FEATURE: Desse spela gler vi oss til i september
Feature

Desse spela gler vi oss til i september

Sommaren som aldri blei sommar er over, og spelskredet er i gong.

Sommar betyr som regel tørke på spelfronten og «sommaren» vi nett har lagt bak oss har ikkje vore noko unntak. Synd og skam eigentleg. Vi kunne hatt godt av nokre solide spelopplevingar i desse uvanleg kalde og våte månadane. Personleg har eg slite meg gjennom delar av Dragon Age: Inquisition, eit spel som eigentleg burde hatt undertittelen «There and Back Again, and Again, and Again».

Men nok om meg og mine sorger. Eit og anna spel har faktisk dukka opp i tida vi no vinkar adjø til. Den klassiske eventyrserien King's Quest er tilbake med eit sterkt nytt kapittel, medan PlayStation 4-publikummet på seinsommaren har fått kose seg med skrekk og gru i Until Dawn, og diverse mysterium i Everybody's Gone to the Rapture.

I tillegg har vi i løpet av sommaren sett bilfotballspelet Rocket League skyte seg opp til å bli eit fenomen i stadig vekst. Men no er det atter ein gong tid for å sjå framover.

Metal Gear Solid V: The Phantom Pain

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 3, Xbox One, Xbox 360, Windows
Ute: 1. september

Metal Gear Solid V: The Phantom Pain blir avslutninga på ein epoke i spelhistoria.
Metal Gear Solid V: The Phantom Pain blir avslutninga på ein epoke i spelhistoria. Bilde: Konami

Sagaen om Metal Gear Solid, Konami og Hideo Kojima har over det siste året utvikla seg til å bli ein solid såpeopera. Metal Gear Solid V ser etter alt å døme ut til å bli det aller siste Metal Gear Solid-spelet frå Kojima etter at han og Konami har hatt avslutta sitt venskap. Vi får tru krangling internt i Konami ikkje har gått ut over kvaliteten på det som lovar å bli eit på alle måtar massivt og nyskapande spel for serien.

Igjen møter vi Big Boss, ein av etter kvart fleire variantar av den kjende hovudpersonen med skjegg og bandana. Spelet vil by på ei opa verd der du sjølv vil få løyse dei ulike utfordringane på mange forskjellige måtar. På toppen av det kan du garantert vente deg ei saleg blanding av alvor og flåsete humor i kjend Kojima-stil.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Metal Gear Solid V: The Phantom Pain

Mad Max

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 1. september

Mad Max er aleine, så alltid.
Mad Max er aleine, så alltid. Bilde: Warner Bros.

Etter suksessen med den ferske Mad Max-filmen som blei lansert i vår er naturlegvis forventningane til det komande Mad Max-spelet store. For ordens skuld, Mad Max-spelet har ikkje meir til felles med med filmen enn å vere basert på same univers. Såleis har svenske Avalanche Studios hatt rimeleg frie tøylar til å lage eit spel fullt av råkøyring, skyting og kaos, noko dei har bygd seg opp ekspertise på med Just Cause-serien. Vi tok ein kikk på spelet tidlegare i år:

«Det å vere Mad Max var ikkje nødvendigvis den lettaste jobben, men det var i det minste underhaldande. I det eine augneblikket køyrer ein for seg sjølv i spelets store, flotte univers, bergtatt av den omfattande audemarka som ligg for dine hjul, medan ein i det neste kastast ut i heidundrande skuddvekslingar bak det virtuelle rattet.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Mad Max

Super Mario Maker

Plattform: Wii U
Ute: 11. september

I Super Mario Maker kan du lage dine eigne Mariobrett.
I Super Mario Maker kan du lage dine eigne Mariobrett. Bilde: Nintendo

I 30 år har Super Mario-serien skapt glede i mang ein heim, og i år har Nintendo noko heilt spesielt på lager. I Super Mario Maker får du lage dine heilt eigne brett basert på Super Mario Bros., Super Mario Bros. 3, Super Mario World og New Super Mario Bros. U. Med tilgang på alt frå kjende kulissar til elska og hata fiendar kan du lage akkurat dei utfordringane du vil, og dele dei med vener. Vi var i fyr og flamme etter å ha prøvd spelet:

«Eg følte meg som ein liten unge medan eg spelte Super Mario Maker. Det er den største hedersmerkinga eg kan gje Super Mario Maker. Eg var ein liten unge som hadde laga eit alt for vanskeleg brett eg skulle kome meg gjennom. Eg har ikkje hatt mange like gode introduksjonar til spel som denne, og eg gler meg noko fælt til å prøve meg meir.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Super Mario Maker

FIFA 16

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 3, Xbox One, Xbox 360, Windows
Ute: 16. september

Damefotballen får seg eit løft i FIFA 16.
Damefotballen får seg eit løft i FIFA 16. Bilde: EA

Eit nytt år betyr at eit nytt FIFA-spel er på veg, og 2015 er på ingen måte noko unntak. Endringane i kvart nye spel i serien kan vere både store og små, og i år har EA omsider valt å inkludere kvinner i folkesporten. For første gong blir kvinnelag tilgjengelege i eit FIFA-spel, og spelet byr på tolv lag. Det er på tide, får ein seie.

Ved sidan av dei nye kvinnelaga vil FIFA 16 som kvart nye FIFA-spel by på diverse endringar. Med fleire animasjonar til disposisjon skal til dømes forsvar bli mindre bal, medan laget ditt no skal gjere ein betre jobb i å gjere det du vil dei skal gjere. I tillegg byr spelet no på ein heilt ny treningsmodus som gjennom spelet vil vise deg kva du kan gjere i ulike situasjonar. Garantert velkome for dei som ikkje heilt har fått taket på serien enno.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på FIFA 16

Forza Motorsport 6

Plattform: Xbox One
Ute: 18. september

Skitvêr er noko av det du kan glede deg til i Forza Motorsport 6.
Skitvêr er noko av det du kan glede deg til i Forza Motorsport 6. Bilde: Microsoft

Forza Motorsport-serien er tilbake i år, og med det kan vi vente oss enda meir realistisk racing enn vi har fått før. Årets store nye trekkplaster er eit nytt vêrsystem som i tillegg til å by på kosmetisk variasjon, vil by på reelle utfordringar for spelaren. Regn kan legge seg i dammar og er du ikkje forsiktig kan vannplaning sende deg rett i grøfta. I tillegg til vêr og vind byr spelet på dobbelt så mange bilar som Forza Motorsport 5. Vi tok ein kikk tidlegare i år:

«Spelet er både realistisk og pent, med eit latterleg stort bilutval å støtte seg på. Omgjevnadane er det heller ikkje mykje å seie på, med bana omkring i Rio de Janeiro som den kulaste vi har prøvd førebels. Likevel er det tydeleg at også her trekk bilane det aller lengste strået, uansett om ein køyrer framsidebilen Ford GT, ein lekker Lamborghini, eller noko heilt anna.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Forza Motorsport 6

Mykje snacks i kalenderen

Rollespeling av god, gammal årgang i Sword Coast Legends.
Rollespeling av god, gammal årgang i Sword Coast Legends. Bilde: Wizards of the Coast

September månad byr på litt av kvart i år. Om du treng eit par småsære japanske spel kan kanskje Danganronpa Another Episode: Ultra Despair Girls (phew) eller Hatsune Miku: Project Mirai DX vere noko du bør sjå nærare på.

Har du enno ikkje fått med deg det nyaste eventyret i Broken Sword-serien får du ein ny sjanse no, sidan Broken Sword: The Serpent's Curse lanserast på Xbox One og PlayStation 4. Eit anna spel som byr på teikneseriestil er det strategiske rollespelet Bedlam. Dette spelet er bygd på same motor som The Banner Saga, men er i staden sett til ei Mad Max-inspirert verd.

Om det er sport du vil ha, kan du prøve deg på ishockeyspelet NHL 16. For dei som ikkje heilt finn det dei vil ha i FIFA 16, lanserast òg eit nytt spel i Pro Evolution Soccer-serien denne månaden. Enda meir sport, om enn av eit hakket meir valdeleg slag, får vi i Blood Bowl 2, der både alvar, dvergar og orkar møtast for å sparke ball, edlare delar, og eit hovud eller to.

I september får vi også eit ferskt Dungeons & Dragons-rollespel. I Sword Coast Legends har Dragon Age: Origins-regissør Dan Tudge og hans team gjort eit forsøk på å gjenskape magien frå å spele gamle penn og papir-rollespel.

Som om det ikkje var nok har vi eit flunkande nytt Tony Hawk's Pro Skater-spel i vente, samt storsatsinga LEGO Dimensions der vi får reise til eit mylder av ulike LEGO-verder.

Det var alt for denne gong. Speltørka er over, la det regne!

Likte du artikkelen? Vil du ha mer norsk spilljournalistikk?
Støtt Gamer.no med 39 kroner i måneden slik at vi kan fortsette å lage mer unikt gratisinnhold

Pro Evolution Soccer 2016

Pro Evolution Soccer 2016

Bedlam

NHL 16

LEGO Dimensions

Metal Gear Solid V: The Phantom Pain

Mad Max

Tony Hawk's Pro Skater 5

Mad Max

Mad Max

Metal Gear Solid V: The Phantom Pain

Metal Gear Solid V: The Phantom Pain

Metal Gear Solid V: The Phantom Pain

Blood Bowl 2

Super Mario Maker

Blood Bowl 2

FIFA 16

Tony Hawk's Pro Skater 5

FIFA 16

LEGO Dimensions

FIFA 16

Bedlam

FIFA 16

NHL 16

FIFA 16

Pro Evolution Soccer 2016

Forza Motorsport 6

Pro Evolution Soccer 2016

Sword Coast Legends

Pro Evolution Soccer 2016

Sword Coast Legends

Blood Bowl 2

Sword Coast Legends

Tony Hawk's Pro Skater 5

Danganronpa Another Episode: Ultra Despair Girls

Tony Hawk's Pro Skater 5

Hatsune Miku: Project Mirai DX

LEGO Dimensions

Broken Sword: The Serpent's Curse

LEGO Dimensions

Broken Sword: The Serpent's Curse

LEGO Dimensions

Metal Gear Solid V: The Phantom Pain

Pro Evolution Soccer 2016   Les mer »

Pro Evolution Soccer 2016   Les mer »

Bedlam   Les mer »

NHL 16   Les mer »

LEGO Dimensions   Les mer »

Beste priser

Ikke på lager 337,-
På lager 344,-
Forventet lagerdato 344,-
På lager 398,-

Metal Gear Solid V: The Phantom Pain   Les mer »

Beste priser

Nedlasting 79,-
Nedlasting 104,-
Nedlasting 240,-
Nedlasting 282,-

Mad Max   Les mer »

Beste priser

Forventet lagerdato 226,-
På lager 228,-
På lager 495,-
Ikke på lager 549,-

Tony Hawk's Pro Skater 5   Les mer »

Beste priser

På lager 199,-
Forventet lagerdato 213,-
På lager 248,-

Mad Max   Les mer »

Beste priser

Nedlasting 37,-
Nedlasting 65,-
På lager 110,-
Nedlasting 179,-

Mad Max   Les mer »

Metal Gear Solid V: The Phantom Pain   Les mer »

Metal Gear Solid V: The Phantom Pain   Les mer »

Beste priser

Ikke på lager 27,-
På lager 79,-
På lager 99,-
Ikke på lager 549,-

Metal Gear Solid V: The Phantom Pain   Les mer »

Beste priser

På lager 99,-
På lager 395,-
Nedlasting 568,-

Blood Bowl 2   Les mer »

Beste priser

Nedlasting 170,-
På lager 309,-
Nedlasting 331,-
Nedlasting 424,-

Super Mario Maker   Les mer »

Beste priser

På lager 295,-
Ikke på lager 347,-
Ikke på lager 499,-

Blood Bowl 2   Les mer »

FIFA 16   Les mer »

Beste priser

Kan ikke bestilles 20,-
På lager 49,-
Nedlasting 67,-
På lager 95,-

Tony Hawk's Pro Skater 5   Les mer »

FIFA 16   Les mer »

Beste priser

Ikke på lager 47,-
På lager 58,-
Nedlasting 95,-
På lager 199,-

LEGO Dimensions   Les mer »

Beste priser

Ikke på lager 199,-
Forventet lagerdato 354,-
På lager 355,-
På lager 398,-

FIFA 16   Les mer »

Bedlam   Les mer »

Beste priser

Nedlasting 4,-
På lager 79,-
Nedlasting 86,-
Nedlasting 113,-

FIFA 16   Les mer »

Beste priser

Ikke på lager 27,-
På lager 95,-
Nedlasting 95,-
På lager 199,-

NHL 16   Les mer »

Beste priser

På lager 54,-
På lager 95,-
Ikke på lager 549,-

FIFA 16   Les mer »

Pro Evolution Soccer 2016   Les mer »

Forza Motorsport 6   Les mer »

Pro Evolution Soccer 2016   Les mer »

Sword Coast Legends   Les mer »

Pro Evolution Soccer 2016   Les mer »

Sword Coast Legends   Les mer »

Blood Bowl 2   Les mer »

Beste priser

På lager 299,-
Forventet lagerdato 299,-
Ikke på lager 395,-

Sword Coast Legends   Les mer »

Tony Hawk's Pro Skater 5   Les mer »

Danganronpa Another Episode: Ultra Despair Girls   Les mer »

Tony Hawk's Pro Skater 5   Les mer »

Beste priser

På lager 199,-
På lager 249,-
Forventet lagerdato 251,-

Hatsune Miku: Project Mirai DX   Les mer »

LEGO Dimensions   Les mer »

Broken Sword: The Serpent's Curse   Les mer »

LEGO Dimensions   Les mer »

Beste priser

Ikke på lager 389,-
Ikke på lager 399,-
Ikke på lager 399,-
På lager 411,-

Broken Sword: The Serpent's Curse   Les mer »

LEGO Dimensions   Les mer »

Beste priser

Ikke på lager 97,-
På lager 344,-
Forventet lagerdato 380,-
Ukjent lagerstatus 399,-

Metal Gear Solid V: The Phantom Pain   Les mer »

Beste priser

På lager 199,-
Forventet lagerdato 229,-
På lager 395,-
På lager 399,-

Kommentarer (18)

Forsiden akkurat nå

Til toppen