Førsteinntrykk

Dead Space

Klam frykt i mørket

Det som skremmer deg mest, er det du aldri ser.

Isaac Clarke er ein del av ein liten ekspedisjon som skal finne ut kva som eigentleg har skjedd på romskipet Ishimura. Skipet har stoppa all kontakt, og situasjonen er mildt sagt veldig pussig. Rette skal vere rett i moderne skrekk, og ingenting går etter planen. Isaac og kompani krasjlandar, og brått er det ikkje berre ei inspeksjonsrunde det er snakk om, men ein kamp for å overleve.

Slik skal de skremme oss

Vis større

Utviklerdagbok: Dead Space #5

Stikkord:
  • action
  • skrekk
  • spill
  • xbox 360
  • pc
  • playstation 3
  • dead space


Tingen

Å kalle Dead Space eit actionspel blir å ta svært hardt i, i alle fall om ein skal døme etter dei første timane. Isaac er for det meste mutters aleine, og det einaste selskapet han har, kjem frå lydar som sig gjennom dei tjukke veggane som omringar han. Vi snakkar om klaustrofobi i stor skala. Du høyrer noko skje overalt, om det så er ein liten hermetikkboks som rullar over golvet, eller dundrande dunking ein stad i det fjerne. Du er alltid obs på at eitt eller anna skjer, men du veit berre ikkje kvar.

Før du brått høyrer ein lyd bak deg, og innser at ein brodd er på veg gjennom ryggen din. Monstera i Dead Space kan dukke opp frå så godt som ingen plass, noko som tidleg blir forklart gjennom at dei kravlar gjennom ventilasjonssjaktene, frekke jævlar.

Desse beista ser mest av alt ut som noko vi kunne ha støtt på i John Carpenter sin film The Thing. Vi snakkar om deformerte menneske med armar og bein, der ein person helst ikkje skal ha armar og bein. Den naturlege reaksjonen på slikt blir sjølvsagt å fyre laus for harde livet, men dette viser seg raskt å bli ein dårleg taktikk. Den beste taktikken mot eit beist av denne natur, er å kappe av dei armar og bein etter tur. Her er ikkje avkappa lemmer berre ein glorete gimmick for å selje spelet til blodtørstige spelarar, her er det essensielt for at du skal kunne overleve.

Sære våpen

For å hjelpe deg med dette har du nokre ganske sære, men overbevisande våpen. Ditt første våpen er framtidsversjonen av ei tang, og denne ser mest av alt ut som ein kreativt utforma laserpistol. Den skyt tre strålar, og dette er nok til å kappe av dei fleste lemmer. Du kan i tillegg rotere på den, slike at du skyt dei tre strålane enten horisontalt eller vertikalt, noko som kan kome svært godt med, avhengig av om fienden din kryp langs bakken eller spring mot deg.

Dette er sjølvsagt berre eitt av fleire våpen, og det ser ut til at vi får ein del å meske oss med. Alle våpen har to forskjellige måtar å opne eld på, og dette kan kome godt med i mange situasjonar. Eit våpen kan til dømes skyte ein kraftigare versjon av dei tre strålane til det første våpenet, medan den andre måten å skyte på etterlet seg ein stor eksplosjon.

Kontinuerleg gjennom spelet vil du i tillegg kunne oppgradere både drakta di, og våpna dine. Rundt omkring på Ishimura vil du finne forskjellige gjenstandar og pengar, som alle vil yte sitt til at du kan bli enda betre rusta i kampen mot den motbydelege invasjonen som har teke over det ein gong så stolte romskipet.

Klaustrofobisk og vakkert

Dead Space er eit veldig pent spel, og det er tydeleg at EA har lagt stor vekt på å gjere det så innbydande som mogleg. Berre ved å studere hovudpersonen sjølv, ser vi ei merksemd for truverdig animasjon vi ikkje ser for ofte. Når han til dømes snur på seg, er det ikkje berre med overkroppen og beina, du kan sjå korleis han vrir seg med skuldra først, før kroppen følgjer, og ein kan praktisk talt sjå korleis musklane og skjelettet jobbar under den solide romdrakta han har på seg.

Les også
Anmeldelse: Dead Space

Det er samtidig veldig lett å tru på områda Isaac må gjennom. Sjølv om det blir ein del korridorar her og der, har du ikkje noko problem med å akseptere det, sidan alt ser ut som om det er ein naturleg del av ein større heilskap, og du går deg aldri vill. Sjølv om den same arkitekturen og designen går igjen, er det like fullt lett å finne fram.

Akkurat dette får du i tillegg litt hjelp til, ved ein hendig funksjon som let deg sjå ei line som viser kvar du skal gå. Dette er ikkje noko du nytte deg av, men du kan få den fram ved å halde inne den høgre analogstikka. Det fungerar som eit slags GPS-system som i staden for å vere på eitt kart, viser kvar du skal gå på bakken framfor deg. Dette gjeld for fleire andre ting i spelet òg. Menyane i spelet, og alle informasjon om gjenstandar og objekt, vil dukke opp som interaktive menyar i 3D framfor Isaac. Det gir ikkje menyane meir funksjonalitet enn i eit anna spel, men det ser i det minste veldig bra ut.

Konklusjon

Dead Space lovar grøss og gru for alle penga, og det ser faktisk ut til at løftet kan kome til å bli innfridd, med stil. Mest av alt sender spelet tankane mine tilbake til filmen Event Horizon, som i det minste eg likte veldig godt. Dette er ikkje nødvendigvis grunna handling eller scenario, men mest av alt på grunn av den intense stemninga som gjennomsyrer spelet. Du kan gå i ro og fred i fleire minutt medan du utforskar skipet, men likevel greier spelet å trekke ei ubehageleg kjensle over deg.

Eg har ikkje spelt stort meir enn nokre få timar så langt, men det eg har sett har absolutt gitt meirsmak, og eg ser fram til å finne ut kva meir spelet har å by på.

Dead Space kjem i butikk 23. oktober, for PC, Xbox 360 og Playstation 3.

Siste fra forsiden