Bygg din eigen skatepark i Tony Hawk's Pro Skater 5

Skatehelten vender tilbake seinare i år.

Activision

Det er heile 13 år sidan sist, men i år kjem omsider Tony Hawk's Pro Skater-serien tilbake. I ei fersk pressemelding avslører Activision det femte spelet i serien, og fortel at vi kan vente oss ei god blanding av gamle triks og nye element.

Som forventa blir det eit spel der fokuset først og fremst ligg på å utføre imponerande skatetriks på ei rekke skatebaner. Nytt i Pro Skater 5 er eit stort fokus på nettspeling der spelarane på ein enkel måte skal kunne henge seg på andre spelarar for å prøve seg på diverse utfordringar.

Bygg dine eigne baner

Tony Hawk er tilbake.

Activision at fortel vidare at du skal få byggje dine eigne skateparkar, noko som ved sidan av nye prestasjonsfremjande gjenstandar og angrep med ulike prosjektil bør kunne by på mange nye utfordringar.

Tony Hawk's Pro Skater 5 kjem til Xbox One, Xbox 360, PlayStation 4 og PlayStation 3 i løpet av året. Du vil kunne skru saman din eigen skater, eller nytte kjende skaterar som Tony Hawk, Nyjah Huston og Riley Hawk.

Tony Hawk er ikkje den einaste spelserien Acitvision har børsta støvet av den siste tida. Nyleg avslørte dei eit nytt spel i Guitar Hero-serien. I Guitar Hero Live får vi ein heilt ny plastgitar å leike oss med, samtidig som spelet prøvar å skape ein illusjon av å spele på ei ekte scene framor eit ekte publikum.

Siste fra forsiden