Anmeldelse

Codename: Panzers

Er du lei av den endelause rekka med urealistiske spel, gjerne godt planta i andre verdskrig? Stormregion har gjort sitt beste for å forandre på akkurat det. Finn fram brylkremen og spenn fast patronbeltet, det er krig.

Side 1
Side 2

Intens og engasjerande krigføring Når du ikkje må bekymre deg for om folka dine går dit du sender dei, byr Codename: Panzers på noko av det mest intense innanfor krigføring eg har sett. Ja, det er vanskeleg, til tider frykteleg vanskeleg, men det er også noko av det som gjer det bra. Å berre storme inn fungerar rett og slett ikkje. Ofte må det nokre forsøk til for å finne ut korleis ein skal gå fram, kvar kanonane skal stå, kvar fotsoldatane skal inn, og når ein skal påkalle bombefly. Om du skal storme ein base, men ikkje veit kva du eigentleg står ovanfor, kan du sende inn eit rekognoseringsfly for å få studert området og plasseringa av fiendane. Det beste av alt; ser du noko du ikkje likar er det berre å sende eit bombefly for å ta seg av det. Sjølvsagt medan alle soldatane dine er på trygg avstand.

Er det noko Stormregion skal ha skryt for, må det vere for å setje saman ein kampanje med ei historie som både er engasjerande og gripande. Vi veit jo alle korleis det heile ender, men å ta del i enkelte individ sine oppfatningar av krigen i så inngåande detalj er det ikkje ofte vi ser. Som regel får vi berre sjå folk skyte kvarandre til ein part går sigrande ut, men her får vi ta del i triste beretningar om falne kameratar og lengselen til å kome heim att. Historia blir fortalt ved hjelp av dagbøker og mellomsekvensar, men det er på alle måtar dagbøkene som får ein til å tenke. Mellomsekvensane gjer jobben sin, men det må seiast at personar som ikkje bevegar på leppene når dei snakkar er forferdeleg distraherande.

Codename: Panzers byr også på fleire moglegheiter for dei som vil spele mot andre. Mest interessant er vel kanskje moglegheita for å samarbeide med vener når du spelar gjennom kampanjen. Sjølvsagt har du også standard alle mot alle krigføring, der du enten skal beskytte ein base, eller ta ta knekken på alle motstandarar, men dessverre har vi ikkje fått prøvd ut noko av dette. Kvifor? Fordi det ikkje er nokon å spele med akkurat no, det er mange pålogga, men ingen har same versjon som vårt eksemplar. Dette kan nok ha ein del med å gjere at dei fleste som spelar er frå tyskland, og tyskland har ein anna versjon. Likevel skulle ein gjerne tru at den siste versjonen av eit spel, med siste patch, vil la deg spele på nettet.

Flotte effekter Grafikken i Codename: Panzers, samt designen er svært god. Både køyretøy og uniformer er flott gjenskapt, og bruk av "motion-capture"-teknikk gir liv både til kampar og filmsekvensar. Eksplosjonane er eit syn i seg sjølv. Du kan sjå korleis ting flyr i alle retningar og røyken brer seg, før sand til slutt fell mot jorda. Det er også godt med variasjon. Ikkje berre ser alle typar soldatar og køyretøy forskjellige ut, men områda er ikkje flate sletter med eit tre her, og ein stein der. I visse område kryr det av tre langs ei åsside, og desse er det berre å køyre ned om dei står i vegen for deg. Det same gjeld gjerde og lyktestolpar i byane. Alle hus du møter på kan øydeleggast, og om det skulle vere snikskyttarar i dei kan du gå inn i husa for å bli kvitt dei.

Sjølv om lyden ikkje er Codename: Panzers si sterkaste side er det nok til å skape ei solid stemninga. Effektane er høyrest for mine øyre autentiske ut, og musikken er akkurat passe pompøs og dramatisk. Heldigvis har Stormregion huka tak i ein gjeng kompitable skodespelarar til å levere dialogen i spelet. Igjen er det når hovudpersonane les frå dagbøkene sine spelet viser si sterke side. Dei høyrest melankolske og triste ut, ikkje berre som ein tilfeldig mann som prøver å gi uttrykk for følelsar han ikkje har.

Konklusjon Codename: Panzers kan skilte med det absolutt populære "berre eit brett til"-syndromet. Sjølv om du har hatt problem med eit brett lenge, og praktisk talt er sliten når du endeleg er ferdig, er det veldig lett å la seg friste av "continue"-knappen. Bretta er varierte og svært godt samansett, og du har etter kvart eit heftig arsenal av våpen å velje mellom. Dessverre er det detaljar som skulle ha vore unødvendige som trekk ned. Ein til tider frustrerande kunstig intelligens kan gjere visse oppdrag til eit sant mareritt, og bretta der du skal beskytte konvoiar er ikkje blandt dei mest originale. Der det fungerar, fungerar det derimot ypperleg. Det er berre frykteleg synd at vi ikkje har fått prøve fleirspelar-modusen, sidan den lovar skikkeleg bra. Den største feilen du kan gjere kva Codename: Panzers angår, er å ikkje prøve det.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden