Anmeldelse

Assassin's Creed: Director's Cut Edition

Fortsatt like moro

Nokon gong drøymt om å gå amok med kniv i Jerusalem? No har du mogligheita.

Det er seks månedar sidan Assassin’s Creed debuterte på Xbox 360 og Playstation 3. Spelet fekk blanda mottaking og det var ingen tvil om at det var eit av fjorårets mest omdiskuterte spel. Til å byrje med skulle PC-utgåva komme samtidig med konsollversjonen, men Ubisoft annonserte seinare at PC-en skulle bli frelst med ein «Director's Cut»-versjon, som hadde fleire forbetringar. Prisen ein måtte betale var seks månedars ekstra ventetid. Var det verdt det?

Klatremani

Klatring er gøy

Du kjem til å bruke mesteparten av tida i dette spelet i det gamle Midtøsten, som snikmordaren Altaïr. I byrjinga er han ein respektert mann av høg rang, men etter eit mislykka oppdrag i starten av spelet må stakkaren byrje heilt på bånn igjen. For å gjenvinne si tapte ære får Altaïr eit viktig oppdrag; å ta livet av ni nøkkelpersonar som på ein eller anna måte er kobla til det tredje korstoget som fann stad på den tida.

Ein ting å ha i tankane om du bestemmer deg for å kjøpe dette spelet er at historia ikkje kjennest fullstendig. Spesielt den irriterande åpne slutten rett og slett skrik om å få ein oppfølgar eller femten. Ved sida av dette kan Assassin’s Creed servere deg ei svært spanande og godt fortald historie om mord og edle motiv. Det er ei forteljing som er vel verd å følge med på.

Dei ni måla dine oppheld seg i tre forskjellige byar: Jerusalem, Acre og Damaskus. Alle desse er laga heilt fantastisk og er uten tvil dei flottaste byane eg har sett i eit spel nokon gong. Dette er i stor grad takka være den herlige atmosfæren innafor byanes murar. Talsmenn forteljer historier om krig og politikk, salsmenn ropar høgt ut sine beste tilbud og vaktar snakkar til kverandre om alt mellom himmel og jord.

Ikkje berre ser og kjennest byane fabelaktige ut, dei er også svært underhaldande å utforske, mest på grunn av løps- og klatremoligheitane dine. Her kan du klatre på absolutt alle veggar og murar, så lenge du har noko å gripe tak i. Ein stein som stikk ut frå ein vegg er ikkje lenger ein tekstur, no er det fluktruta frå byvaktane. Det er alltid eit høgdepunkt å klatre opp på toppen av det høgste tårnet i ein ny by og sjå den strekke seg ut under seg.

Her besøker vi byrået.

Vegen til det perfekte mord

Ein av dei første tinga du må gjere når du kjem til ein ny by er å stikke innom næraste snikmordarbyrå for å få vite kor ein bør gå for å finne informasjon om målet ditt. Det er her dei første problema blir tydelige. Før eit drap må ein gjere minst tre sideoppdrag for å få tak i informasjon om målet ditt. I den orginale versjonen fekk Assassin’s Creed mykje kjeft for at desse oppdraga var altfor repeterande. Dette har Ubisoft prøvd å ordne på i PC-versjonen, med fire nye sideoppdrag. Problemet er at desse oppdraga enten er resirkulerte versjonar av eksisterande oppdrag, eller kjedelige og poenglause. Du skal blandt anna eskortere ein kollega frå ein stad til ein anna, eller rasere salsbodar som sel rote kjøt.

Når ein er ferdig med dei sideoppdraga som trengst er det på tide å stikke innom byrået igjen for å få deira velsignelse til å ta livet av målet ditt. Etter å ha skaffa seg denne, og gjerne nokre frekke visdomsord frå mannen bak disken, kan du sette av gårde for å gjere forberedelsane til det perfekte drap. Når du er klar får du opp ein mellomsekvens som viser kva som foregår og kor målet ditt oppheld seg. Deretter er det på tide å teste kniven. Personen som kjem til å få mest ut av dette spelet, er den som faktisk jobbar for å få til det perfekte drap, og ikkje må felle 30 vaktar i forsøket. Det krevst mykje arbeid for å få det til, men når du endelig klarar å komme bak ein ubeskytta nakke er det utan tvil eit av spelet sine største høgdepunkt.

Er du i nød: be!

Merkelig er det riktignok at alle offer frå Jerusalem til Damaskus på død og liv må forsvare sine handlingar ovanfor Altaïr. Dei skal forøvrig ha ein klapp på skuldra for å fortsette å snakke rolig og kontrollert i gode to-tre minutt etter at kniven traff pulsåra deira. Først når offeret til slutt har lagt på røret og Altaïr varsomt har stroke den symbolske fjøra gjennom blodet deiras, bryt helvete laus. Alle vaktar i byen har plutselig funne ut at her er det noko muffens. I det tilfellet har du kun to mogligheitar: flykt frå åstaden, eller kjemp deg gjennom straumen av småsure byvaktar.

Værsågod neste

Her støter ein også på eit relativt stort problem. Kampsystemet vart ofte påpeikt som kjedelig og altfor simpelt på konsoll. Ingenting har forandra seg på PC. Stort sett det einaste ein treng å gjere er å stå i forsvarsmodus og vente til ein fiende prøvar seg på eit halvhjerta angrep. Då trykker du raskt ein anna knapp som sender den stakkars mannen i bakken med ein flott animasjon. Det ser unektelig veldig kult ut, men er det eigentlig spanande? Nei, det er faktisk rett ut småkjedelig etter ei stund. At dei einaste mogligheitane ein har under kamp er å enten hamre vilt på angrepsknappen eller stå som ei pyse og vente til dei andre gjere det første trekket er ikkje moro i meir enn nokre få timar. Eg vil føle meg som ein deltakar, ikkje ein tilskodar.

Det er óg ganske irriterande å sjå på at alle vaktar står i ein ring rundt deg under kamp og ventar til det er deira tur til å dø. Ein og ein angrip dei Altaïr og ventar høflig til den forige mannen har deisa i bakken før ein ny mann angrip. Endå ein gong skuldar eg på den latterlig enkle avsluttningsmanøveren. Etter kvart forstår ein at det er meir spanande å flykte over hustaka enn å stå omringa av hjernedaude fiendar.

Lunsjpause

Å komme seg vekk frå vaktane er nemlig både spanande og utfordrande. Det går sjeldan å gli unna i folkemengda, så her er det best å legge beina på nakken og finne ein av dei mange gøymestadane rundt omkring i byen. Du må imidlertid komme deg ut av synsvidde frå vaktane før du kan slippe unna. Dette er lettare sagt enn gjort. Dei same brøda som du kjempa mot tidligare er nemlig atletar heile gjengen. Smidige som kattar kastar dei seg frå hus til hus i jakta på deg. Om du er litt for langt unna kan dei komme til å pælme stein i bakhovudet ditt for å sinke deg. Dei er kanskje dumme, men gudane skal vite at dei kan jakte. Dette gjer flukta frå vaktene ein av dei mest spanande øyeblikka i spelet.

Konklusjon

Assassin’s Creed er moro, det er det ingen tvil om. Det er difor synd at underholdningskurva berre synk etter dei tre-fire første drapa. Eg meiner ikkje at Assassin’s Creed nokon gong vert dårlig, men dei kunne helt klart fått meir ut av konseptet. Sjølv med fleire sideoppdrag i PC-versjonen hjelper det ikkje i nemneverdig grad når ein må gjenta desse uttallige gongar gjennom spelet. Av og til kan det hakke litt i område med mange folk, men dette skjedde ikkje meir enn eit par gongar gjennom heile spelet. Det er likevel tydelig at du kjem til å dra fordelar av å ha eit kraftig maskineri i hus.

Ikkje la «Director’s Cut»-stempelet lure deg. Til tross for seks månedars ekstra utviklingstid er ikkje Assassin's Creed på PC nødvendigvis den ultimate utgåva, sida det stort sett er det same spelet. Fire nye sideoppdrag klarar ikkje heilt å forklare den lange utviklingstida. Til tross for dette: Assassin’s Creed er fortsatt like pent, spanande og moro som det alltid har vore.

Siste fra forsiden