Blogg

Reisebrev frå E3, dag 0

Ei intens veke med nye, fantastiske spel står for tur.

No er vi endeleg på plass i blant palmar og skyhøge reklameplakatar i solbyen Los Angeles. Det har vore ei lang og forferdeleg keisam reise, men alt det ligg bak oss. Eller, det hadde vel vore bak oss om det ikkje var for denne bloggen. Første dag i Los Angeles er ikkje akkurat den som byr på dei mest interessante nyhenda, men ein liten statusrapport må likevel til.

Treg avgang

Vi møttest laurdag ettermiddag i godt humør og tok inn på SAS Radisson ved Gardermoen. Det blei ein lang kveld der både eg og Lasse stod over søvn total, kanskje i eit håp om å sove ekstra hardt på flyet over dammen. Søvn blei erstatta med prat som i takt med dei seine timane gikk frå å vere vaken og skarp, til å bli sløv og guttural. Om det er søvnen eller dei groteske mengdene nikotin som har skulda veit eg ikkje, men vi kom oss gjennom det, og borda flyet til helvetesflyplassen Frankfurt rundt klokka seks søndag morgon.

Eit syn som får blodet til å bruse

Tyskland viste seg som vanleg på slike turar å vere eit ugjestmildt land. Trege passkontrollar og konstant vandring gjennom trapper og heisar slo fast for ørtande gong at ting ikkje skal vere lett på denne gudsforletne flyplassen.

Heldigvis hadde vi ikkje eit behov for mat den korte stunda vi var i Tyskland, så vi slapp unna dei verste elementa av denne labyrinten. Heilt fri var vi derimot ikkje, for då alle var godt på plass i flyet, og hjula sakte byrja å rulle av garde blei det full stopp. Ei dame med born fann visst ut at ho ikkje ville vere med likevel, og difor blei det eit lengre stopp som forseinka utfarten med omlag ein time. Akkurat det vi likar å bli møtt av når ein over elleve timar lang tid står framfor oss med mord i blikket.

Vakre Los Angeles

Vel framme i min andre heim var det eigentleg berre ein ting som stod i hovudet på oss alle tre: Mat. Vi hasta oss til det flotte hotellet Sheraton midt i kjerna av Los Angeles, der Mikael har eit lusent rom i 15 etasje, og eg og Lasse tronar høgt oppe i 19. Etter ei kjapp innsjekking var det tid for ein betre middag i hotellets svært så behagelege stolar.

Diverre må eg informere om at vi ikkje har eit einaste bilete av mat-inntaket så langt på ferda, men vi skal nok få orden på det i framtidige bloggar. Kosten har vore ei god blanding av plastikk på flyet, feit mat som tyt ut av porane til både Lasse og Mikael, og eit par vegetariske salatar i min eigen kropp.

No kan morgondagen berre kome.

For mine auge har kosten til Mikael og Lasse ein tendens til å sjå ut som frityrsteikt oppkast, og eg blir ikkje heilt overbevist over vala deira når det eg høyrer mest under måltida er klager på krydderbalansen eller konsistens. For min del har eg ikkje hatt grunn til å klage, og det slår vel eigentleg berre fast for min del at den sunne veg er den rette veg. Ein skulle tru det var meir styr, men den gong ei.

Etter maten var det tid for å plukke opp pressekorta våre slik at vi er klare for morgondagen.

Det er i morgon det heile startar, og vi sparkar laus med Microsoft sin pressekonferanse, før vi hastar vidare til Electronic Arts, Ubisoft og til slutt Sony. Det blir nok mykje å få med seg, så i staden for å sitje her og skrive om ingenting sidan dette har vore ein veldig innhaldsfattig dag, trur eg heller eg skal følgje opp Lasse sitt forslag om å ta kvelden. Ei god natt søvn er akkurat det eg treng no etter ein støl flytur, og sidan mitt program ikkje sluttar før ved midnatt i morgon, er det best å vere føre var.

Vi snakkast seinare, og du kan sjå fram til mykje godt stoff frå teamet i Los Angeles i dagane som kjem.

Siste fra forsiden