Anmeldelse

Uncharted 2: Among Thieves

Nær, men ingen sigar

Har du først nådd toppen, er det som regel berre ein veg å gå.

1: Side 1
2: Side 2

Hopp og skyt

Som sagt innleiingsvis var det i hovudsak klatringa og utforskinga som fengsla meg i det første Uncharted-spelet. Denne delen er tilbake i godt behald, med mange artige og utfordrande barrierar å kome seg forbi. Spelet kunne likevel godt ha vore litt meir opent i korleis du kjem deg gjennom områda. Du vil vitje mange store og regelrett lamslåande vakre område, men du må for det meste følgje ein veldig rigid veg. Nesten utan unntak har du berre ein veg du kan gå, og dette er ganske synd. Det er framleis fantastisk moro å utforkse områda, og mangelen på fridom øydelegg ingenting, men den hindrar spelet frå å nå nye høgder.

Det blir likevel raskt veldig tydeleg kvifor det er slik, når det etter kvart blir klart kva som eigentleg er hovudfokuset i Uncharted 2: Skyting. Det er så mykje skyting i Uncharted 2 at ein nesten blir ør. Om det er eit spel med mykje hopping og spretting du er på jakt etter, bør du vere klar over at du får minst like mykje Gears of War Light. Om ikkje meir enn som så. Etter at spelet har kome skikkeleg i gong, set diverre akrobatikken seg i baksetet, og du vil bruke mykje meir tid på å drepe fiende etter fiende i tronge rom der den eine pulja med fiendar berre blir erstatta med den andre, og den tredje, og den fjerde. Slike tendensar hadde Drake's fortune òg, men ikkje i så stor grad.

Skytinga i spelet er absolutt underhaldande, og den byr på mange veldig kule situasjonar, men den er ikkje spelets sterkaste side. Dei første ti minutta av ei skotveksling er heftige, etter at kampen har dratt ut i det uendelege, er det ikkje fullt så moro lenger. Mengda med fiendar du må ta kjennest kunstig, og nesten som eit feigt triks for å dra ut lengda på spelet. Det er ikkje veldig kreativt, og det blir ikkje betre av at fiendane har ein tendens til å tole litt for mykje heller. Om du vil ha realisme i kor mange kuler ein kar skal tole, kan du gløyme normal vanskegrad.

Sidan det var denne vanskegrada eg spelte gjennom spelet på, erfarte eg å tømme fleire magasin i ein kropp, bruke tre-fire rakettar på ein person, og kaste granatar utan stor nytteverdi. Sjølvsagt kan du drepe personar raskt, men det blir krevd ein spinnvill presisjon frå di side, og ofte ignorerer spelet fullstendig all områdeskade eit våpen burde gjere. Om ein granat skulle hamne ein halv meter for langt bak ein fiende, bør du ikkje bli overraska om han ikkje rører på seg. Det einaste som alltid tek ut ein fiende på eitt skot, er ei veldig kul sniper-rifle, men ikkje ein gong denne held stand når tungt armerte soldatar med minigun kjem for å ta deg.

Heldigvis nyttar Uncharted 2 eit effektivt dekning-system i same gate som Gears of War, samt det første Uncharted-spelet. Dette blir heilt nødvendig i nesten alle situasjonar, og det gir deg sjansen til å bruke litt strategisk tenking. Samtidig kan du aldri bli for trygg, sidan fiendane er ganske smarte, og tvinger deg ut av skjul med granatar om du skulle bli for plagsam. I slike situasjonar skin Uncharted 2, sidan det byr på harde utfordringar det er ei fryd å meistre.

Ein skugge i natta

Ein kraftig og direkte absurd (sidan Drake sine hender tydelegvis er farlegare enn kuler) kontrast til fiendane sin motstand mot kuler er det deilige snike-elementet. Det er kjapt og effektivt, og tvingar deg ikkje til å følgje med på sensorar og anna tull. Det einaste du treng å gjere, er å komme nær nok. Eit raskt knappetrykk er alt som skal til for å ta ut ein fiende, og dette er mykje meir moro enn å skyte runde etter runde med kuler inn i fiendane. Det blir enda betre av at Nathan varierer korleis han tek ut fiendane, avhengig av kvar han er i forhold til dei.

Om du til dømes heng frå eit plattform, og fienden traskar over deg, kan du hive han ned i avgrunnen. Ligg du skjult bak ein sofa, vil han dra stakkaren bak sofaen ut av syne. Skulle du bli oppdaga, kan du kaste deg ut i litt nevekamp som óg er veldig lett å bruke, men samtidig veldig naturleg og underhaldande.

Med eit så artig og effektivt element for å ta ut fiendane, kan ein undre seg over kvifor Naughty Dog har insistert på å satse så heftig på kuler og krut. Om dei hadde inkludert nokre lyddempa våpen, og justert litt på utfordringane, kunne dette raskt ha blitt eit mykje betre spel, der list stod meir i fokus. Det hadde passa mykje betre saman med Nathan Drake sine imponerande klatreeigenskapar.

Du får riktig nok klatre i kampar, og det på interessante måtar, men ikkje i så stor grad som spelet sjølv legg opp til. Du kan henge frå ein lampestolpe og skyte mot fienden med pistol, du kan klatre til eit høgt platå for å plukke ut fiendar frå «trygg» avstand, og du kan springe langs bakken som Rambo. Det er stort sett opp til deg korleis du vil gjere det, med den forutsetning at du alltid på eit eller anna punkt må ut i ei vill skotveksling. Du er aldri i posisjon til å kunne reinske heile området strategisk, og det gjer meg litt bitter, sidan det er akkurat det spelet gir meg lyst til å gjere.

Akkurat det er fellesnemnaren for det meste, kva Uncharted 2: Among Thieves angår. Det er eit spel stappfullt av fantastiske ting, som blandar det heile saman på ein måte som aldri blir optimal. Det har mange minneverdige og fabelaktige stunder, men óg fleire eg godt kunne ha klart meg utan.

Konklusjon

Eg blir ikkje overraska om reaksjonane på at eg ikkje meiner dette er årets spel blir harde. Likevel vil eg sende rundt ei lita fredspipe på førehand. Eg elskar Uncharted: Drake's Fortune, og det er eit av favorittspela mine blant alle PlayStation 3-spel. Uncharted 2 greier ikkje å toppe det første spelet på nokon måte anna enn reint teknisk, og det er veldig skuffande.

Sjølvsagt er spelet bra, det har herleg utforsking, det har ei herleg stemning og proft skodespel. I tillegg har det kompetent skyting som verkeleg kan by på nokre heftige situasjonar. Diverre blir det samtidig veldig tydeleg at skyting på ingen måte er Naughty Dog si sterke side. Dei er veldig flinke på grafikk og «filmatisering», men dei har ikkje heilt teken på korleis ein skal setje saman dei gode action-situasjonane. Det blir slitsamt, langdrygt, og du endar opp med store pausar mellom alt det som verkeleg er moro. Eg vil ikkje bruke eit kvarter på å ta ut nokre idiotar som ikkje vil døy uansett kor mange kuler eg pumpar inn i dei. Eg vil utforske mysteria for svarte!

Når det er sagt, er det sikkert mange som vil elske spelet, og det kan eg absolutt akseptere. Det er mykje godt her, men eg meiner likevel heilt og fullt, at dette burde ha vore mykje betre. Uncharted: Drake's Fortune er i mi bok ein klassikar, og ein milepåle innan spelmediet. Det same kjem aldri Uncharted 2: Among Thieves til å bli. Trist, men sant.

Uncharted 2: Among Thieves kjem i sal 14. oktober, kun for PlayStation 3. Anmeldelsen er basert på einspelardelen av spelet. Fleirspelardelen var ikkje tilgjengeleg i vår utgåve.

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden