Bayonetta blir animefilm

For deg som meinte sexfokuset ikkje var stort nok frå før.

Den langbeina dama Bayonetta har på få år makta å bli eit ikon i spelindustrien. Ho er både hyperseksualisert og sjølvstendig på ei og same tid. Ho har kanskje lange bein og veldreia hofter, men ho er ikkje ei dame du vil tulle med. Den livsfarlege heksa brukte pistolar og sverd på både armar og bein, medan håret hennar kunne bli om til massive magiske beist.

Bayonetta blei utvikla av Hideki Kamiya og gjengen hans og Platinum Games i Japan. Fleire av utviklarane i studioet er avhopparar frå Capcom, og Kamiya sjølv er blant anna skaparen av Devil May Cry. Difor er det kanskje ikkje så rart at Bayonetta og Devil May Cry har mykje til felles.

Skjermbilete frå Bayonetta 2.

Blir teiknefilm

No kan Siliconera fortelje at Bayonetta blir film. Animefilmen Bayonetta: Bloody Fate blir produsert av studioet Gonzo, og blir regissert av Fuminori Kizaki som òg står bak Basilisk og Afro Samurai. Kva filmen vil handle om veit vi ikkje stort om heilt enno. Etter den første traileren å døme ser det ut til at seksualiseringa av Bayonetta på ingen måte vil bli mindre.

Filmen har ikkje fått nokon Europeisk dato, men vil bli lansert i Japan i november.

Ein oppfølgjar til Bayonetta blei i fjor kunngjort som ein eksklusiv Wii U-tittel. Den kika vi nærare på under E3-messa, og meinte vi fekk det vi kunne forvente:

«Eg har gode nyhende til alle Bayonetta-fans: Dette ser ut til å bli akkurat den oppfølgjaren du har venta på. Vi får fleire av dei same kampscenario der Bayonetta sparkar frå seg slik berre ho kan. Kampsystemet sit som støypt, og spelets overveldande visuelle presentasjon sørgjer for at Bayonetta 2 – lik sin forgjengar – blir noko for seg sjølv.»

Les også: Anmeldelse: The Wonderful 101 Les også: Anmeldelse: Metal Gear Rising: Revengeance

Siste fra forsiden