Bioshock Infinite får sesongpass

Det etterlengta spelet får bein å gå på etter lansering.

I går blei det klart at det lenge etterlengta actionspelet Bioshock Infinite endeleg er ferdig. Det betyr at spelet som har sett veldig mange utsetjingar og rykte om trøbbel i maskineriet i løpet av den lange utviklingsperioden, utan tvil dukkar opp 26. mars.

I dag har Take-Two sendt ut ei pressemelding der dei fortel at dette berre er byrjinga for spelet. Arbeidet har nydleg starta på tre utvidingar som i følgje pressemeldinga vil tilføye spelet mange timar med underhaldning.

Tar du spranget?

Kva desse utvidingane vil handle om blir det derimot ikkje sagt noko om. Det einaste vi veit sikkert er at utvidingane vil introdusere nye historier, personar, våpen og eigenskapar til det allereie fargerike universet spelet byr på.

I Bioshock Infinite reiser vi til Columbia, ein by som svevar oppe i skyene. Med det blir spelet på mange måtar den rake motsetning til det første Bioshock-spelet som handla om ein by under havet. Der Bioshock var eit klaustrofobisk og mørkt spel, blir Bioshock Infinite mykje lysare og opent. Samtidig må du passe på ei jente, noko som i seg sjølv bør gje spelet ein heilt annan dynamikk enn forgjengaren.

Utviklarane lovar ei dramatisk historie som vågar å gå inn på tema dei fleste spel styrer langt unna. Om dette blir noko du må få med deg eller ikkje finn vi ut 26. mars, når spelet lanserast for PlayStation 3, Windows og Xbox 360.

Les også: Sniktitt: Bioshock Infinite Les også: Ingen flerspiller i Bioshock Infinite

Siste fra forsiden