Anmeldelse

Armed & Dangerous

12,000 kuler eller mindre, står det på baksida av spillboksen til Armed & Dangerous. Det blir definitivt meir, mykje meir. Trass i alle kulene er nok dessverre sjansen stor for spelet i seg sjølv blir eit nødvendig vonde for å få neste filmsekvens.

Side 1
Side 2
Side 3

Ein del bisarre våpen Om ikkje antalet fiendar skulle vere nok, så har dei ganske mange forskjellige våpen. Nokre stasjonerar seg på fjelltoppar og plukkar deg ned med brutal presisjon, andre står bak mitraljøser eller kanontårn. Dei andre fiendane tar seg som regel til takke med maskingevær, eller rakettar i eit fascinerande utval. No er det din tur til å tenke deg at du skal inn i alt dette, utan å døy. For å få til dette kan du bruke obligatoriske versjonar av maskingevær, sniper-rifle og rakettkastar. Armed & Dangerous har også ein del bisarre våpen. Eit av dei er ein kanon som skyt ut ein liten hai som veks til full størrelse på kort tid. Andre brukbare våpen er verdas minste svarte hol, og eit apparat som snur heile verda på hovudet ei lita stund. Svært praktisk i situasjonar med eit overveldande antal fiendar.

Sjølv om ein kanskje skulle ynskje det, er du ikkje aleine i kampens hete. Jonsey og Q heng trufast med deg gjennom dei fleste brett, men i realiteten er dei unyttige. Du blir gjerne meir opptatt av å halde dei i live enn å utføre oppdraget ditt, noko som medfører konsekvensen av fleire og hyppigare dødsfall. Du utfører alle oppdrag aleine. Jonsey og Q følgjer berre med deg og skyt på ting når dei dukkar opp. Om du vil kan du gi dei enkle beskjedar som å vokte området, deg, eller enkelt og greit returnere til din posisjon, men nytteverdien deira kan diskuterast. Likevel er dei ikkje heilt håplause. Dei gir spelet den ekstra gnisten som skal til i eit ellers eindimensjonalt spel. Etter å endeleg å overlevd eit fatalt angrep på ein base er det gjerne vanskeleg å bestemme seg for kva ein skal tenke når Q seier: ”Tea, anyone?”.

Ingen fleirspelar-modus Noko vi saknar i Armed & Dangerous er ein fleirspelar-modus. Spelet skrik etter det, og det er ganske skuffande at ein slik modus ikkje er implementert. Det er likevel kunngjort at det skal kome nedlastbart materiale, noko som kan hjelpe litt på levetida. For å bøte på den manglande fleirspelar-modusen, kan du og låse opp bonusar etter kvart som du spelar. Den beste av desse er eigentleg å kunne sjå filmsekvenasne om igjen, sidan det er noko du garantert kjem til å gjere eit par gongar.

Sidan det stort sett er sekvensane mellom bretta som er av interesse, er det veldig synd at dei er komprimerte i så stor grad at det blir forstyrrande å sjå på. Grafikken viser seg heller ikkje frå si beste side i desse. Modellane er kantete, og teksturane er blasse og utydelege. Visse grafiske glippar viser seg også. Som til dømes kroppsdelar som glir over i kvarandre. Ser ein vekk frå desse manglane er Armed & Dangerous absolutt aksebtabelt. Bretta er fulle av liv og variasjon. Det er først og fremst den kreative designen som er grunn til dette. I staden for flate område utan detaljar, vil du springe gjennom overbevisande skogar og fjellområde. Effektiv bruk av bump-mapping gir også spelet den ekstra gnisten som skal til.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden