Blogg: Gamescom, dag 2

Luft, må ha luft!

Tannhjula byrjar endeleg å rotere for ei av verdas største spelmesser.

KÖLN (Gamer.no):No brakar det laus her. Dag to er over (om vi ikkje inkluderer sveitte kroppar som sit på hotellrom og skriv til seint på kveld). Vi har unnagjort nokre interessante foredrag, og to pressekonferansar frå to av bransjens største aktørar; Sony og EA. Forutan ein erkegrom Star Wars-trailer på tysk, hadde ikkje EA så mykje nytt å skilte med, og det meste dei sa visste vi eigentleg frå før. Den eine store, nye, fagre og svært forventa nyheita kom frå Sony. Som dei fleste nok har fått med seg no, går prisen på PlayStation 3 ned, og maskina blir mindre. Godt jobba Sony, så får vi sjå om Microsoft etter kvart følgjer etter.

Peter Moore får nok av sine eigne produkt. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)

Likevel må vi klage, igjen. Det er triveleg å vere på konferansar, men alvorleg talt. Vi må ha luft. Utan luft kan det gå gale, noko du kan lese meir om her. Lufta på begge konferansane i dag var eksepsjonelt dårleg. Med ein lufttemperatur på opp mot tredve grader utandørs, seier det seg sjølv at den blir enda verre inne, i eit lokale utan fungerande ventilering. Sleng på nokre hundre journalistar som alle har sveitta godt gjennom ein heil dag, og du har ei eim som sikkert kan ende opp som patentert parfyme i Mordor.

Humøret blei løfta litt i form av skilta vaktene til Sony gikk rundt med, der det stod «TST Securities», noko som fekk oss til å flire av den openbare assosiasjonen til vår eigen redaktør; Tor-Steinar Nastad Tangedal, eller TST for kort. Vi skulle gjerne tatt bilete, men vi var for sjenerte, sidan skilta stort sett hang akkurat i brystregionen til dei smekre damene som haldt orden på folkemengda.

Sonysjefen sjølv, Kaz Hirai. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)

Ein lang dag

Tidlegare på dagen var vi igjen vitne til forskjellige foredrag av variabel kvalitet. Lasse storma til dømes ut frå eit foredrag om design i spel, sidan det i følgje han blei fullstendig meiningslaust. Mikael heldt samtidig på å bukke under av eit inngåande foredrag om reklame i spel. Det er mykje som høyrest interessant ut her nede, men i praksis er det ofte av ein så teknisk natur at det går fullstendig over hovuda på vanlege folk utan mange år med spesialisert erfaring innan det gitte feltet.

Eg hadde litt meir flaks enn mine to kollegaer. Eg har vore vitne til framtida, som tydelegvis kjem i form av stereoskopisk 3D. Det ser lovande ut, men eg kan ikkje seie eg er hundre prosent overbevist heilt enno. Du finn ut kvifor i ein komande artikkel. Seinare på dagen var eg vitne til eit panel der fire erfarne damer diskuterte speldesign. Dei hadde faktisk ein del svært interessante idear å kome med, som eg håpar ein vakker dag blir gjennomførte.

Merk sveitta på bartenderens rygg, her var det . (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)

Taktskifte

Sjølv om GDC held fram i morgon òg, er det ikkje der vi vil rette fokuset, sidan det samtidig er første dag for Gamescom. Vi må nytte den tida vi har svært godt, sidan kalaset opnar for publikum på torsdag, noko som umiddelbart vil bety lange køer, bråkete tenåringar, og ei lang rekke meir eller mindre gjennomførte kostymer. Sistnemnde kan kanskje bli av interesse, sidan det skal vere CosPlay-konkurranse her. Vi kan lett frykte det verste, med mange Cloud og Sephiroth-kloner, men eg skal love å ta bilete om eg kjem over eit godt gjennomført Dead or Alive: Extreme Beach Volleyball-ensemble.

Morgondagen betyr starten på høgt blodtrykk og overhengande stress. Vi har ei lang liste med herlege godsaker på planen. Mikael skal kickstarte dagen med Microsoft sin pressekonferanse, der vi er rimeleg sikre på at Peter Molyneux skal annonsere Lionhead sitt nyaste spel. Sannsynlegvis blir det fullstendig revolusjonerande, som vanleg. Seinare skal Mikael på ein grundig rundtur hos EA, for å sjå på alt av interesse. Lasse tek det heile eit steg vidare med både Uncharted 2- og Heavy Rain-intervju.

For min eigen del blir det ein magisk start med Divinity 2 og Venetica, før eg seinare på dagen skal vitje Capcom for å sjå på blant anna Dead Rising 2.

Sjåast i morgon!

PS. Eg må beklage ovanfor eventuelle skuffa lesarar som venta seg ein blogg frå Lasse i dag. Eg skal sjå om skal skal få piska han til å gjere det i morgon, eg har merka meg ut eit par klubbar på bykartet som kanskje kan brukast til dette formålet.

Siste fra forsiden