Chris Avellone har slutta i Obsidian

Rollespellegende er på jakt etter nye utfordringar.

Chris Avellone har slutta i Obsidian Entertainment. Han har vore ei uhyre viktig brikke i utviklinga av dei fleste spela Obsidian har utvikla, såvel som klassiske rollespel frå Black Isle Studios.

Nyhenda kom via ei Twitter-melding frå Avellone. Mine Harry Potter-kunnskapar er så pass dårlege at den blir litt vanskeleg å oversette, men det ser ut til at Avellone no har fått seg ny stilling ved Hogwarts.

Ukjend framtid

Pillars of Eternity var Chris Avellones førre spel.

Kva Avellone vil ta seg til no som han ikkje lenger er hos Obsidian Entertainment har han til gode å seie noko om. Med ei solid merittliste bak seg vil han vere eit kupp for mange studio, om han vel å halde fram i spelindustrien.

Det førre spelet Avellone styrte i land var det svært solide rollespelet Pillars of Eternity. Dette nyleg lanserte rollespelet er eit kjærleiksbrev til dei gamle PC-rollespela frå 90-talet, og blei finansiert via Kickstarter.

Avellone har òg lånt sine talent til inXile under utviklinga av deira Kickstarter-finansierte rollespel Wasteland 2.

Blant eldre titlar Avellone har vore med på å skape finne vi klassikarar som Planescape: Torment, Fallout 2 og Star Wars: Knights of the Old Republic 2.

Siste fra forsiden