Anmeldelse

Impire

Dette strategispelet har mange gode idear, men svak gjennomføring.

Ein og annan gong sit du der motvillig. Du kan godt ha mange gode grunnar til å ikkje sitje nettopp der, og sannsynlegvis har du mange andre ting du heller vil gjere. Likevel blir du sitjande. Kanskje er det eit naivt håp om at du ved å investere litt meir tid vil få deg til å sjå ting annleis, men det er eit fåfengt håp.

Eg snakkar om den kjensla du får nå du eigentleg – djupt der inne – vil like eit spel. Den kjensla du får når du trass i nedturar på rekke og rad vel å gi spelet ein sjanse til. Du vel å bruke meir tid, for sjølv om du eigentleg kjedar deg, sjølv om du eigentleg er irritert, så kosar du deg litt òg.

Det er ein vanskeleg kombinasjonen, og ein vanskeleg situasjon.

Stilen er det ingenting å seie på.

Smak pisk!

Lat oss vere ærlege. Impire er ikkje eit veldig bra spel. Det er eit spel med gode idear, men svært lite er gjennomført. Ikkje ein gong betafasen av utviklinga er gjennomført. Spelet er – spesielt i dei tidlege timar – så nedtynga av tekniske problem at eg over lengre tid vurderte å la spelet ligge til ei oppdatering var på plass.

Det låser seg, ting skjer ikkje når dei skal, og ved å trykkje på makroknappar blir eg kasta tilbake til skrivebordet der eg må trykkje bort ei åtvaring før eg får halde fram. Det er plagsamt, og det er berre toppen av isfjellet av ting som er feil med Impire.

Opplæringa er ein vits, og nokon manual finnest ikkje. Kva skal ein gjere? Jo, du brukar mange timar på å gjere noko så grunnleggjande som å få oversikt over primære funksjonar sidan ingen fortel deg noko om dei. Når ein først etter nokre timar innser at ein kan teleportere grupper av soldatar berre ved å halde inne høgre museknapp føler ein seg dum. Veldig dum. Men ingen fortalde meg det, så i staden hoppa eg fram og tilbake mellom kvar gruppe i eit irriterande tregt forsøk på å nedkjempe fiendar.

Kvar er kommunikasjonen? Kvar er vilja til å geleide spelaren gjennom funksjonane? Det er strengt tatt ikkje så frykteleg mange av dei, men når du ikkje anar at dei er der, blir det vanskeleg å vite kva ein skal gjere.

Når ein kjem over denne kneika er Impire eit rimeleg OK spel med sine gode stunder, men ikkje stort meir enn det.

Tru det eller ei, men dette er alle romma som passar inn akkurat her.

Den spede barndom

Impire er eit gudespel som hentar mykje inspirasjon frå spel som Dungeon Keeper og Evil Genius. Frå eit fugleperspektiv må du byggje ein base med naudsynte fasilitetar, og samle i hop ei hær du kan jakte fiendane med. Kvart nivå byrjar med at du må få basen din på beina. Du held deg under jorda, og må grave gangar og byggje rom, som eitt etter eitt gjev deg nye moglegheiter.

Det heile er fullt av sjarme, og kvart rom lyser mot deg med små detaljar som vekkjer verda til live på ein måte som gjer det lett å kose seg med Impire. Denne visuelle sjarmoffensiven har derimot ei bakside. Romma er låste brikker du legg på plass i verda, og det blir difor ofte eit puslespel å få dei til å passe inn i grotta di.

Kvart rom har ein gitt fasong, ein eller fleire inngangar, og bortsett frå å rotere vinkelen deira har du null kontroll over korleis dei skal ta opp plass. Dette fører med seg mange små frustrasjonar når du prøvar å byggje noko fornuftig. For å få ein nokon lunde brukbar struktur på grotta di må du byggje vegar som flettar romma saman, men kvart rom har eit usynleg nett rundt seg som nektar deg å byggje vegar der det tilsynelatande skulle vere mogleg. Konsekvensen av dette blir at ein ofte må lage små labyrintar rundt rom, eller lange omvegar for krigarane dine, i staden for gongar som lenkjer dei direkte saman. Mykje plass går til spille, og fordelen med å fritt kunne byggje rom i den storleiken ein sjølv vil viser seg kjapt.

Samtidig har du veldig få måtar å forsvare grotta di på mot inntrengarar. Noko som berre blir verre av at det er vanskeleg å få ein solid struktur på ting. Fiendtlege heltar dukkar opp jamt og trutt. Dei sleng ned stigar rundt omkring i grotta di, og vil bruke dei flittig om du ikkje riv dei ned. Ikkje at det betyr stort, fjernar du alle stigar kjem dei likevel inn gjennom hovudinngangen.

Du kan leggje ut feller for å sakke farten deira litt, men utover å setje krigarane dine til å patruljere gangane på måfå, har du ingen annan metode for å sende krigarane til eit gitt område utover å velje kvar krigar individuelt. Noko så enkelt som eit lite flagg som kallar alle krigarar til eit område hadde gjort underverk. Eller kanskje nokre vaktstasjonar. Vaktstasjonar i viktige knutepunkt hadde vore supert!

Stiger betyr trøbbel.

Vi er eit lag, mann

Heldigvis kan du setje krigarane dine saman i grupper på fire. Spelet byr på ein del ulike krigartypar, og ved å setje dei saman på ulike måtar får dei etter kvart bonusar som gjer dei betre og meir effektive. Å fylle ei gruppe med fire av den same typen er ikkje ein god strategi, og du får ingen bonusar. Set du derimot til dømes ein minotaur, ein magikar, ei rotte og ein speidar saman, kan dei alle gjere kvarandre betre, noko som blir essensielt når ein skal ut på tokt.

Impire kan på mange måtar minnne sterkt om Dungeon Keeper. Vi byggjer basar og hentar inn ulike krigarar for å gjere arbeidet for oss, men likskapen stoggar der. Impire handlar strengt tatt ikkje om å ta over underjordiske kompleks. I staden fungerer grotta som ein basestasjon du sender krigarane dine ut frå.

Ved sidan av å beskytte basen frå inntrengjarar, har krigarane dine to primærfunksjonar. Den første er når du sender dei ut på tokt for å sanke ressursar. Då vel du eit område frå eit verdskart, og sender ut ei og ei gruppe for å samle inn materiale, skattar eller mat. Alle vitale ressursar som må til for å byggje rom og skaffe soldatar.

Ein minst like viktig funksjon for krigarane dine er å ta turen ut frå grotta og inn i fiendtleg terreng. Her vandrar du stort sett gjennom frodige skoglandskap som ikkje er stort meir enn labyrintar med fargerike teksturar. Du går frå A til B, drep alt du kjem over, sankar inn nokre erfaringspoeng, og ser krigarane dine stige i gradene etter kvart som du utfører oppdraga dine. Det er strengt tatt ikkje spanande på nokon måte. Soldatane er trege, du har liten kontroll over kva fiendar dei skal angripe, og du sit berre og ser på kampar som raskt varer litt for lenge. Samtidig håpar du ingen heltar invaderer basen slik at du må teleportere krigarane tilbake til basen.

Med unntak av ein og annan lynbolt blir du for det meste tilskodar til kampane.

Impire har eit stort fokus på kampar, men det beste med krig i Impire er det du gjer mellom slaga. Alt du gjer i spelet gjev deg DEC-poeng. Desse kan du bruke til å kjøpe nye krigartypar, oppgraderingar, og nye rom. Frå puslete kyllingar endar du opp med solide drapsmaskiner med spesielle eigenskapar som gjer dei i stand til å tole skade, fornye helsa si, og liknande.

Å sjå strategien din for kjøp av oppgraderingar treffe blink kan vere veldig tilfredsstillande. Du startar derimot frå null på kvart nivå, og det er difor vanskeleg å verkeleg få ei kjensle av progresjon. I staden er det lett å få kjensla av at ein spelar det same nivået veldig mange gongar.

For mykje putlearbeid

Noko av det aller mest irriterande med Impire er korleis krigarane dine ikkje gjer noko som helst av eige initiativ. Alt må gjerast på makronivå, og dette kan vere noko så banalt som å få krigarane dine til å få i seg litt mat om dei treng det. Absolutt ingenting er automatisert. Om du vil dei skal trene må du fange heltar først, og så sende krigarane dine til treningsrommet. Skal du gi krigarane dine betre våpen må du inn på kvar enkelt krigar og oppgradere, ein etter ein.

Eg vil ikkje bruke tida mi på dette. Eg vil ikkje kaste bort tid på å putle med små og fullstendig uinteressante detaljar som kunne ha skjedd automatisk. Ein innser veldig raskt at grotta er totalt blotta for alt som heiter økosystem. Der vi i Dungeon Keeper og liknande spel fann krigarar som gjorde det dei måtte for å få livet til å gå rundt, står krigarane dine i Impire på staden kvil, med mindre dei får beskjed om å vandre rundt utan mål og meining.

Denne impen har skjønt det,

Kvar for seg kunne eg oversett dei fleste av irritasjonsmomenta i Impire, men dei blir så mange og så altomfattande at det i staden blir vanskeleg å sjå dei positive tinga. Spelet kan vere fornøyeleg når du ikkje må knote for mykje. Å få til ein solid base kjennest godt, og timane flyg skremmande fort. Å samle inn ressursar, DEC-poeng og å gjere krigarane dine betre er solide element som trekk opp. Det er likevel ikkje nok til at eg synest tida mi med spelet har vore verdt innsatsen.

Konklusjon

Eg har lite positivt å seie om Impire, og eg likar det ikkje. Eg har lyst til å like dette spelet. Eg likar å sitje i denne verda og sjå korleis ein imp ligg med trynet ned i eit ølfat. Eg likar å studere dei små detaljane i dei mange ulike romma. Eg likar å høyre den stemningsfulle musikken, og sjå riket mitt vakse seg stort.

Nøkkelordet er «sjå». Eg likar å sjå på Impire, men eg likar ikkje å spele det. Kvar gong eg spelar det blir eg minna på kvifor eg ikkje likar det. Alt er gjort mykje meir tungvindt enn det kunne ha vore. Utviklarane har lagt til minst eitt unødvendig steg for kvar vesle ting du skal gjere, om det så er den keitete basebyggjinga, eller den unødige makrokontrollen på krigarane dine.

Du når omsider eit punkt der du har fått så mange oppgraderingar at ein del av frustrasjonane forsvinn, men det er hakket for seint, og det som er igjen då er stort sett berre å vandre rundt på jakt etter noko å drepe. Det er ikkje så frykteleg moro det heller.

Siste fra forsiden