Anmeldelse

Mordheim

Med livet som innsats

Mordheim vil utfordre meir enn dei små grå.

Focus Home Interactive

Det gjekk ikkje så bra med meg. Den første gongen altså. Eg sat der med kjeften slapt hengande ned, og med blasse auge stirande i vantru på skjermen. Nokre få minutt var alt som skulle til for å få meg til å lure på om dette var noko eg eigentleg ville utsetje meg for. Krigarbanden min blei sendt heim med halen bokstavleg talt mellom beina. Om i det heile hadde hadde bein igjen. Ein av krigarane mine sat igjen med ein stiv stokk festa til kneet, ein annan hadde ein ussel stump der armen skulle ha vore, og dei to andre, vel, lat oss seie dei ikkje treng oppleve Mordheims skitne gater meir.

Uflaks! Dette måtte vere uflaks, så eg starta på ny med ein ny bande, men sjefen for banden tok i staden hatten sin, sa «takk for meg» og reiste på ferie til dei evige jaktmarker.

På to kampar hadde eg mista alt to gongar, og ikkje ein gong gjort så mykje som å penetrere huda på motstandarane. Kva skal ein eigentleg stille opp med mot slikt?

Å ha trua på seg sjølv

Gode prosentar er ikkje alltid nok.
Bilete: Øystein Furevik/Gamer.no

Mordheim: City of the Damned er eit spel som ikkje tilgir feil. Du kan ikkje berre lagre før eit viktig trekk, for å prøve på ny. Nei, her er alt endeleg. Kvar vesle feil du gjer, er ditt kross å bere, og spelet tilgjev ingenting. Du blir straffa hardt om du tilfeldigvis sender ein krigar for langt fram. Du blir straffa hardt om du byggjer opp folka dine utan å tenkje nøye over kva du gjer, og du blir straffa uhyre hardt om du blir kjepphøg og innbiller deg at den beste soldaten din kan takle noko på eiga hand.

Det er viktig å hugse på dette, for om du held hovudet kaldt, og set deg inn i kva type spel dette eigentleg er, kjem du snart til å ha brukt kvar ledige time på å kjempe for livet med det eine mål å bli litt sterkare.

I Mordheim: City of the Damned får du ta kontroll over ein stadig større krigarbande. Du kan velje mellom trauste leigesoldatar, kaosfolk som tilber alt vondt, dei religiøse systrene til Sigmar, samt min favoritt; dei så ekle at dei er søte rottefolka Skaven.

Spelet er taktisk og turbasert. Etter ei frykteleg lang lastetid blir du sendt inn på eit kart som viser ein del av byen Mordheim. Her kan du springe rundt, posisjonere deg, lage feller for fiendane, og kjempe mot fiendar som meir enn ein gong vil ta livet av soldatane dine.

Ny vri

Det finnest mange herlege taktiske og turbaserte spel der ute, noko vi for eit par år sidan fekk erfare med Blackguards og The Banner Saga. Mordheim skil seg frå slike spel på fleire måtar. For det første styrer vi ikkje krigarane våre langs eit rutenett. I staden får du bevege deg heilt fritt frå tredjeperson, og brukar i staden strategipoeng for å definere kor langt du kan gå.

Desse poenga viser seg på skjermen som ein ring rundt den aktuelle krigaren. Innanfor den kan du gå som du vil, men om du kryssar linja brukar du eit poeng. Det er eit veldig smart system. Det gjev deg sjansen til å utforske nærområdet, men du er aldri låst til ei rute, og kan gå tilbake til startpunktet, med mindre du vel å avslutte turen, gå inn i forsvarsposisjon eller bakhaldsangrep, angrip fienden, eller du går i ei av dei mange små fellene som ligg rundt omkring i byen.

På same måte nyttar spelet actionpoeng for å la deg krige i kamp. Eit enkelt angrep kostar gjerne eit par poeng, medan angrep med to våpen eller tohandsvåpen raskt kostar meir. Etter kvart som krigarane dine stig i gradene får dei fleire actionpoeng og strategipoeng, og det blir viktig å tenkje over korleis du vil nytte desse. Vil du ha mange raske slag med eit våpen, eller færre slag som kanskje gjer meir skade? Valet er ditt, men sjansen for å bomme gjer dette til ei hardare nøtt å knekkje enn ein kanskje ser føre seg.

Ein krigar blir sett ut av spel i fleire dagar om han blir skada eller må trene nye eigenskapar.
Bilete: Øystein Furevik/Gamer.no

Mordheim er bygd opp for å vere eit brutalt spel, utviklarane åtvarar deg til og med om dette før du startar å spele. Grunnen er såre enkel. Alt i Mordheim står og fell på noko så tilfeldig som terningkast. Du kan byggje opp krigarane dine alt du vil, men det betyr ikkje at dei på nokon måte er uovervinnelege. Du kan alltid møte nokon som er sterkare, og sjølv om du skulle ha 95% sjanse for å treffe med eit slag, er det likevel 5% igjen som kan avgjere alt. Sjansen din for å lukkast stig alltid med prosenten, men du kan aldri vere heilt sikker.

Sei til dømes at du har ein krigar som er ein djevel med pil og boge. Eit stykke borte ser du ein bygning som kan vere ein glimrande stad å plassere bogeskytaren. Du spring mot bygningen, men før du rekk klatre opp, kjem ein fiende som står i bakhaldsstilling inn frå sida og angrip. Bogeskytaren kan ikkje forsvare seg mot sverd, så fienden får inn tre slag utan at du ein gong får slått tilbake. Sjølv om du har vore smart og bygd opp krigarens evne til å vike unna angrep, treff han kvar gong. Dei neste turane går til fienden, og brått er bogeskytaren din omringa, og går av med døden før han har fått sjansen til å gjere noko. Det blir ikkje din tur igjen før det er for seint, og du er under med ein mann.

Det kan vere lurt å halde seg samla.
Bilete: Øystein Furevik/Gamer.no

Tenk smart

Dette er noko du kjem til å oppleve mange gongar i Mordheim, men det tek likevel ikkje lange tida før du går inn i ein kamp med betre tankar i hovudet. Spelet byr på eit kart der du kan velje oppdrag. Her finn du både enkeltståande oppdrag, og oppdrag som driv historia vidare. Historieoppdraga fortel deg berre omtrentleg kor vanskeleg kampen vil vere (alt frå normal til brutal og dødeleg), men dei andre oppdraga vil i tillegg fortelje deg litt om utgangspunktet ditt. Du får til dømes vite om krigarane står samla eller spreidde frå kvarandre. Å halde krigarane samla er livsviktig. Ein einsleg krigar er mat for svoltne fiendar.

Det er på dette punktet vi byrjar å utnytte den kunstige intelligensen i spelet, for den er diverre (eller heldigvis, alt ettersom) ikkje særleg god. Ein fiende kan gå seg fast i kulissane, men han veit kvar du er, sjølv om du aldri veit kvar nokon er med mindre du kan sjå direkte på dei. Det viktigaste er at han alltid vil gå til åtak, sjølv om den aktuelle krigaren er aleine. Om du kan lokke til deg fiendane ein etter ein er dette gull verd, sidan du kan omringe han med fire eller fem krigarar om du posisjonerer riktig. Sidan du aldri kan vere sikker på kvar dei resterande fiendane er, er du likevel aldri trygg.

Nettopp difor er det svært viktig å ikkje ta lett på korleis du byggjer opp krigarane dine. Etter kvar kamp får dei erfaringspoeng, og kanskje nokre poeng du kan bruke til å byggje opp ni ulike statistikkar, som til dømes styrke, intelligens og moral. Her kan du blant anna byggje opp kor mykje skade dei gjer, kor stor sjanse dei har for å treffe, om dei blir redde når dei er aleine og omringa, eller kor stor sjanse dei har for å vike unna eller parere angrep.

I tillegg kan du kjøpe nye eigenskapar som kanskje gjev deg meir styrke på eit angrep, sjølv om det blir vanskelegare for deg å treffe, let deg bere tung rustning utan at det går for hardt utover kor langt du kan gå, samt ei rekke offensive eigenskapar der du kan velje mellom alt frå magi, kraftige angrep, og bonusar du kan kaste på krigarane dine. Kort sagt har Mordheim eit hav av moglegheiter for korleis du vil skru saman nettopp din bande, og dei vala du gjer får svært mykje å seie for utslaget i kampane. Du kan sjølvsagt velje å balansere ting, og dette kan vere ein effektiv taktikk, men minst like nyttig kan det vere å makse spesielle felt for å spesialisere krigarane dine.

Test di styrke

Nokre gongar er små grupper større enn store.
Bilete: Øystein Furevik/Gamer.no

Mordheim: City of the Damned er ikkje eit spel med solid framdrift. Spelet byr på ei historie, men den er strengt tatt ikkje veldig interessant og står ikkje i fokus. Du er heller ikkje nøydd til å bry deg med den, men den byr på eit avbrekk frå resten av spelet. Dei fleste kampane du spelar i Mordheim vil vere enkeltståande kampar for å byggje opp banden din, eller for å sanke grøne steinar du kan selje for pengar.

Felles for alle desse er at dei sender deg til tilfeldig samansette kart som stort sett er ganske like. Oppdraga du får gjennom historiemodusen er ganske annleis, og byr på unike område som samtidig kan by på nye og ikkje minst større utfordringar. For min eigen del var strengt tatt sideoppdraga nok, og eg innsåg etter kvart at eg hadde spelt i over 20 timar før eg gjorde mitt første forsøk på historia.

Om du har trua på deg sjølv kan du òg velje å spele mot andre spelarar over nettet. Her kan du velje mellom to typar kampar. Den eine er berre for moro og har ingen konsekvensar, medan den andre kan koste krigarane dine livet, samt at du kan miste utstyr. Diverre har eg hatt svært lite hell med meg i fleirspelarmodusen. Det ser enkelt og greitt ut til at folk flest har nok med å spele mot maskina, og det kan vere ein langdryg og keisam prosess å finne nokon å spele mot.

Det er likevel verdt å prøve seg, eller få ein ven like hekta på Mordheim som du er. Fleirspelarmodusen snur opp ned på det meste, sidan du spelar mot folk, og ikkje mot ei maskin som vil sende ein nesten død krigar rett i armane dine. Folk er langt meir utspekulerte, og vil gjere smartare val, men dei er samtidig like blinde for kvar du er som du er for kvar dei er, noko som gjer dei like sårbare som deg.

Konklusjon

Denne karen har sett betre dagar.
Bilete: Øystein Furevik/Gamer.no

Eg kunne ha skrive side opp og side ned om alle dei små detaljane som gjer Mordheim til eit spel der er uforsvarleg lett å vie livet sitt til. Det har vi verken plass eller tid til, og uansett er ein stor del av moroa å finne ut av slike ting sjølv. Å studere skildringane av kva ein eigenskap eller eit stykke utstyr gjer, for så å kome opp med ein genial plan for korleis du skal gå vidare er ikkje noko eg vil ta vekk frå nokon.

Mordheim: City of the Damned er eit spel som kan vere svært vanskeleg og totalt blotta for sympati, men det er slike ting som gjer spelet så uhorveleg tilfredstillande når du innser at dei vala du har tatt, er dei riktige. Dette er ikkje eit spel som handlar om å nå eit bestemt mål. I staden handlar det om å byggje opp ein bande du endar opp med å bli så knytta til at du nektar å byte ut krigaren som nett mista eit bein, fordi han har vore med deg så lenge.

Men dette er samtidig spelets viktigaste styrke. Det finnest ingen snarvegar her. Spørsmålet er berre om du har det som skal til for å halde ut lenge nok til å knekke spelet, i staden for at spelet knekker deg. Spelet kunne dratt nytte av meir varierte kart, og ein betre kunstig intelligens, men dette hindrar ikkje spelet frå å bli eit uhyre engasjerande spel.

For fleire taktiske utfordringar bør du sjekke ut Blackguards og The Banner Saga.

Siste fra forsiden