Sniktitt

Dark Messiah of Might & Magic

Nedslakting av stygge og illeluktande beist har aldri vore så nydeleg brutalt.

Action-spel i ei fantasy-setting er ikkje noko nytt. Det finnes utallige eksempel på spel som først og fremst går ut på å lage kjøtkaker av diverse beist. Felles for slike spel er at dei som regel utspelar seg i tredjepersonssynsvinkel. Av ukjende grunnar er det få som har prestert å få til vellukka forsøk på å innføre sverd i førsteperson. Akkurat dette ser ut til å kunne forandre seg no. Med Source-motoren som basis har Arkane Studios bygd opp eit spel som for alvor ser ut til å kunne ta deg rett inn der det skjer. Ansikt til ansikt med orkar, troll, og enorme dragar.

Du spelar som Sareth, ein ung helt som er trent opp i magi og sverdkunst. Når spelet startar har han relativt god greie på begge felt, men kva han utviklar seg til å bli, er fullstendig opp til deg. Etter kvart som du kjem lengre ut i spelet og drep fiendar, vil du få ferdigheitspoeng. Desse kan du fordele nøyaktig som du vil. Enten kan du fokusere på å bli brutal med eit sverd, du kan bli ei kløppar på ildkuler, eller du kan kombinere dei forskjellige ferdigheitene for å bli ein mellomting.

Det essensielle her er at du ikkje vel nokon klasse, du får ikkje eit namn på kva du er, men ved å fordele poenga dine, vil du gradvis gli over til å bli det eine eller det andre. Til dømes får du utstyr utover i spelet som har visse krav som må være innfridd. Du finn kanskje ein rustning som krev poeng i styrke. Har du lagt all fokus på magi, vil du sannsynlegvis ikkje kunne bruke den. På same måte kan ikkje ein fullblods krigar ta på seg ein robe, sidan den krev poeng i magi.

Eit rom med mange dører

Kva veg du vel å gå vil få enorm innverknad på korleis spelet blir for deg. Ja, du møter dei same monstera i dei same områda, men måten spelet tar imot deg blir forskjellig. Sei at du til dømes har valt å bli ein bogeskytar i verdsklasse. Du kjem til eit område der du ser eit par soldatar rusle rundt på god avstand. Ved sidan av dei ser du nokre tønner stabla på ein lem. Ved å skyte ei pil på ein av stolpane til lemmen, fell den ned og tar med seg soldatane.

Same situasjon, men du er magiker: Sidan du ikkje har god presisjon på lang avstand går du litt nærmare, og legg eit par velplasserte ildfeller på bakken. For å lokke dei mot deg skyt du ei lita ildkule i deira retning. I det dei tråkkar på fella di, flyg dei til alle kantar takka være ein saftig eksplosjon.

Som du ser er det forskjellige måtar å gjere ting på. Du vil alltid ha tilgong på eit bredt utval ferdigheiter, men kva du blir god i avheng av dine val. Sjølv om du er magiker kan du framleis skyte med boge, men om du ikkje vel å bli betre med boge, vil den ikkje bli like nyttig i kampen mot ein del av beista du møter seinare i spelet.

Kampane i Dark Messiah er dynamiske og intense på mange område. Du treng ikkje berre slå laus på fienden, men du kan bruke det du finn til din fordel. Til dømes har mange veggar og søyler piggar stikkande ut av dei. Desse kan du enkelt bruke for å gjære kampen lettare. Spark ein ork mot ein slik, og den heng fast ei sekk med poteter. Du kan eventuelt sparke folk utfor stup, inn i andre, eller inn i eit flammande bål. Å sjå nokon springe rundt omringa av flammar er moro, men det er også lurt å hugse på at du kan bruke båla til å setje fyr på pilene dine.

Fysikken i spelet får veldig stor betydning for mykje av det du gjer. Enten du skal utløyse ei felle, eller skyte ei pil. Pilene blir til dømes påverka av tyngdekrafta, og då må derfor tenke over både avstand og gravitasjon når du skal skyte nokon. Om du vilskyte nokon med magi fungerar det litt annarleis. I staden for å tenke på tyngekrafta, held du ofte gjerne inn museknappen for å føre ei eldkule mot fiendane dine. Det er like moro som det høyrest ut.

Kjøt, flesk og bein

Fleirspelar-modusen av Dark Messiah er eigentleg eit heilt anna spel enn historie-delen. Der historia er utvikla av Arkane Studios, er det Kuju som tek seg av denne delen. Den lovar å by på noko litt anna enn kva vi er vande med. I fleirspelarmodus har du to rasar å velje mellom, dei udøde og menneska. Desse er det absolutt ingen skilnad på uatnom det kosmetiske, og dei har nøyaktig same utval av klassar. Dei forskjellige klassane har sine respektive spesialområde, og det er vitalt for eit lag å arbeide saman, og benytte seg av dei ferdigheitene kvar person kan bidra med.

Les også
Anmeldelse:

Ein lett klasse å starte med er krigaren, alle kjenner krigaren, og det er ikkje stort meir du må forstå enn å springe fram med eit sverd. Dette kan fungere i trange gangar, men ute på ei slagmark blir det raskt ein dårleg idè. Om du spring fram utan støtte frå laget ditt, blir du så og seie like nyttig som ein kroppsbyggar på ei curling-bane. Du blir raskt sendt i bakken av motlaget sine bogeskytarar og magikarar. Det er enkel matte, alle har noko dei er svake for, og det gjeld å bygge opp eit lag som saman kan hamle opp mot det dei møter. Det betyr uansett ikkje at du kjem til å kunne springe rundt som ein superhelt. Du kjem til å dø ofte, særleg i byrjinga før ein har forstått korleis dette spelet eigentleg fungerar.

Ein litt spenstig vri med Dark Messiah er at du får erfaringspoeng i fleirspelar-modusen. Gjennom ein kamp vil du gå opp i erfaringsnivå, og sakte men sikkert bli sterkare. Det er eit veldig interessant konsept som kun blir eit problem når nokon loggar av midt i ein kamp, og nokon nye kjem inn. Om du er på nivå ein, og du møter nokon på nivå 5, er det ikkje så lett å gjere noko fornuftig. Om du er smart og samarbeidar med laget ditt kan det likevel gå bra, sidan det ikkje alltid skal så mykje til for å gå opp i nivå. Ein hyggeleg ting er at du kan skifte klasse under ein kamp, men likevel gå tilbake til ein anna du har brukt, utan å miste nivået ditt.

Noko vanlege fleirspelar-opplevingar byr på, er kuler som fyk med lydens fart. Slikt finn du ikkje i Dark Messiah of Might & Magic. Skyt du ei pil, brukar den vesentleg lengre tid på å nå målet sitt enn kva ei kule gjer. Dette tvingar deg til å tenke annarleis. Du kan ikkje berre sikte på fienden og fyre av. Avhengig av avstand til målet må du gjerne sikte over og til sida for å treffe. Det er noko som mange kjem til å trenge tid for å kome inn i. Ein kan godt skjøne tankegangen bak det, det blir meir realistisk, men det er også nokre urovekkande moment med det. Dei fleste som spelar skytespel online har skapt instinkt av unnvikande manøvrar Det er her problemet dukkar opp. Den fyren du gjerne vil plante ei pil i, spring i sikksakk og hoppar opp og ned. Pila di må du koordinere med tanke på fart og gravitet.

For å seie det slik, ser du at nokon skyt mot deg, har det aldri vore lettare å dukke unna eit potensielt fatalt skot. Dette gjeld i aller høgste grad for magi og. Magien kan ofte være enda tregare enn piler, og den beste sjansen du har er å skyte mot klynger av fiendar, eller at du forhåpentlegvis ikkje blir oppdaga før det er for seint. Sidan du skadar dei på laget ditt med angrepa dine, vil ikkje ei ildkule inn i eit slag være ein god idè, med mindre du har ein prest i nærheita.

Prestane har fått rykte på seg for å være ubalanserte. Dei kan bringe folk tilbake frå dei døde, og dei kan kaste ei rekke hemmande former for magi på fiendane sine. Dei er enkelt og greit ein klasse som kan gjere det mykje lettare for dei andre på laget å drepe det dei skal. Du kan til dømes sakke farten på folk, eller gjære dei blinde, noko som gjer jobben for bogeskytaren mykje enklare. I tillegg kan prestane sjå leigemordarar, sjølv om dei har kamuflert seg. Praktisk for prestane, men ikkje så moro for dei som trivst best med å angripe i det skjulte.

Konklusjon

Det vi har fått sett så langt av Dark Messiah of Might & Magic lovar veldig bra. I staden for å køyre på med eit tradisjonelt rollespel, får vi eit meir actionorientert spel der fokuset ligg på at du skal ha det moro i møtet med fienden. Det har sine rollespel-element sjølvsagt, og desse er satt saman på ein finurleg måte slik at du sjølv vel kva du vil bli gjennom å spele. Det er ingen karakterklassar, og ingen val du må gjere før du startar. Du berre set i gong, får erfaringspoeng, og vel å bli betre på dei ferdigheitene du likar å bruke. Fleirspelar-delen på si side ser ut til å kunne bli noko utanom det vanlege. Er det noko ein aldri tar skade av, er det å tenke nytt, og det er akkurat det utviklarane har gjort her.

Siste fra forsiden