Anmeldelse

Buffy the Vampire Slayer: Chaos Bleeds

Buffy the Vampire Slayer er historie som TV-serie, men det betyr ikkje at vi ikkje kjem til å sjå meir til gjengen som har bekjempa vampyrar og andre demonar gjennom sju sesongar. Serien har skapt eit enormt univers som har boltra seg gjennom både teikneseriar og bøker.

Side 1
Side 2
Side 3
Side 4

Problematisk kamera
Eit problem som vil vise seg litt for ofte er at kameraet på ingen måte er din venn. Dette er eit spel med mange gangar, der det er begrensa med plass. Som ei følge av dette kan spelet av og til ende opp som ein kamp mot kameraet, i motsetning til den verkelege fienden; den første, vampyrar og andre unaturlege skapningar. Kameraet i Chaos Bleeds er av den typen som krasjar mot veggar, og sidan det i tillegg har ei solid avstandsgrensa frå karakteren du brukar, betyr dette at i visse situasjonar må du kjempe mot ein fiende du ikkje ser. Det skjer ikkje veldig ofte, men ofte nok til at det blir eit betydeleg problem.

I tillegg til historia som burde ta deg gode ti timar å spele gjennom, byr Chaos på fire forskjellige typar fleirspelar-modusar. Dessverre gir ingen av desse oss sjansen til å spele gjennom historia med to karakterar. Alle modusane set deg opp mot ein anna spelar i forskjellige konkurransar. Desse er alt frå å samle flest kaniner, til å banke flest monster. Det er ingen av desse modusane som burde slå deg som spesielt gjennomført. Til å byrje med har du ei bane og eit begrensa utval kampkjemper. Du får fleire karakterar å velje mellom etter kvart som du spelar gjennom historia, men å få nye baner tar lang tid. Sidan den bana du har tilgang på innleiingsvis er forferdeleg liten, trekk dette ned.

Grafisk er spelet omtrent identisk med forgjengaren. Med visse unntak. Buffy liknar enda mindre på seg sjølv denne gong. Det er vanskeleg å godta den skapningen som spring på skjermen, for når du ser ansiktet er det absolutt ingenting som minnar om Buffy. Dei karakterane som er best gjennomført er Xander, Giles og Sid the Dummy. På den negative halvdelen av bana står Spike på førsteplass med eit ansikt som ikkje burde vere tillete innanfor anatomiens lovverk. Resten av spelet er gjenskapt på ein flott og truverdig måte, men det har ein tendens til å verke litt utdatert. Det går fint an å skape mykje betre grafikk på Xbox. Spesielt i filmsekvensar lid Buffy under dette problemet. Animasjonane er stive, og spelet er omtrent blotta for ansiktsuttrykk.

Det er ingenting ved grafikken i Buffy som imponerar. Teksturane er solide, men byr ikkje på noko nytt i forhold til det første spelet. Merkeleg nok er det animasjonane som framhevar seg. I motsetning til i filmsekvensar, er det ingenting som minnar om stive figurar når du spring rundt i Sunnydale. Spelet byr på truverdige kampscener, der beista du skal ta knekken på reagerar slik du forventar. I tillegg er det større variasjon mellom vampyrane enn kva det var i det første spelet. Der hadde den same vampyren ein lei tendens til å dukke opp alt for ofte. I Chaos er det fleire forskjellige vampyrmodellar, noko som gjer ein god jobb i å innbille oss at det er meir enn tre-fire vampyrar i heile Sunnydale.

Side 1
Side 2
Side 3
Side 4

Siste fra forsiden