Blue Dragon til Europa i august

Japanske rollespel har for vane med å ta seg god tid før dei kjem til Europa. Ei ventetid på opp mot eit år etter lansering i Japan, og eit halvt år etter USA er ikkje uvanleg. Microsoft snur trenden, og lanserar Blue Dragon på begge sider av atlanterhavet i slutten av august.

Skjermbilde frå Blue Dragon
Skjermbilde frå Blue Dragon

Spelet vil kome i sal 24. august, og er enda eit ledd Microsoft si auka satsing på japanske utviklarar for Xbox 360.

I Blue Dragon får du møte den unge guten Shu og venene hans der dei må legge ut på eit stort eventyr for å redde verda frå vonde makter. Heltane får mektige krefter frå skyggane sine som tek forma til forskjellige magiske dyr, som til dømes ein minotaur og ein drage.

Spelet er utvikla av Artoon, som står bak kattehelten Blinx. Det er produsert av Mistwalker, selskapet Final Fantasy-veteranen Hironobu Sakaguchi starta etter at han slutta hos Square Enix. I tillegg har han fått med seg store namn som Nobuo Uematsu og Akira Toriyama. Nobuo Uematsu er komponisten bak musikken i dei fleste Final Fantasy-spela, medan Akira Toriyama skapte teikneserien Dragon Ball, og har stått for all karakterdesign i Dragon Quest-serien.

Forrige gong desse tre herrane samarbeida, var på det kritikarroste rollespelet Chrono Trigger til Super Nintendo.

Ein snikkikk på Blue Dragon kan ventast på Gamer.no om kort tid.

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen