Demonisk rollespel på veg til PlayStation 4

Vi må vente hakket lenger før vi får spele Bound by Flame.

Spiders er studioet bak interessante, men noko ujamne spel som Faery: Legends of Avalon og Of Orcs and Men. Det neste spelet deira er rollespelet Bound by Flame. I dette spelet tek du på deg ein krigar som har blitt besett av ein demon. Mykje av dramatikken blir lova å kome frå korleis du må velje om du vil kjempe mot denne, eller la den ta over styringa.

Til neste generasjon

Spelet skulle etter planen lanserast i løpet av hausten, men har i følgje ei pressemelding no blitt utsett til nyåret. Det er derimot ikkje berre negative nyhende om rollespelet sidan Spiders samtidig har kunngjort at spelet kjem til PlayStation 4.

Ein ekte helt held maska til og med under dei mest prekære situasjonar.

Bound by Flame vil la deg skru saman helten din som du sjølv vil, byggje nytt ustyr, samt utvikle forhold til andre personar i verda.

Vi tok ein kikk på spelet under E3-messa i juni og kunne melde at det ser ut til å kunne bli eit solid stykke rollespelmoro:

«Det er lite som tyder på at Spiders prøvar å finne opp krutet på ny med Bound by Flame. I staden viser dei eit stødig fokus på å skape ei verd der du får stå fritt til å spesialisere deg slik du vil. Om du vil vere ein tung krigar eller sprek akrobat skal vere opp til deg, og for dei områda du ikkje klarar å fylle ut sjølv, vil spelet by på følgjevener som kan backe deg opp der det trengst. Kor godt det heile vil fungere i praksis over dei 25 timane spelet er lova å vare gjenstår å sjå, men så langt ser det ut til at Spiders er på sporet av noko godt.»

Les også: Japanske veteraner lager indie-spill Les også: Kaotiske tilstander i Dragon Age: Inquisition

Siste fra forsiden