ANMELDELSE: Little King's Story
Anmeldelse

Little King's Story

Makt for små folk

Lyst til å bli konge? Det er arbeid, mykje hardt arbeid.

Vondt blir verre

Diverre er ikkje problematisk samansetjing av følgjet ditt det einaste som plagar spelet. Eit anna, og minst like stort problem, blir større etter kvart som tida går.

La oss ha ein ting klart: Folka i dette spelet lid av ei ganske dramatisk hjerneskade. Dei er heilt ute av stand til å tenkje ein einaste tanke. Det einaste dei kan gjere, er å springe rett fram, og nokre utvalde jobbar. Denne rette linja er ganske håplaus, spesielt sidan folka dine ikkje er i stand til å gå over eller rundt ein bitte liten stein, om den skulle liggje i vegen.

Verre er det med korleis dei hengjer seg fast i alt som på nokon måte kan stå i vegen. Når du vandrar frå den eine staden til den andre, må du ofte gå rundt skarpe svingar, og over smale bruer, medan store delar av følgjet ditt sit fast i landskapet. Det er vanskeleg å setje ord på kor ufatteleg frustrerande dette er når du møter ein kraftig fiende, og døyr, fordi mange av folka dine sit fast eit stykke bak deg.

I tillegg kan dei falle utanfor kantar i terrenget. Dette er nesten det verste av alt, for ikkje berre fell dei utanfor ein kant, dei får skade av det òg. Samtidig er det ingenting du kan gjere for å unngå det. Du har ofte ikkje noko anna alternativ enn å gå på smale utspring frå fjellveggen, og når du går her, vil ikkje heile følgjet få plass. Om vi legg til at alle spring som ein tjukk, lang og stiv hale bak deg, kan folk fly utanfor berre fordi du snur deg i den retninga du er nøydt til å snu deg for å kome deg vidare. Det er håplaust.

Ikkje at dei døyr av eit fall, men dei får skade, blir lett offer for fiendar, og du endar opp med å ha eit lag som ikkje er heilt ved sine fulle fem når du endeleg kjem fram til ein stor og farleg sjef. Om du døyr her, vil du få ta del av enda ein fiasko. Lagringssystemet i spelet tvingar deg til å gå heilt tilbake til slottet ditt kvar gong du vil lagre. Tru meg, det kjem til å plage deg stort.

Kunsten å tilgi

Det er lett å bli gretten på den vesle kongen, og eg har ein mistanke om at dei fleste som spelar dette spelet enten vil elske det, eller hate det med glodheit og brennande lidenskap. Det er mykje å bli glad i i dette spelet, sjølv om kontrollane ikkje er ein av delane. Du startar med eit knøttlite rike, som berre veks og veks medan slottet ditt stig opp frå marka, og undersåttane dine kastar seg for føtene dine. Du får heile tida vite kor godt likt du er gjennom ei postkasse der innbyggjarane dine kan seie kva dei meiner, og du får ein merkeleg nærleik til undersåttane dine.

Alle har namn, dei har forskjellige meiningar, og dei har sine eigne liv. Ikkje at du ser mykje til kva dei gjer i liva sine, men dei kan bli forelska, og du kan ta dei med til kyrkja for å gifte dei. Eit lykkeleg ekteskap endar med born, og brått har du enda ein ny krabat med sine særeigne eigenskapar.

Samtidig må du passe på folka dine. Om dei døyr i kamp, blir dei som regel på magisk vis skylt i land på ei nærliggjande strand, men av og til er dei ikkje så heldige. Om ein person døyr, mistar du gjerne ikkje berre eit lite knippe med polygonar. Du mistar ein person med namn, ein person som kanskje var blant dei sterkaste i følgjet ditt, og alle venene hans tek seg fri dagen etter for å møte i gravferda hans.

Det er vemodig og sjarmerande samtidig. Du byggjer opp ei lita verda der du gradvis ser folkemassen stige, landområda dine bli større, og det eine huset etter det andre bli heim for nye familiar. At nokon døyr, minner deg på noko. Det får deg til å tenkje over kva du gjer, og korleis du gjer det.

Kolonisering

Som den rake motsetninga til slike varme kjensler for ditt eige folkeslag, kjem den totale forakta for alle andre innbyggjarar i verda. Du er ingen snill konge. Du får råd og oppdrag frå ein stormannsgal general, og hans største ynskje er å utslette alle andre folkeslag. Du har ingenting du skulle ha sagt, det er ingenting som fortel deg at det du no driv med kanskje er moralsk feil, og det er ganske synd, sidan moralen i historia er eit ganske trist sleivskot.

Ta til dømes den første rasen du utryddar. Det er ein gjeng med små, kolsvarte folk med raude munnar og store runde auge. Det minnar så mykje om gamle karikaturar av afrikanarane at det berre blir feil. Det byggjer opp ei ullen kjensle av at det du driv med er gale, trass i den sjarmerande grafikken, den sukkersøte fargebruken, og den hypnotiserande bruken av kjend og kjær klassisk musikk.

Du er ein inntrengjar i denne verda. Du kjem inn og tek over områda utan nåde. Du drep alle som står i din veg. Du har inga interesse for å snakke med dei som bur her. Alt du er ute etter er eiga vinning, og eg er ikkje sikker på om dette er noko som eigentleg passar til eit spel med eit ytre som er så barnleg, at det lett kan ende opp i henda til ein unge som endar opp med å meine at kolonisering er moro. Alle kosar seg jo, snakkar sitt søte tullespråk, og kastar seg ut i ein munter fest når eit nytt folkeslag har blitt jamna med jorda. Det er vel ikkje så ille, er det vel?

Konklusjon

Little King's Story er eit spel det er veldig vanskeleg å ta stilling til. Det er eit spel som frustrerer, det er eit spel som får deg til å smile, det er eit spel som engasjerer stort, og det er eit spel som raskt kan ende opp med å såre nokre kjensler gjennom sin naive bruk av eit dystert tema.

Spelet har heilt klart sine feil. Tidvis gjer det ting unødvendig vanskeleg for deg, og du vil nok ofte ha lyst til å slå av. Spørsmålet er om du klarar å slå av. Det er alltid noko nytt å finne, noko å oppdage, ein ny jobb for undersåttane dine. Du veit aldri kva som ligg rundt neste sving, og dette er ein uvurderleg del av spelet. Du blir heile tida motivert til å halde fram, og oppdage nye og fascinerande sider ved eit spel som aldri sluttar å gi. Little King's Story er nok ikkje for alle, men det er eit fascinerande og unikt spel du absolutt bør gi ein sjanse.

Diskuter artikkelen i forumet

Vurdering

Little King's Story

Wii
Slippdato: 24. april 2009
Sjanger: Simulator
Utvikler: Marvelous Interactive Inc.
Utgiver: Rising Star Games

Forsiden akkurat nå

Til toppen