Anmeldelse

Dead or Alive Ultimate

Dead or Alive Ultimate er kanskje det ultimate spelet for moteslavar, framfor det ultimate kamsport-spel.

Side 1
Side 2

Etter å ha velta seg i det Dead or Alive Ultimate har å tilby, kan det verke som om heile spelet går ut på ein ting; låse opp godsaker. Ikkje at du eigentleg treng godsaker, men vi veit alle kva den fjorten år gamle guten tenker når han spelar Dead or Alive Ultimate: "Kanskje ho får ei ny drakt som viser enda meir hud?" Joda, han tenker nok nesten akkurat det same som Team Ninja tenker når dei lagar desse spela: "Kanskje vi kan lage ei drakt som viser enda meir hud?" Resultatet er at alle er fornøgde. Team Ninja får ein godkjent lønnslipp, og den fjorten år gamle guten får noko å drøyme om når alle kvisene hans hindrar han frå menneskeleg kontakt.

Når det er sagt, det er nok fleire enn fjorten år gamle gutar som vil gripe om dette spelet med hengivne fingrar. I praksis får du to spel til prisen av eit, og begge av dei kan nytast (merk ordbruken) over Xbox Live. Dead or Alive 1 er den same versjonen vi har sett på Dreamcast tidlegare, bortsett frå at du no kan spele over Xbox Live sjølvsagt. Det er i Dead or Alive 2 størsteparten av moroa ligg. Grafikken er oppjustert til same nivå som Dead or Alive 3, banene er større og meir interaktive enn før, og sist, men ikkje minst, du har 137 forskjellige kostymer å låse opp. Alt frå fargevariasjonar av drakter vi har sett før, til Zack si metalliske pornodrakt med noko som ser ut som ein vibrator på toppen. Joda, kreative er dei, det skal dei ha.

Ingen repetering, takk Dette er eit temmeleg forseggjort spel, og byr på nok variasjonar av standard ein mot ein-kampar til å halde deg gåande ei stund. Det ein kanskje reagerar sterkast på etter kvart som ein spelar mot vanskelegare fiendar er at det kan sjå ut som om dei alltid veit kva du har tenkt til å gjere, før du i det heile tatt veit det sjølv. Dead or Alive 2 har, for nygebynnarar, ein temmeleg brutal kunstig intelligens. Den hugsar kva du gjer, og lærer seg å følgje spelestilen din. For amatørar som gjerne trykker på akkurat same knappen gjentatte gongar betyr dette at du får inn maks eit slag før du blir grusa. Eigentleg er dette positivt, sidan du kan lure motstandaren trill rundt. Samtidig praktisk talt tvingar spelet deg til å variere på kva du faktisk gjer.

Det store og nye med Dead or Alive Ultimate er Xbox Live-funksjonaliteten. Det er første gong serien kan spelast over nettet, og det er sjølvsagt noko mange har venta på. Det er veldig hyggeleg å konstatere at denne delen av spelet absolutt stiller til forventningane. Dead or Alive: Ultimate har den definitivt beste online-delen av eit slikt spel så langt. Du kan sjølv bestemme alt frå kva type spel du vil ha, reglar, og heilt ned til kva språk du foretrekker. Sjølvsagt kan du også søke på folk med ditt erfaringsnivå, slik at du unngår å hamne i kamp mot den regjerande verdsmesteren ved ei rein tilfeldigheit.

Variabel flyt over Xbox Live Dessverre kan det oppstå visse dilemma over Xbox Live. Før du loggar deg på bør du vere heilt sikker på at du er den einaste som brukar linja di. Spelet blir direkte påverka av nettverkshastigheita di, og det kan resultere i ein del håplause kampar der ting skjer fleire sekund etter at ein gav kommandoane. Reint bortsett frå dette er det fint lite å utsetje på Xbox Live-delen. Om alle har gode linjer, flyt spelet heilt utan problem. Det er mange modusar å velje mellom, og ein kan vere opp til åtte spelarar som spelar mot kvarandre i turneringar. Alle modusar frå einspelar-delen er inkludert, og burde gi folk nok å halde det gåande med.

Fleire av modusane inneheld ein tilskodar-funksjon. Om åtte spelarar vil spele mot kvarandre, kan ein bestemme om taparen eller vinnaren fortset til neste runde, og alla andre får sjå kampen som foregår akkurat no. Slike spel kan du la vere opne for alle, slik at om til dømes kun tre spelarar er med frå byrjinga, kan fleire henge seg på etter kvart. Du må altså ikkje finne eit spel, og vente på deltakarar før du kan setje i gong.

Det er heilt greit at dette er ein ny versjon av eit gammalt spel, men det hadde likevel vore moro med nokre overraskingar. Joda, du kan låse opp tre spelbare karakterar (Hitomi, Bayman og Tengu), men det er ingenting nytt her. Det hadde vore gledeleg med eit par nye karakterar, kanskje dei nye frå Dead or Alive Extreme Beach Volleyball? Eller kanskje nokre nye komboangrep, slik at du ikkje berre endar opp med å bruke dei du alltid har brukt. I staden må vi klare oss med det vi allereie kjenner veldig godt frå før, og i og med at grafikken er praktisk talt identisk med Dead or Alive 3, kan det nok følest som litt bortkasta pengar for nokon. Om du ikkje har Xbox Live sit du tilbake med eit pent spel, som eigentleg ikkje gir noko nytt til sjangeren på nokon måte.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden