Assassin's Creed III knuser rekordar

Ingen andre Ubisoft-spel har selt meir før lansering.

På onsdag er det duka for eit heilt nytt kapittel i Assassin's Creed-serien. Historia om Ezio er omsider ferdig, og vi hoppar fleire hundre år fram i tid. Settinga for det som eigentleg er det femte spelet i serien (om vi ser bort frå eitt og anna portabelt spel) er den amerikanske revolusjonen.

Her følgjer vi Connor som er halvt brite og halvt mohawk. Som vanleg må du kunne rekne med å luske i det skjulte sjølv om klatring over hustaka i stor grad er byta ut med tre og villmark. Dette ser det ut til at folk vil ha, for i ei pressemelding fortel Ubisoft at Assassin's Creed III er det mest førehandsselte Ubisoft-spelet i selskapet si historie. I dei nordiske GameStop-butikkane ligg førehandssalet heile 180% over fjordårets Assassin's Creed: Revelations.

Vi tok ein kikk på spelet under E3-messa i juni, og såg mykje potensiale i den nye settinga:

Er du klar for tokt i villmarka?

«Den nye snikmordaren trivst tydeligvis betre i opne landskap enn sine forgjengarar, og utstyrt med øks og ei rekke tekniske hjelpemiddel slaktar han ned kongen sine soldatar med stil. Han klatrar i tre og fjell, jaktar på dyr og gøymer seg i snøen om nødvendig. Store opne område ser ut til å bli den største endringa, og det blir spanande å sjå korleis dette endrar kjensla i spillet.»

Assassin's Creed III lanserast for PlayStation 3 og Xbox 360 førstkomande onsdag, for PC 22. november, og for Wii U i løpet av vinteren. Ps Vita-spelet Assassin's Creed III: Liberation der du får spele som ein kvinneleg snikmordar lanserast òg på onsdag.

Les også: Kjemp mot Kong Washington Les også: Assassin's Creed III har samarbeidsmodus

Siste fra forsiden