Anmeldelse

Devil May Cry 3

Dante er tilbake for tredje gong, og er klar til å sparke seriøs rumpe i eit fantastisk underhaldande, og fullstendig idiotisk eventyr.

Side 1
Side 2

Svært individuelle stilar Kontrollane forblir dei same uansett spelestil, men visse knappar skiftar funksjon avhengig av stil. Sirkel-knappen er det beste eksempelet på dette. Kva Dante gjer ved eit trykk på denne knappen kjem fullstendig an på stilen du har valt. Om du har valt "Trickster" vil du kunne fly eit lite stykke framover, eller springe opp veggar. Med "Swordmaster" som stil vil Dante gjere forskjellige sverdangrep avhengig av om du er i lufta eller på bakken, og med "Gunslinger" kan du skyte på alle rundt deg ved å bruke analogstikka til å sikte på fiendane. Den siste stilen, "Royal Guard", passar for dei som vil ha ein litt meir defensiv innfallsvinkel. Det er eit enormt antal angrep å få tak i utover i spelet, og som ein ekstra bonus kan ein låse opp to ekstra spelestilar.

Det er ikkje berre spelestilane som definerar opplevinga di. Kva våpen du har vil også ha mykje å seie for kva Dante kan tilby. Kvart våpen kan oppgraderast med nye triks, og dette kostar sjølvsagt etter kvart uhorvelege mengder med krystallar (Devil May Cry sin valuta). Alle våpen er også fabelaktig individuelle, og har alle sine spesielle funksjonar. Arsenalet varierar frå alt mellom Dante sine godt kjente pistolar, til ein elgitar. Det er altså ikkje noko å utsetje på kreativiteten. Du kan kun ha to handvåpen og to typar sverd samtidig, noko som tvingar på deg litt strategisk tenking før du går i gong med eit brett. Innser du at du har feil våpen, er det ikkje å utelukke at du må byrje på nytt. For å gi Dante eit ekstra løft i hektiske situasjonar, kan han også gå over i djevel-form ei lita stund.

Fantastisk tempo Noko av det mest imponerande med Devil May Cry 3 er eigentleg kor raskt alt går. Du kan vere i rimeleg store område, stappfulle med fiendar i alle fasongar, men likevel viser aldri spelet teikn til å slite med bildeoppdateringa. Dante sine animasjonar har enormt god variasjon, og det er svært tydeleg at mykje arbeid er lagt ned i å få dette til å sjå bra ut. Det flyt på ein utruleg bra måte, og forskjellige animasjonar glir over i kvarandre på eit vis som absurd nok ser nesten realistisk ut. Samtidig set den gotiske arkitekturen eit veldig godt preg på dei forskjellige miljøa du er i. Det er ein god del svært flotte lyseffekter i spelet, og resultatet er eit pent spel som bevegar seg i ei imponerande hastigheit. Det einaste irritasjonsmomentet er at kameraet kan vere litt vanskeleg i visse område.

Musikken i Devil May Cry 3 er kamp-sensitiv, og pøsar på med det som etter mitt syn er rimeleg middelmådig hard goth-rock kvar gong Dante hamnar i ein kamp. Idèen er god, og musikkstilen passar forsåvidt godt til spelet, men i staden for å setje saman eit knippe halvhjerta låter, kunne Capcom like godt investert i noko du ikkje går lei av etter kort tid. Den skarpe kontrasten til dette kjem i form av musikken elles i spelet. Mørke og dystre pianotonar kler Dante godt der han spring opp mørke trapper på jakt etter neste demon. Skodespelet er, på lik linje med musikken, ei blanda oppleving. Det er dyktig utført, for det meste, men Dante sin latter, hyling og skriking når han skal vere kul, endar heller opp som noko litt flaut og latterleg.

Konklusjon Devil May Cry 3: Dante’s Awakening er definitivt eit solid action-spel med nok innhald til å tilfredstille folk til det ytterste. Det er riktignok eit veldig utfordrande spel, noko du bør vere klar over. Det tilgir ingen feil, og det er heller ikkje meininga at du skal klare noko på første forsøk. Det pøsar på med fantastiske action-sekvensar på rekke og rad, og mellom bretta er det også ein del flotte filmsekvensar som krydrar historia litt. Det er på ingen måte i nærheita av filmane i Metal Gear Solid 3: Snake Eater, men dei driv historia vidare på eit underhaldande vis. Devil May Cry 3: Dante’s Awakening er absolutt verdt eit kjøp, men om dette blir hugsa framfor Devil May Cry 1, om la oss sei fem års tid, stiller eg meg noko tvilande til.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden