Anmeldelse

Area 51

Atter ein gong er det du som må ordne opp i rotet på Area 51. Skal desse forskarane aldri lære?

Side 1
Side 2

Stopp meg om du har høyrt denne før: "I ein topphemmeleg base i USA blir det utført overnaturlege eksperiment på romvesen". Ikkje akkurat det mest originale utgangspunkt for eit spel, men likevel ei setting som inneheld stort potensiale for eit hektisk action-spel. Det er heller ikkje første gong Midway besøker dette området. På midten av nitti-talet kom dei med eit relativt populært lyspistol-spel for arkadehallane, som "tilfeldigvis" hadde akkurat same namn. Den siste inkarnasjonen av Area 51 er også eit heftig action-spel, men så frykteleg mange romvesen er det eigentleg ikkje å finne.

Du er Nathan Cole, og er med i eit Hazmat-lag som blir sendt til Area 51 for å ordne opp i ein kritisk situasjon. Dei forskjellige eksperimenta som blir utført på basen inneheld ein viss risiko, og akkurat no har eit virus som infiserar alle i sin veg brote ut. Resultatet er at du stort sett kjempar mot muterte misfoster, og ikkje ser så frykteleg mykje til det alle eigentleg vil sjå; romvesen. Det er uansett ikkje noko å sei på underhaldningsverdien i spelet. Area 51 er eit forseggjort skytespel med sans for små detaljar, der du taktfast bevegar deg gradvis lengre ned gjennom Area 51 sine nivå. Dessverre er det kanskje her problemet ligg. Etter kvart som du bevegar deg nedover glir spelet over frå å vere fabelaktig underhaldning, til å bli eit ganske stereotypisk skytespel utan dei store hødepunkta.

Dette som byrja så bra
Dei første timane er fabelaktige. Du spring rundt med Hazmat-laget ditt, og skyt monster som spring på deg frå alle kantar. Bruken av lys og skugge fungerar utmerka, og du skal ikkje sjå vekk frå å hoppe i stolen no og då. Gradvis blir det færre igjen av laget ditt, og ein innser at det snart er kun deg igjen. Dessverre, er alt eg kan sei til det. Den kunstige intelligensen på laget ditt er god, og spelet er generelt sett mykje meir morosamt i byrjinga. Når du er i lag med laget ditt kjempar du mot enorme mengder fiendar, og du må verkeleg ha oversikt med alt som skjer rundt deg. Når laget ditt er dødt, er det du igjen, og Area 51 endar som sagt opp som eit fullstendig typisk skytespel. Du spring gjennom gangar, og skyt fiendar utan å eigentleg få noko spesielt ut av det.

Historia byr kanskje ikkje på ei einaste overrasking i løpet av spelet, men det skal godt gjerast. Når du vel å bruke eit så pass velbrukt konsept som dette, er det vanskeleg å finne ei vinkling på det som ikkje allereie har blitt brukt hundrevis av gongar. Heldigvis er den fortalt på ein god måte. Det er ei god blanding mellom filmsekvensar og snakking medan du spelar, noko som pumpar litt adrenalin inn i blodet ditt på ein effektiv måte. Dessverre er det ganske skuffande at David Duchovney som Ethan Cole utfører ein ganske unispirert prestasjon. Han høyrest ut som om han kjedar seg, og han snakkar i same monotone stemmeleie heile tida. Greit nok, det er sikkert hardt å oppleve slikt, men når du høyrest ut som om du har gitt opp livet allereie før du går i gong med eit oppdrag, er det tvilsomt om du er rett mann for jobben.

Area 51 har eit begrensa, men godt balansert utval i våpen. Enorme mengder våpen kan raskt skape meir forvirring om kva våpen som er best, enn spelet har godt av. I staden for å lure på kva våpen du skal bruke, eller rett og slett igonerere det meste du finn, endar du opp med å bruke alt. Arsenalet er ganske typisk for denne sjangeren, med pumphagle, maskingevær og nokre utanomjordiske våpen, for å nemne nokon. Det ein raskt legg merke til er at ein eigentleg ikkje treng fleire våpen enn desse, sidan dei er nok til ta hand om alle situasjonar. Du lærer deg raskt å kjenne kvart våpen sine sterke og svake sider.

Ein smak av eigen medisin
I løpet av spelet vil Ethan Cole sjølv bli infisert av viruset, noko som gir han ein del spesielle eigenskapar. Du kan når som helst hoppe over i mutantform, og dette gir deg moglegheita til å suge liv frå fiendane dine. Som standard har Ethan ei grøn helselinje nederst på skjermen, men i nutantform dukkar det opp ei linje til over denne. Denne nye linja viser kor lenge du kan halde deg i mutantform, og for å fylle opp denne må du slå fiendar. Det endar opp som ein veldig god balanse mellom å skyte ut parasittar for å suge liv, og å slå ned andre for halde mutantforma lengre. Sjølvsagt blir dette også ein viktig del av handlinga, sidan du må finne ein kur.

Du finn små helsepakkar rundt omkring i spelet, men det er mange fordelar med å heller lege deg sjølv i mutantform. Ved å skyte ut parasittar, blir helsa di betre samtidig som du drep fienden. I tillegg til å suge liv frå fiendane har mutantforma ein ekstra eigenskap som raskt blir nyttig. Du kan skyte ut gassar som forvirrar fienden og får dei til å angripe kvarandre, noko som kan bli veldig nyttig i situasjonar med mange fiendar samtidig. At du kan skifte ham når som helst gir eit friskt pust til spelet, som absolutt aukar underhaldningsverdien. Det kan vere det einaste som reddar deg ut av visse situasjonar, og du unngår å springe rundt i lang tid med dårleg helse.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden