Call of Duty: Ghosts er offisielt

Får sin debut under Microsofts avduking av neste generasjons Xbox.

Førre veke skreiv vi at det neste spelet i Call of Duty-serien moglegvis var avslørt. Gjennom promomateriell og namnet Call of Duty: Ghosts, så det ut til at vi i det minste hadde tittelen på det neste spelet i serien som kvart bidige år set nye salsrekordar.

I dag er det offisielt. I ei pressemelding skriv Activision at det neste spelet i Call of Duty serien blir Ghosts, og at det blir utvikla av veteranane hos Infinity Ward. Infinity Ward har gått gjennom ei turbulent tid i det siste, og mista blant anna sjefane sine for nokre år sidan. Det set derimot ingen hinder i vegen for å slå på stortromma:

«Alle forventar at vi skal gjere noko trygt og lage Modern Warfare 4, men vi er ikkje interesserte i å slappe av. Vi ser på overgangen til ein ny konsollgenerasjon som den perfekte sjansen til å starte eit nytt Call of Duty-kapittel. Med det i tankane byggjer vi eitt nytt Call of Duty-merkenamn, ein ny grafikkmotor, og mange nye idear og opplevingar for spelarane. Vi kan knapt vente med å dele dei med spelarsamfunnet», fortel Infinity Ward-produsent Mark Rubin i pressemeldinga.

Nye heltar og utfordringar

Pressemeldinga fortel vidare at spelet vil by på ei heilt ny historie, setting og eit nytt persongalleri. Som nemnt i vår artikkel førre veke var det mykje som tyda på at hovudpersonen i Call of Duty: Ghosts kunne vere figuren Ghost frå Call of Duty: Modern Warfare 2. At spelet kjem med eit nytt persongalleri slår sprekkar i denne teorien, sjølv om ingenting er umogleg.

Saman med kunngjeringa i dag har Activision lansert ein tematisk trailer for spelet. Den viser absolutt ingenting frå spelet, men tek i staden ein stemningsfull gjennomgang av ulike måtar vi har brukt masker på opp gjennom historia.

Vi kan vente oss dei første glimta av Call of Duty på neste generasjon den 21. mai. Da skal Microsoft vise fram sin neste Xbox-konsoll. Activision og Microsoft har hatt eit svært godt Call of Duty-samarbeid, og at Call of Duty: Ghosts blir blant spela som visast fram under Xbox-avdukinga vitnar om at dette ikkje kjem til å endre seg med det første.

Call of Duty: Ghosts kjem i sal for Windows, PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360 og neste generasjons Xbox. Lanseringsdatoen er sett til 5. november, men om denne gjeld for neste generasjonsversjonane veit vi ikkje enno.

Les også: Anmeldelse: Call of Duty: Black Ops II Les også: Activision gir bort 21 millioner kroner til soldater

Siste fra forsiden