange av ein bestemt fiende for å låse opp ein prestasjon, kan du hoppe til eit nivå der det kryr av dei fiendane.

Dette er kanskje eit lite grep, men eg merka raskt at det fekk meg til å sitje lenger med kampanjane enn eg elles hadde gjort. For meg er det å jakte prestasjonar ikkje noko som inspirerer stort, men når eg så lettvindt kan gå til aktuelle nivå for å bryne meg på utfordringane som låser dei opp, blir det raskt meir interessant, og det har halde meg sitjande framfor skjermen i fleire timar enn eg elles hadde gjort.

Konklusjon

Det skal godt gjerast å finne noko fælt å setje fingeren på i Halo: The Master Chief Collection. Vi får ei herleg samling med knakande gode spel, og eg har kosa meg glugg i hel den tida eg har brukt på den så langt. Etter å ha rasa gjennom fire kampanjar, og brukt ei solid mengde med timar på nett der eg går frå å briljere det eine sekundet, til å bli djupt audmjuka det neste, er eg framleis klar for meir.

Den nye grafiske drakta til Halo 2, inkludert dei nye filmsekvensane kunne aleine ha vore verdt eit kjøp, men når vi i tillegg får Halo: Combat Evolved, Halo 3 og Halo 4 i oppskalerte versjonar som nesten får dei til å framstå som nye spel, når vi gull. Det seier eigentleg sitt når det einaste eg såg som negativt var dei svært få gongane eg merka at bileteoppdateringa sakka ned eit par hakk.

Microsoft og 343 Industries set med Halo: The Master Chief Collection ein ny standard for korleis ei HD-utgåve av tidlegare spel skal gjerast. Alt er tilrettelagt så lettvindt som det kan gjerast, og pakka byr på nok innhald til å halde deg gåande i svært lang tid. Dette er ikkje berre ei samling med fire flott spel, det er ei kjærleikserklæring til fansen, og ein hyllast til alt serien har vore gjennom sidan starten i 2001.

Eg har vanskeleg for å sjå korleis nokon skal kunne hente fram gamle spel, og presentere dei for eit nytt publikum med større respekt enn Microsoft og 343 Industries har gjort med Halo: The Master Chief Collection.

Om fire Halo-spel ikkje skulle falle i smak, men du likevel er tørst på eit nytt skytespel, kan du ta ein kikk på Call of Duty: Advance Warfare, eller dei original Halo-skaparane Bungie sitt nyaste spel Destiny.

Vi har ikkje fått tatt våre eigne skjermbilete av Halo: The Master Chief Collection, men dei offisielle bileta vi har brukt i artikkelen er representative for spelet.

Siste fra forsiden