Anmeldelse

Dead or Alive Ultimate

Dead or Alive Ultimate er kanskje det ultimate spelet for moteslavar, framfor det ultimate kamsport-spel.

Side 1
Side 2

Shopping for vidarekomne Einspelar-delen går stort sett ut på det same som før, men det hindrar det ikkje i å vere god underhaldning. Sjølve målet for ein kvar gamer bør vere å låse opp alt som er av kostymer, og det er fleire måtar å gjere dette på. Du kan, om du vil, satse på å runde alle karakterane sine historie-modusar veldig mange gongar, men der er andre vegar å gå. Alle dei forskjellige modusane du kan velje mellom lar deg låse opp kostymer, og det er av og til godt med litt variasjon. I staden for å spele ein og ein kamp mot forskjellige fiendar, kan du like godt prøve deg litt på "Survival"-modus, der du står i ein ring, og skal slå ut så mange motstandarar du kan utan å døy. Det blir litt meir underhaldande enn å sjå dei same historiesekvensane om igjen.

Dead or Alive 3 var ein lanseringstittel for Xbox, og det byrjar no å bli nokre år sidan. Naturleg nok framstår ikkje Dead or Alive Ultimate like imponerande. Det er omtrent heilt likt. Karakterane er heilt like, animasjonane er heilt like, og det einaste som eigentleg er forskjellige er dei forskjellige bretta. Blandt desse er det ein del absolutt minnerike opplevingar. Til dømes er første gong på savanna noko ein kan ta med seg. I det du slår motstandaren din bakover, landar han på snuten til ein flodhest, som svarar med å kaste på hovudet, og sender motstandaren din enda lengre gjennom lufta. Nøkkelordet her er første gong. For etter å ha sett dette eit par gongar framstår det like nyskapande som om Double Dragon skulle ha blitt relansert. Kva er eigentleg det store med eit objekt i bakgrunnen som bevegar seg om noko kjem i nærheita?

Ein fest i misbruk Når det er sagt. Slike ting kan gjere kampane meir underhaldande. Det er i prinsippet to typar baner, der ein type er store område med øydeleggbare delar du kan kaste motstandaren din mot. Den andre typen er gjerne mindre område med eksplosive delar. Slår du nokon inn i desse, sprenger dei, og delar ut ei stor dose med smerte til offeret. Uansett kor moro dette kan vere, opnar det også for rått misbruk. Det kan vere lett å få overtaket, og ved å kaste nokon i riktig område, kan det bli praktisk talt umogleg å slå tilbake. Du kan bruke motangrep, om du trykker inn dei riktige knappane på riktig tidspunkt, men desse krever god trening for å få til skikkeleg. Atter ein gong kjem vi tilbake til misbruk. Motangrep-systemet har dessverre ein lei tendens til å ende opp som kjedelege kampar med motangrep, mot motangrep.

Dead or Alive: Ultimate framstår kanskje ikkje like imponerande som Dead or Alive gjor i si tid, men det er likevel eit svært pent spel. Ein del av bretta ser rett og slett spektakulære ut, og teksturane på modellane er absolutt av høg kvalitet. Dessverre finn vi ingen flotte sluttsekvensar i Dead or Alive: Ultimate, slik som vi fekk sjå i dead or Alive 3. Dette er eigentleg veldig synd, sidan det etter kvart blir litt anti-klimatisk at alt du får etter ein fullført historie-modus er eit nytt plagg som ærleg talt ikkje er så forskjellig frå dei du har frå før. Vi får riktig nok ein svært fin introsekvens som absolutt held høgt mål.

For Dead or Alive-puristar er kanskje dette humbug, men eg har ein teori om at betre lydeffekter, og engelske stemmer kunne ha gjort seg meget bra i Dead or Alive-serien. Det blir litt snålt å høyre alle damene snakke med sine tynne, pipete, japanske stemmer. Hadde alle karakterane i spelet vore frå japan, hadde det vore greit nok, men det er dei altså ikkje. Det beste hadde kanskje vore om alle snakka sitt eige språk, eller ein aksent av engelsk, alt etter kvar dei kjem frå. Sjølve lydeffektane er det også absolutt rom for å gjere noko med. Eksplosjonar høyrer heime i gamle kung-fu-filmar. Lyden av bein mot hud kunne ha gjort det mykje betre.

Konklusjon Kjøp dette spelet om du elskar serien. Du blir ikkje skuffa, og får akkurat det du forventar. Xbox Live-delen er svært bra, og tar Dead or Alive-serien eit svært viktig steg vidare. Bortsett frå det, er det så lite nytt å hente her, at du like godt kan plukke opp Dead or Alive 3 til ei billig penge. Dette er kanskje eit bra produkt, som leverer varene, men det kunne ha vore så mykje meir. Eg sit ikkje her og forventar Dead or Alive 4, men dette er i praksis ikkje stort meir enn eit gammalt spel med ny grafikk. Over hundre opplåsbare kostymer er ikkje nok for å skape ein klassikar, men nye komboar, og nokre nye ansikt kunne ha hjulpe det på veg. Reint bortsett frå det, er det mykje moro å hente her. Dead or Alive: Ultimate har noko alle andre spel i sjangeren manglar; solid og gjennomført online-funksjonalitet.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden