Anmeldelse

This War of Mine: The Little Ones

– Eg blei litt sånn, i spelforstand, «glad i» den vesle gjengen min

The Little Ones kompliserer This War of Mine på ein god måte.

Deep Silver

Innan sjangeren «krigsspel», altså spel som plasserer spelaren i ei eller anna form for krigsscenario, finst det fleire utgjevingar enn nokon av oss er kar om å telja. Opp gjennom åra har me infiltrert tallause tyske basar og bunkrar frå andre verdskrig, me har hindra – eller starta – eit utal variantar av tredje verdskrig. Me har bomba jorda sønder og saman i atomkrigar, og me har flytta krigane ut i verdsrommet.

Men ingen spel eg kjenner til har plassert oss i eit falleferdig hus i eit krigsherja land utan anna oppdrag enn å halda personane i huset i live til krigen er slutt. Ingen før This War of Mine, altså.

Ulike personar har ulike eigenskapar. Anton her er god i, eh, matte?
Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

PC-versjonen av spelet kom ut hausten 2014, og det til svært god omtale både her på huset og i spelpressa elles. Nå er det altså ute òg til PlayStation 4 og Xbox One, og med på kjøpet får du ei lita utviding med store konsekvensar: The Little Ones. Polske 11 bit studios har nå altså lagt skjøre barnesinn inn i spelets krigslikning, med alt det ber med seg av finurlege følgjer.

To ulike spelformer

This War of Mine opererer med to litt ulike spelformer: éi som føregår i dagslys, og éi som finn stad i nattens mulm og mørker. Om dagen er ein i huset og gjer det som må gjerast der: Ein lagar mat, møblar, verktøy og anna utstyr, ein utbetrar holar i veggane, ein fyrer i peisen for å få opp varmen. Når ein går tom for materiale å laga ting med, kan ein høyra litt på radio for å få med seg siste nytt om krigen og om kva varetypar som betaler seg best på svartebørsen for tida.

Dagane inneheld mykje venting, noko eg berre kan gå ut frå at er rimeleg realistisk i ein krigssone. Kanskje ventar du på at nokon skal banka på døra for å bytta varer, slik at du endeleg kan få dei to siste plankane du treng for å få stengt igjen det siste holet i veggen. Kanskje ventar du på at regnvatnet skal renna gjennom vassfilteret, slik at du får nok vatn til å laga mat. Kanskje gror du grønsaker og sit der og håpar på at dei skal komma opp av jorda før heile huset sveltar ihel. Eller kanskje ventar du berre på kvelden.

Når kvelden kjem, endrar spelet seg radikalt. Då ber det nemleg ut i verda for å få tak i utstyr. Du må velja kven som skal få sova, kven som skal passa på at ingen bryt seg inn i huset og stel alle dei surt oppsparte ressursane du har fått tak i. Og du må velja kven som skal ut på jakt.

Dei raude sirklane til venstre signaliserer lydar. Ofte er det berre rottar. Men ikkje alltid.
Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

Skal du senda Katia, som er god til å forhandla, for å bytta varer på marknadsplassen? Skal du senda Pavle, ein tidlegare fotballspelar som er rask til beins, til eit av dei farlegare områda? Der er det mykje ressursar å henta, men òg ein viss fare for at han ikkje kjem ut av det med livet i behald. Eller kanskje du burde senda Boris? Han har ein skade i foten som gjer han ganske treig, men til gjengjeld kan han bera langt meir enn alle dei andre, og du har bruk for mykje materiale for å oppgradera ein av arbeidsbenkane.

Spenning i nattemørkret

Sjølve spelinga under nattesekvensane er utvilsamt den mest spennande og på sett og vis action-orienterte delen av This War of Mine. Her finst det mange ulike scenario som kan utspela seg: Tidleg i spelet kan du gjerne berre gå rett inn i eit tomt hus og forsyna deg med ressursar, verdisaker og materiale. Seinare vil du måtta ty til sniking, steling, kanskje til og med våpenbruk for å få med deg det du har bruk for.

Det var eit tungt tap då Boris blei drepen. Mest fordi han kunne bera meir enn alle andre.
Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

Her blir verkeleg det moralske kompasset sett på prøve. For kor rettferdig er det at du stel mat av ei gruppe menneske som slit med akkurat det same som deg? Kan du forsvara å peika våpen mot eit gammalt, uskuldig ektepar for å få tak i medisinar til ein av dine, som blei skadd då nokre andre folk braut seg inn hos deg? Kan du ta sjansen på å snika deg inn i eit hus som ei væpna gruppe bruker som base når du veit at du risikerer livet til den du gir det tunge ansvaret til?

Barna endrar spelet

Det eg har skildra over, gjeld i all hovudsak det opphavelege spelet slik det var på PC. Utvidinga The Little Ones kompliserer altså det heile ved å bringa barn inn i reknestykket. Og barna har faktisk ein større verknad på spelet enn eg hadde venta.

Dei er nemleg ikkje berre mindre versjonar av dei vaksne; dei har verkeleg sine eigne personlegdomar, sine eigne historier, behov og ønskjer. Dei trenger mindre mat enn dei vaksne, til alt hell, men til gjengjeld har dei behov for langt meir merksemd og trøyst. Av og til lurer dei på kven som lagar bombane dei høyrer smella der ute, andre gongar vil dei berre spela stein-saks-papir. Viss du lagar leikar til dei, kan dei dessutan fordriva tida på eiga hand, slik at du kan bruka meir tid på andre ting, som er til nytte for heile hushaldet.

Ein kan laga leikar til barna. På vinteren kan ein til og med laga ein snømann.
Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.nolisensinfo

Barna kan naturleg nok bidra med svært lite når det gjeld å laga og bruka utstyr og finna ressursar. Likevel blir dei ein slags humørspreiar der dei spring opp og ned trappar, hoppar litt paradis, sparkar litt på ein ball. Det verkar som om det å ha barn i huset bidrar positivt på dei vaksne sin mentale helse, iallfall så lenge barna har det bra. Dette er ein elegant måte å balansera dei ulempene dei små elles fører med seg.

Moralske val

Den nemnde mentale helsa er for øvrig nokså var for dei moralske vala du tar for å skaffa deg ressursar. Stel du medisinar frå sjukehuset, kan du rekna med at stemninga blir ganske laber i den vesle gjengen din, noko som igjen kan få fatale konsekvensar. Og motsett: Gir du mat til naboungane som står på døra og er så svoltne, så kan du rekna med at folka dine ser litt lysare på livet – trass i at dei sit igjen med mindre mat til seg sjølve.

I det heile er eg imponert over kor balanserte nær sagt alle handlingar du kan gjera i spelet er. Så godt som ingenting er utelukkande negativt eller utelukkande positivt. Kvar gong du har eit val å ta, er det ein balansegang, ei avveging av fordelar mot ulemper. Som i dei aller fleste spel som køyrer ein slik balansegang, vil det truleg løna seg i lengda å vera snill og, kanskje endå viktigare her, unngå å vera kynisk og kjip. Forståeleg nok i eit spel som handlar om kor vanskeleg det er å leva i krig.

Bebuarane gjer seg tankar om kva ting dei har og kva dei meiner dei kunne ha bruk for.
Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

Konklusjon

The Little Ones er alt i alt eit sterkt tillegg til eit spel som allereie stod svært stødig på sine opphavlege bein. Utvidinga endrar spelet på fleire interessante måtar som, for ein barnlaus fyr tidleg i 30-åra, verkar relativt realistiske. I det opphavlege spelet fann ein raskt ein dagleg rytme både på søvn, mat og produksjon av nytteverktøy. Barnet endrar denne rytmen, tidvis ganske radikalt. Ein må ta ein heilt annan type omsyn enn det ein må til spelets vaksne personar.

Det blir så klart til ei slags systemtenking etter kvart, som i dei fleste spel som baserer seg på eit balansesystem. Det å leita etter måtar ein kan maksimera tid, krefter og ressursar på er spelets essens, sjølv om 11 bit studios gjer ein formidabel jobb med leggja kjensler i systema. Eg har iallfall blitt litt sånn, i spelforstand, «glad i» den vesle gjengen eg har styrt, med sånn halvvegs stødig og vellukka hand, gjennom ein vanskeleg månad med harde krigshandlingar på alle kantar. Og kanskje spesielt i vesle Iskra.

Er du hypp på meir austeuropeisk dystopi? Ta gjerne ein kikk på den moderne klassikaren Papers Please. Eller vil du prøva eit rørande eventyr frå første verdskrig? Då er kanskje Valiant Hearts noko for deg.

Siste fra forsiden