Anmeldelse

Bullet Witch

Høge helar og store mengder naken hud er vårt beste våpen når demonane går til angrep.

Nokre forhold er ikkje meint å vare. Du skjønar det tidleg, men det er likevel noko som hindrar varslingslyktene frå å blinke. Det er som om ei usynleg kraft trekk deg mot denne skapningen som står framfor deg lik eit symbol på alt godt i verda. Innerst inne ser du klårt og tydeleg at det er noko feil, noko veldig feil, men du vel å ignorere det, og håpar på det beste. Den rå og dyriske krafta dreg deg mot målet i eit fåfengt håp om at dette kan bli ei reise du vil minnast med kjærlege tankar og bankane hjarte.

Akkurat no veit eg kva denne krafta er. Det er hoftene til Alicia, den smellvakre heltinna i spelet. Den første tida eg fekk ha på tomannshand med Alicia blei godt brukt til å studere korleis hoftene hennar vaggar hypnotisk opp og ned. Eg er fengsla. Dei vrikkar på seg i ein magisk dans som mest minnar om eit trylleformular. Eg klarar ikkje å sjå bort, uansett kor godt eg veit at dette kjem aldri til å fungere. Eg berre tilbringe litt meir tid saman med min nye flamme. For ho er så vakker, så fager, og så fordømt tøff der ho slenger rundt på sitt banalt overdimensjonerte våpen.

Alicia er ei heks. Ho kler seg akkurat slik eg likar det, og ho jaktar på demonar og anna styggedom som har invadert jorda vår. Eg er forelska. Eg er villig til å tilgi hennar feil. Eg er villig til å tilgi at ho er like presis med våpenet sitt som ein blind sjimpanse i ein Formel 1-bil. Men mest av alt tilgir eg at ho beint fram lurer meg til å tru at eg har det moro. Frykteleg moro.

Når søppel luktar godt

For å ta i bruk grov tale er Bullet Witch godt kamuflert restavfall. Om ein skal ta fram skalpellen og analysere på hardt vis, er det få ting som talar i Alicia sin favør. Bullet Witch er så mangelfullt som kun obskure japanske spel kan få det til. Det er fullt av stein stokk dumme fiendar, enorme beist som alle har eit ufatteleg dårleg kamuflert svakt punkt, og ei solid dose med merkelege tekniske glippar som til dømes enorme monster som brått forsvinn når du snur ryggen til dei. Strengt tatt burde du ikkje site igjen med noko som helst når spelet er over, men av ein eller anna grunn blei eg så fengsla at eg for første gong på lang tid blei sitjande gjennom heile rulleteksten. Pussig.

Bullet Witch er eit skikkeleg godt gammaldags actionspel. Du får sjølvsagt sjå den lekre heltinna bakfrå, og det er vanskeleg å ikkje trekke på smilebandet når ein ser det enorme våpenet ho spring rundt med. Spelet er krydra med statiske fiendar, enorme og til dels svært godt gjennomførte sjefskampar, og mange lekre ferdigheiter å leike seg med. Først og fremst har vi våpenet til Alicia. Dette startar som eit automatvåpen, men kan oppgraderast slik at du ved eit kjapt knappetrykk kan skifte mellom pumphagle, rifle, eller mitraljøse.

Dette er uansett berre forretten. Alicia har eit arsenal av magiske krefter som kun kan beskrivast som ein relativt kvalm publikumsflørt. Det startar ganske roleg med ein lynbolt som lett smadrar dei store tankane du finn rundt omkring. Du kan eventuelt bruke rå magisk kraft til å sende bilar og skrapjern flygande mot fienden. Om du er omringa av eit lite hav med sinte zombier, kan du sleppe laus ein flokk med ramnar som skapar vill panikk blant dei kaklande tullingane. Det blir gradvis større og betre. Ein tornado kan rive bygningar frå kvarandre, og meteorstormane smadrar til og med enorme skyskraparar, noko som utnyttar fysikken i spelet til fulle.

Nivådesignen er ikkje like heldig. Tidleg i spelet er den prega av diverse veggar i forskjellige fargar. Dei gjer den store byen ganske liten. For å fjerne desse litt infantile veggane, må du skyte ned forvokste hjernar som svevar rundt høgt oppe i lufta. Sjarmerande nok driv desse hjernane og nynnar på ein ganske munter trall, ein liten kontrast til alle bilane dei løftar opp og kastar mot deg i høg fart om du skulle våge deg for nærme.

Ekstrem oppussing

Alle ferdigheitene i spelet kan du bygge opp mellom kvart kapittel. Når du er ferdig med eit kapittel vil du få servert eit samandrag over kor godt du har jobba. Om du har gjort ein god jobb vil du få ein god karakter og tilsvarande mange poeng å fordele på nye ferdigheiter. Gjer det dårleg, og du får få poeng. Kor godt dette fungerar kan jo diskuterast. På ein måte er det jo moro å bli belønna for å ha utført ein god jobb, men samtidig er det litt frustrerande å måtte slite enda meir på neste brett kun fordi du ikkje var god nok på forrige, noko som ofte skuldast spelet si oppbygging meir enn dine ferdigheiter.

Den store utfordringa i spelet kjem så og seie aldri frå intelligente fiendar som utfordrar deg med sine kreative angrepsmønster. Dette skjer ikkje ein einaste gong i løpet av spelet. I staden spring dei rett mot deg som hundar etter ein kjepp, og er såleis ganske billeg kanonføde. I seg sjølv byr aldri fiendane på ei god utfordring. Så framt du er i stand til å styre siktet dit fienden oppheld seg burde alt gå bra. Det er ingenting ved dei som byr på ei større utfordring enn kva du får på ei skyttarbane der den stor pappelgen raskt flyttar seg mellom to punkt. Utfordringa kjem frå heilt andre hald.

Utfordringa oppstår når det blir så mange av dei at du får store problem med å unnvike kulene. Presisjonen i Bullet Witch er mangelfull på sitt beste, og all sikting skjer i rykk og napp. Du finn ingen autofokus som gjer jobben din litt lettare. Nei, her skal du treffe på millimeteren, gjerne medan fiendane spring rundt i ring i eit større tempo enn analogstikkene er i stand til å registrere. Ei mus hadde gjort seg akkurat her, eller kanskje ein gjeng med utviklarar som hadde skjønt at kontrollen kanskje burde ha vore hakket meir presis.

Bøddel frå avstand

Om du ikkje brått druknar i fiendar, og står utan nok magisk kraft til å sende ut ein tornado, kan du banne på at det ligg ein godt skjult gubbe med kikkertsikte. Kikkertsiktet i Bullet Witch er utan tvil det mest utilgivande eg nokon gong har vore i kontakt med. Du veit du er i trøbbel når du ser den raude stripa på skjermen. Lasersiktet er ikkje kun ein indikasjon på at nokon har sett deg, det er og ein klår bodskap om at du er død. Kjem du deg ikkje i skjul ganske kjapt er det tilbake til forrige sjekkpunkt. Det spelar inga rolle kor mykje helse du har. Eit skot frå denne karen, og du er død. For å gjere vondt verre er det så god rekkevidde på desse folka at du i dei fleste tilfelle ikkje har snøring på kvar dei eigentleg er.

Det er veldig lett å sjå alle feila og manglane til Bullet Witch, men samtidig har eg vanskeleg for å oversjå den reine og skjære gleda eg får ved å spele det. Spelet er ikkje heilt vellukka, men det har ein sjarme eg ikkje greier å ignorere. Det er som ein litt halvdårleg anime-serie, nokon elskar den, andre skyr den som pesten. Det same kan nok seiast om Bullet Witch. Historia er like tåpeleg som ein kan forvente, og skodespelet er heilt katastrofalt. Men på ein absurd måte er dette også det som gjer det bra.

Grafikken er like variabel som resten av spelet. Du finn alt frå detaljerte område med fantastisk lyssetting, til blasse skogar der tåka mest ser ut som bomull. I starten er dei fleste område ganske kjedelege, men så snart ein flyttar seg utanfor byen byrjar det å ta seg opp. Spesielt eksplosjonane i spelet er godteri for auga. Bygningar og køyrety flyr for alle vindar, og det er ytterst sjeldan at bildeoppdateringa slit. Det penaste i spelet er uansett Alicia. Utviklarane hos Cavia har prestert å lage ei heltinne som har eit så tiltalande ansikt at ein blir fascinert sjølv om ho nesten aldri viser eit einaste uttrykk. Musikken er like pompøs og dramatisk som ein kan forvente, og heldigvis er den temmeleg bra og.

Konklusjon

Bullet Witch er eit merkeleg spel. Det er fullt av små ting som lett bygger seg opp til store irritasjonar. Det har til tider prehistorisk nivådesign, og den kunstige intelligensen høyrer heime i det nylanserte Turtles-spelet på Xbox Live. Omtrent alt talar spelet midt imot, men likevel er det lett å kose seg. Det er moro, uansett kor dårleg det skulle være. Det har ei cheesy historie som kommanderar deg til å finne litt popcorn, og om du stirrar lenge nok på dei veldig overbevisande modellerte hoftene til Alicia, gløymer du det meste som irriterar deg. Eigentleg er Bullet Witch litt som ein rask sommarflørt. Det er sinnssjukt deilig så lenge det varar, men innerst inne veit du at dette kjem aldri til å fungere.

Siste fra forsiden