Anmeldelse

Dark Messiah of Might & Magic: Elements

Med over ein times innsats fell alt saman, og eg må starte heilt frå byrjinga igjen. Kvifor? Etter eit angrep på ein større by, der eg har tatt knekken på zombie-versjonen av ein cyclops, har eg gått inn i feil rom. Etter større kampar kan det vere kjekt å sjå seg rundt, og utforske miljøet litt. Dører er alltid av interesse, så eg går inn ei, og finn det som ser ut som ein samlingsstad for soldatar. Eg tenkjer eg kan lagre her, sidan alt ser trygt ut. Sekundar etter står den forferdelege beskjeden på skjermen; tap. Eg har tapt? Kva har eg gjort gale? Eg gikk jo berre inn i eit rom?

Bekjemp mørkets Messias

Vis større

Trailer: Dark Messiah of Might & Magic: Elements #3


Eg tenkjer at det er vel ikkje verre enn å prøve på ny, så eg gjer eit forsøk på det. Dette sender meg berre tilbake til akkurat der eg var, nokre få sekundar med trasking, og spelet er over igjen. Lettare forbausa prøvar eg å leite meg fram til om eg kan starte frå byrjinga av kapittelet, men nei. Ingen val her. I Dark Messiah of Might & Magic: Elements, skjer alt på gamlemåten. Du må lagre sjølv, kvar gang, noko som eigentleg ikkje held mål i ei tid der sjekkpunkt er temmeleg sjølvsagt. Dei sjekkpunkta du finn i spelet, er flyktige, dukkar opp på ulogiske plassar, og blir sletta når du slår av spelet.

Litt paff innser eg at eg må starte heile spelet på ny. Denne gangen skal eg i det minste halde meg langt unna eit meiningslaust rom som gir spelet ein svært tidleg død.

Nokre timar seinare set eg føtene i land på eit nytt kontinent. Eventyret er i gang for alvor, og no skal eg dele orkar i to. Moro. Trur eg. Etter litt spikking med kjøtkniv mot orkekjøt, innser eg igjen at noko er feil. Den snertne dama som har slått følgje med meg oppfører seg litt på kanten av kva sunn fornuft burde tillate. Alle orkane er døde. I følgje oppdraget skal denne dama vise meg kvar eg skal gå så snart det er gjort. I staden har ho funne ut at ho skal angripe den usynlege mannen. Ho ropar svært overbevisande om at han skal halde seg tilbake, men eg ser ingen. Det blir ikkje betre av at ho skyt mot han i alle retningar. Det har nok klikka for ho, tenkjer eg og trykkjer på startknappen for å gå tilbake til ei tidlegare lagring. Eg innser eg har gløymt å lagre på ein time, og håpet svinn hen, atter ein gong.

Alt var betre før

Det var ein gong eit spel som heitte Dark Messiah of Might & Magic. Det var eit PC-spel som gjor eit heiderleg forsøk på å gi oss litt skikkeleg kamp med sverd og magi i førsteperson. For det meste var det eit svært vellukka forsøk, og mang ein spelar sat igjen med ei god kjensle av å ha brukt dei siste timane av livet sitt på noko meiningsfylt. Det var den gong. Tida går fort, men om du brukar den godt kan du øydeleggje mykje i eit imponerande tempo. Du kan til dømes fjerne eller omforme alt som gjor eit spel bra i utgangspunktet. Om det ikkje er nokon grunn til å fikse på noko som ikkje er øydelagt, burde nokon fortelje det til Ubisoft, for dei har fullstendig misforstått.

I originalversjonen av Dark Messiah stod du heilt fritt. Namnet ditt var Sareth, og det einaste som var fastsett frå byrjinga, var at du hadde fleire vegar å gå. Om du ville bruke magi, kunne du det. Om du heller ville fokusere på sverd og boge, var det opp til deg. Du stod heilt fritt til å byggje opp Sareth på den måten som stod ditt hjarte nærast. Ein barsk krigar som sender eldkuler mot fiendar var ikkje berre ein draum. Det var ein realitet, om du ville det.

Alt dette er historie. Og ved å kaste denne fridomen ut døra, har Ubisoft samtidig fullstendig maltraktert spelet. Heile moroa ved Dark Messiah var å ha mange eigenskapar. Utfordringa låg i å bruke den riktige eigenskapen til riktig tid. Underhaldninga låg i å eksperimentere seg fram til forskjellege måtar å drepe fienden på. Du kunne slå ned fiendane, før du sendte ei eldkule mot dei for å avslutte bragda. Du kunne skyte piler mot råtne stolpar for å sender tønner veltande ned over ein uvitande fiende. Du brukte dei eigenskapane du hadde tilgjengeleg, i god kombinasjon med solid fysikk, til å kreativt ende dagane til dine mange fiendar.

Snevert klassesystem

Om du vil eksperimentere i Elements, må du velje å spele gjennom spelet med dei fire klassane som står til disposisjon. Du kan velje mellom krigar, bogeskytar, magikar og leigemordar. Dei er alle forskjellege, men på feil måte. Det som blir svært tydeleg no, når alt har blitt delt opp i separate grupperingar, er kor snever kvar enkelt klasse er. Om du vel å bli krigar, er sverdet din einaste ven. Din einaste metode er å slå ned fienden med det einaste våpenet du har. Du kan riktig nok sparke dei utfor stup, eller inn i piggar, men det er ikkje så ofte du får gode høve til akkurat det. Samtidig blir mange av fellene i spelet vanskelege å utløyse med berre eit sverd, sidan det mest praktiske er å utløyse dei frå avstand.

Med det i tankane er det kanskje lett å tru at ein magikar eller bogeskytar blir det beste alternativet. Då må ein vel få fullt utbytte? Ikkje heilt. Som magikar eller bogeskytar har du eit visst potensiale frå avstand, men det er sjeldan ei eldkule eller ei pil er kraftig nok til å ta ut ein fiende. Den er som regel på deg med sverd før du kjem så langt, og til nærkamp er desse to klassane fullstendig ubrukelege. Sjølv om dei kan angripe med knivar eller stav, er ikkje dette veldig effektivt mot dei store sverda fienden kjem med.

Det blir ikkje betre av at Ubisoft ikkje har tilpassa spelet til den klassen du måtte ha valt. Kva gjenstandar du finn, samt menyane, er heilt identiske uavhengig av klasse. Dette betyr at du som krigar vil kome over mange mana-drinkar, noko som er heilt meiningslaust sidan du ikkje kan bruke dei. Du vil i tillegg finne stavar, bogar og knivar, fleire ting du ikkje kan bruke. Når det kjem til våpen, kan du plukke dei opp, men om det er våpen du ikkje kan bruke, blir dei omdøypte til samleobjekt. Du kan få nokre få poeng til gamertagen din om du samlar nok av dei, utover det har dei ingen funksjon.

Enda meir meiningslaust blir det med menyane. Sjølv om eg vil spele som leigemordar, må eg likevel bla meg gjennom katalogar for ting eg ikkje kan bruke. Eg kan berre bruke små knivar, men likevel finn eg katalogisering for sverd, boge og magi. Om eg ikkje hadde visst betre, kunne eg raskt innbilt meg at det er ein grunn til at dei ligg der. Eg kunne ha konkludert med at inndelinga er slik fordi eg på eit eller anna punkt får lov til å bruke slike våpen. Om Ubisoft hadde rydda opp litt, og fjerna ting som blir uvesentlege for den klassen du har valt, kunne ein del frustrasjon allereie ha vore unngått.

Å ribbe ei høne

Gjennom arbeidet med å overføre Dark Messiah til Xbox 360, har det skjedd svært mange ting, ikkje berre med dei grunnleggjande spelmekanikkane. Forskjellege brett og nivå har blitt bytta om, og ting som før var heilt i starten av spelet, finn vi no lenger ut i eventyret. Kva meininga er med dette forstår eg ikkje, for det gjer ikkje spelet betre på nokon måte. Det første området vi kjem til er kanskje litt penare, på ein solfyllt og naturvenleg måte, men meir underhaldande er det ikkje. Nivå er tydeleg bygd opp rundt den valfridomen PC-versjonen gav deg, og dette er noko Xbox 360-versjonen verkeleg lid under.

Elements er veldig blanda visuelt sett. Det ser ut til at grafikken har fått seg ei nedjustering på visse felt, og litt finpuss på andre. Til dømes har teksturkvaliteten gått ned nokre hakk, men vi får samtidig eit djupnesyn som gir litt ekstra stemning til spelet. Spelet ser generelt sett svært bra ut på avstand. Når du står i eit ope område og ser på store bygningar og liknande, er spelet på sitt beste. Det går litt nedover når vi kjem nær inn på fiendane, men det er ikkje før vi går på nett at spelet blir stygt.

Den grafiske kvaliteten på fleirspelar-modusen er heilt horribel. Sannsynlegvis er det blitt nedtona for at ting skal gå flytande, men resultatet er eit spel så ribba for lys, skugge og skarpe teksturar at det heile tidvis blir rotete og uoversiktleg. Om du til dømes spring gjennom ein mørk skog, er alt berre grått og livlaust, og alt glir saman i ei stygg suppe. Kvaliteten på sjølve fleirspelar-modusen er ikkje stort betre, og sjølv om dei forskjellege klassane gir meir meining her (bortsett frå at vi ikkje finn dei same klassane), blir det eit rotete og uoversiktleg spel.

Vi får mange av dei same modusane vi er vande med frå andre spel, men det er ein ting som blir veldig tydeleg her. Der det kanskje krev litt innsats frå deg å bli god med boge og magi i PC-versjonen, er det heilt andre grunnar til at spelet fungerar dårleg på konsoll. Kontrollsystemet blir dessverre alt for upresist. Om du er krigar med sverd vil du ha problem med å kome nær fienden før du blir skoten ned. Om du er bogeskytar, vil den lange tida det tek deg å fyre av ei pil, gjere det vanskeleg å treffe fiendane som spring rundt i sirklar. I tillegg endar du raskt opp med å bruke mesteparten av tida di på å vente i ein lobby, i staden for å faktisk spele eit spel.

Lydteknikarane har ikkje vore særleg heldige dei heller. Spelet er plaga av eit svært stort problem; lyd som kjem inn og ut. Til dømes kan du springe rundt i eit område, og brått høyrer du berre fotstega dine, medan alt anna forsvinn. Andre gangar er det dialogen som blir satt på prøve. Du ser nokon snakke til deg, men høyrer ingenting før Sareth svarar på eit spørsmål du ikkje fekk med deg. Heldigvis er musikken heilt fantastisk, og om den berre kunna ha gjalla ut gjennom høgtalarane utan den minste pause, hadde eg vore ein glad mann.

Konklusjon

Det er mange måtar ein kan øydeleggje eit spel på, og Ubisoft sin innsats på dette feltet er kvalifisert til kongens fortenestemedalje i gull. Det er ganske imponerande at ein verkeleg kan øydeleggje eit spel så grundig. Dette blir berre verre om ein trekk fram originalversjonen igjen. Nokre timar med den er som ei heilt anna verd. På mange måtar er spelet det same som før, men når all valfridom er borte, er sjølve sjela til spelet borte òg. Neste gong Ubisoft vurderar å overføre eit PC-spel til konsoll, bør dei kanskje bruke litt tid på å studere kva det eigentleg var som gjor spelet bra. Då unngår dei kanskje å fjerne det fullstendig, og levere eit makkverk av enorme proporsjonar.

Vurdering


Dark Messiah of Might & Magic: Elements X360 X360 2/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 15. februar 2008
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Ubisoft Entertainment
  • Utvikler: Arkane Studios

Kommentarer (23)

Forsiden akkurat nå

Til toppen