Anmeldelse

Chaos Legion

Capcom prøvar seg igjen. Har du først funne ei ku som gir god melk, er det berre rett og rimeleg å melke den for kvar dråpe den er verd. Først fekk vi Resident Evil, som for så vidt produserte god melk i mange år. Ei stund seinare fekk vi Devil May Cry, og denne melka var frisk og god, sjølv om mange ikkje likte smaken av oppfølgjaren.

Side 1
Side 2

Capcom tenkte ikkje tanken: ”Greit, nok er nok”, men bestemde seg heller for å prøve enda ein gong. Kva er den siste geniale tolkninga av ”skyt, drep, muahahaha” sjangeren? Jo, vi kastar dusinvis av identiske og mindre skremmane monster på skjermen, så gir vi spelaren nokre monster han kan kontrollere sjølv. Det måtte jo berre bli bra. Eller så tenkte Capcom.

I uoriginalitetens namn
Det er lett å undre seg på kva som eigentleg foregår i ei bedrift som Capcom når dei lagar slike spel. Greit nok, Capcom er kjende for å melke produkta sine til det ekstreme Street Fighter, men det får vere måte på. Regel nummer ein når ein skal melke eit produkt er at ein tar dei beste sidene frå eit spel, og kanskje sper på med eit par nye idèar, som gir litt meir liv. Dette har dei forsåvidt klara greit, med det unntaket at dei beste sidene er bytta ut med dei verste. Chaos Legion kunne ha fungert ufatteleg bra, hadde det ikkje vore for at det ikkje engasjerar lilletåa mi eingong. Det bør ikkje ta mange minuttane før du innser at kjedsomheita brer om seg, slik svartedauden gjor for nokre hundre år sidan. Eller kva seier du til tanken på ei historie om to menn, tidlegare gode vener, som no er bitre fiendar? Høyrt det før?

Det lovar faktisk ikkje så verst når du ser gjennom menyane og høyrer på musikken. Originaliteten er ikkje i høgsetet, men det er ein viss stil over det heile, og den resirkulerte Nine Inch Nails-inspirerte musikken set deg for såvidt i noko som kan samanliknast med stemning. Filmsekvensane som prøvar å fortelje deg kva som foregår, er heller ikkje vonde å sjå på. Til og med det første minuttet (kanskje halvanna, men toppen to minutt) av spelet lovar bra. Det er då det skjer. Du skjønar at dette er alt du får, alt du kjem til å få, og herregud så kjedeleg det kjem til å bli. Febrilsk trykker på firkant-knappen i eit håp om at å drepe eit par dusin med monster til, skal avdekke nokre sider av spelet som forhåpentlegvis ligg der.

Å trekke fram dei negative aspekta ved Chaos Legion er ganske vanskeleg. Det er heller lettare om ein fokuserar på dei positive sidene; svært få. Du får sjå mange monster samtidig, og spelet hakkar svært sjeldan, noko som må seiast å vere ein prestasjon. Dessverre er dette alt som kan seiast å vere imponerande med spelet. Det einaste som eigentleg ser bra ut er menyane og hovudpersonen. Monstera ser også forsåvidt greie ut, men designen er så håplaus at den kan vekke til minne traumatiske opplevingar i barndomen til dei fleste. Det er firbeinte mutantmonster vi har sett alt for mange gongar før. Bakgrunnane har eit visst gotisk preg over seg, og den generelle idèen er ikkje så dum, men uskarpe tesksturar, og kulissar som sannsynlegvis ikkje eingong veit kva polygonar er, trekk alt ned til ei sørpe som er svært vanskeleg å tyde. Verre blir det av at omtrent alle område ser heilt like ut, med akkurat same teksturane strødd ut over, berre med litt justeringar på farge og lys. Noko anna som etter kvart blir frykteleg distraherande er korleis hovudpersonen på ein måte står i ro, når han går. Føta bevegar seg raskare enn resten av kroppen, noko som kastar siste rest av realisme ut vindauget.

Eit fiendtleg kamera
Å springe rundt i dette såkalla landskapet er frustrerande nok, men torturen endar ikkje der. Kameraet skal som regel, forhåpentlegvis, vere din ven. Kameraet i Chaos Legion hatar deg, det vil du skal dø, og det gjer ein svært god jobb i akkurat det. På dei mest håplause stadar svingar det rundt og får deg fullstendig ut av samanheng. Ikkje bli overraska om du brått ikkje er sikker på kvar du er blandt alle monstera. Det er for såvidt ikkje berre kameraet som gjer det vanskeleg å ”finne seg sjølv”. Monoton lyssetjing og bruken av same fargen om igjen gjer det svært enkelt å forsvinne blandt alle krypa. Det blir ikkje betre av at du på mirakuløst vis ikkje kan springe lengre, så snart eit monster viser seg. Den openbare mangelen på ein knapp som let deg låse deg på ein fiende, fører også til ein del frustrasjon. Når du angrip fiendar, er det kune dei som er rett framfor deg som tek skade, og sidan du bevegar deg medan du angrip, glir du raskt forbi målet ditt. Resultatet blir å måtte snu, stille seg opp på ny, og få eit slag under beltet samtidig. Det er klart at noko av det viktigaste av alt i eit slikt spel er kontroll, og kontroll er det du sannsynlegvis har minst av, gjennom den tida du spelar Chaos Legion.

Det du lurer mest på akkurat no er kanskje kva ein Legion er, og kvifor ”Chaos”? Vel, det siste er enkelt å svare på; spelet èr kaos, og bortsett frå at du finn hordar av beist på skjermen samtidig, så har legionane ei ganske sentral betydning. Etter kvart får du tilgang på fleire forskjellige legionar, som du kan benytte deg av. Desse kan manast fram når du føler for det, forutsatt at du har nok kraft til det. Kraft får du ved å drepe beist, då fyk blå gassar mot deg, og kraftbeholdninga aukar deretter. Når du endeleg brukar ein legion, dukkar eit eller fleire monster opp rundt deg. Desse gjer akkurat det same som deg, dei drep andre monster. Forskjellige legionar er også sterkare mot visse typar monster. Til dømes er nokre sterke mot organiske monster, medan andre bankar mekaniske monster. Dette kan du eigentleg gi blaffen i. Forskjellane mellom legionane er så ubetydelege at kva du vel nesten ikkje betyr noko. Har du ein legion mot mekaniske monster, og ein mot organiske, bør du greie deg heilt fint med dei to gjennom heile spelet.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden