Blogg

Reisebrev: E3 2013, dag 3

Konspirasjonsteoriane heng lågt i denne byen.

Kjære landsmenn.

Det du sikkert lurer aller mest på akkurat no, er kva eg har brukt dei siste dagane på. Vel, her kjem ei lita historie om nederlag. Mandag kveld var ein flott kveld som blei avrunda med det ein kvar speljournalist fryktar aller, aller mest: Død laptop.

Nam!

Jaudå. Der eg på tampen av dagen glad og nøgd og lettare rusar på inntrykk skulle flekke opp maskina for å sjå reaksjonane rundt omkring, blei eg møtt av mørke. Eg var lettare fortvila, men dette snudde seg etter kvart til glede då eg innsåg at eg måte skaffe meg ei ny maskin, noko som betydde at mitt liv med ubrukelege netbooks som knapt klarar å køyre ein nettlesar utan å låse seg definitivt var over.

No sit eg altså her med ein flunkande ny laptop full av Windows 8, trykkskjerm, og eit engelsk tastatur. Det blir litt rot i svingane av og til, men det går stort sett greitt.

Kvifor folk går rundt i åtte timar og drassar på dette gigantiske tullet her er over mi fatteevne.

Armenia, mitt Armenia

I går hadde eg tre rimeleg lange taxiturar, den første var etter messa for å kome meg til Best Buy for å handle. Her møtte eg den første av tre sjåførar frå Armenia. Den andre møtte eg på veg til eit event fult av makabert dyre bilar, og den tredje møtte eg på veg tilbake igjen til hotellet seint på kveld.

Eg har lært mykje om Armenia. Blant anna at 85% av alle som går på skule endar opp med å fullføre universitetet, at det er eit solid armensk samfunn i Los Angeles, samt at dei endar opp med å køyre Taxi fordi ingen vil hyre dei sidan dei har for høg utdanning. Dette betyr i korte trekk at dei er dyrare i drift. Slikt kan ikkje rike selskap ta seg råd til. I tillegg er i alle fall ein av tre armenarar litt deppa over matkulturen i statane som legg lokk over dei viktige familiemiddagane.

Ord blir fattige.

Men det viser seg òg at ein av tre armenarar har uhyre mykje peiling på sci-fi. I alle fall dei over 50. På veg tilbake til hotellet diskuterte eg alt frå Defiance til Buffy og Firefly med ein imponerande godt skulert eldre sci-fi-fanatikar.

Fotsåletortur

Akkurat no er eg mest trøtt, men òg ganske sliten. Å tråkke rundt slik som vi gjer her tek på. Når ein sleng på ei lita dose jetlag som sørgjer for at min elles ganske så tunge søvn er veldig lett, noko som gjer snorkinga frå nabosenga vond å handtere, skal det ikkje mykje til før ein er på brestepunktet over kva eit menneske kan tole.

Det kjem berre eitt einaste båsbertebilete frå meg; dette.

På messeområdet går det heile på autopilot. Du får ikkje tid til å tenkje. Du skal fram, du skal tilbake, du skal sjonglere avtaler, og du skal helst kome deg frå ein hall til ein annan på under fem minutt. I tillegg skal ein kanskje prøve å få med seg ein og annan ting ein ikkje har avtaler på, men det er ikkje alltid like lett sidan køane er lange, og messegolvet er hakket trongare enn tidlegare år.

Eg har uansett fått med meg mykje moro. Eg veit i alle fall at ein lesar vil bli glad over at eg har sett på nokre lovande spel frå nokre tyske folk. Europa er eigentleg ein fascinerande verdsdel. Du ser alle desse storproduksjonane frå statane der opp mot fleire hundre personar er med på eit spel, og så kjem eit griselekker spel som Lords of the Fallen og slår kjeven din ut av ledd. Av og til blir ein litt satt ut. Det blei eg i går.

Det er dette vi kallar ein sosial start på dagen.

I dag var det derimot musikken som først og fremst gav meg varme krampar i hjartemuskelen. Eg kika som smått på årets utgåve av Rocksmith, og jam-modusen der ser alvorleg lovande ut. Det same kan seiast om Fantasia frå Disney og Harmonix. Makan til musikalsk speleglede har eg ikkje erfart på lang, lang tid.

Ein og annan antikvitet har snike seg inn på messa.

Oss usle spelemenn

På veg til T-bana etter messa fekk vi gleda av litt nærkontakt med ein fyr som sannsynlegvis les hakket for mange konspirasjonsteoriar. Med megafon og dårleg stemning skjelte han ut alle rundt seg. Det imponerande var kor mykje han visste om oss. Han visste vi budde i kjellaren heime hos mamma, at vi aldri hatt vore i nærleiken av seksuell aktivitet, og ikkje minst at vi berre bedøva oss med PSP-en vår.

Eit par år etter skjema.

Ærleg talt, skal ein først bruke slik argumentasjon får ein no i det minste hente fram eit døme som har penetrert marknaden i hakket større grad enn PSP.

Utover det er tydelegvis Obama leiar for ein mafiaring som spionerar på oss medan dei misbrukar born seksuelt.

Denne kjøpte seg sjølv.

Så veit du det.

På ein hakket meir lystig måte kan det nemnast at eg, og spesielt Marius, har prøvd å variere synginga litt i dag, spesielt med Rolling in the Deep, men den sit ikkje like godt som gårsdagens perle. Eg har prøvd meg med å synge Achy Breaky som om eg var Didrik Solli Tangen, men den ideen var det ingen som syntest noko om.

Over og ut. No skal det sovast.

Heilt til slutt, ei gåve frå meg til deg. Gamer.no at work:

Siste fra forsiden