Blogg: Gamescom, dag 1

Nye eventyr

Det store spørsmålet i dag er kvifor ingen i Tyskland tar Visa.

KÖLN (Gamer.no): I dag vakna eg og Lasse av ei forbanna stemme som skjelte oss ut fordi vi framleis låg og sov. Klokka var halv ni, og alle alarmane hadde vi sove forbi med god margin. Men med den ekstreme temperaturen som pregar hotellromma her, er det kanskje ikkje så rart. Om vi i tillegg sleng på at det tek litt tid å kome seg til hektene etter ein ufyseleg lang dag, meiner eg vi hadde lov til det.

Ikkje at vi gikk glipp av noko, dei første foredraga på første dag av utviklarseansen av Gamescom baserte seg rundt svært tekniske foredrag ingen av oss eigentleg er kvalifiserte til å forstå mykje av.

Lasse tigget seg til litt CryEngine-utstyr på messens første dag. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)

Slik utarta i tillegg store delar av dagen seg. Vi har vore på nokre svært interessante foredrag, men ein del av det blir så teknisk at ein skal vere rimeleg erfaren innanfor dei forskjellige felta for å forstå mykje av det. Noko som blir nødvendig om ein skal kunne formidle det vidare på ein fornuftig måte.

Mellom dei forskjellige foredraga har vi spandert tida på presserommet. Det einaste rommet vi så langt har funne der ein ikkje må betale for tilgang på nett. Prisen for å ha konstant tilgang uavhengig av kvar du er, er over hundre euro, noko som er direkte skammeleg når ein tenkjer på kor mange journalistar som faktisk er her. I tillegg er det svært vanskeleg å finne stikkontaktar her, noko som kan by på ei utfordring når ein sakte, men sikkert går tom for batteri.

Middag i bakventland

For ein nordmann av mitt kaliber kan den tyske effektiviteten bli eit problem. Eg har ikkje for vane å springe rundt med store lappar i lommene mine. Eg held meg til kort, det er enkelt, det er greitt, og det er ikkje minst veldig praktisk. Om du til dømes skulle vere så uheldig å miste lommeboka, kan du berre stenge kortet, og få deg eit nytt. Du mistar ikkje nødvendigvis pengar. Ikkje at eg har vore ute for dette, men eg håpar eg har fått fram fordelen med kort.

I Tyskland blir ikkje ting sett på frå same ståstad. Her handlar alt om kontantar, eller eit Eurokort som eg definitivt ikkje har. Ikkje ein gong på gigantiske Media Markt kunne dei ta imot eit Visa som betalingsmiddel, då eg skulle kjøpe ein ny blitz for å få litt kvalitet over bileta vi tek her nede. Nei du, eg måtte ut frå butikken, og til høgre, for å ta ut pengar.

Middagen var skit. Lasse poserer villig igjen. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)

Det heile gjentok seg etter at vi hadde gjort ferdig ein temmeleg skuffande middag på ein kinesisk restaurant. Det heile såg veldig bra ut, men karakterane som vi sjølvsagt måtte dele ut, glei heile tida dramatisk nedover på vår kjære ein-til-ti-skala. Betalinga etter maten kasta oss nok ein gong ut i bakstreversk pengepolitikk. Dei tok sjølvsagt ikkje Visa, og eg måtte springe rundt i Köln for å prøve å finne ein minibank. Det gjor eg for så vidt, men når den låg bak låste dører, kom eg ikkje så langt. Det heile enda opp i eit rotete spleiselag mellom meg og Gamer.no sitt ubeskrivelege sex-symbol; Lasse.

Med andre ord byrjar dei tyske tendensane til å komplisere ting å gjere seg gjeldande i år òg.

Vi er likevel ved godt mot. I morgon er vi ein heil dag nærare onsdag, når ting for alvor tek av. Det blir ikkje småsaker i morgon heller, sidan dagen vil bli avslutta av ein etter alt å døme svært lang pressekonferanse frå Sony. Vi gler oss, og satsar på mykje nytt vi aldri trudde vi skulle få sjå. Som til dømes ein syltynn versjon av PlayStation 3, som ikkje brekker ryggen på dei som er dumme nok til å flytte på den.

Me talast i morgon! Då er det Lasse sin tur til å oppsummere dagen, gled deg. Det gjer vi.

Siste fra forsiden