DICE: Ynskjer ikkje årlege Battlefield-spel

I eit intervju med GamesIndustry.biz har Ben Cousins, DICE sin nye kreative leiar, fortalt at han ikkje trur Battlefield vil ende opp som andre store Electronic Arts-titlar som kjem i nye versjonar kvart år.

Skjermbilde fra Battlefield 2 på PC:
Skjermbilde fra Battlefield 2 på PC:

– Eg trur Battlefield er spesielt, og eg likar å tru at EA ser på det som spesielt også. For å kunne vere ein marknadsleiar, må du sørge for å levere kvalitetsprodukt om du vil bevare den posisjonen. Eg håpar dette betyr vi vil få meir tid til å utvikle nye titlar.

– Overraska

Ben Cousins fortel òg at han var litt overraska over kor stor fokus det er på nye, originale spillideer hos EA:

– Eg trudde at dei kun vil fortsetje å pumpe ut oppfølgjarar, og når du sel ti millionar av Madden og Need for Speed kvart år, må du det.

Men dette var tydelegvis ikkje heilt riktig.

– Inntrykket mitt etter å ha møtt toppsjefane, er at leiarane i selskapet er svært interesserte i nye spelidèar. Når EA gjer noko nytt, gjer dei det i stor stil. Dei slepp ikkje ut eit lite kunstspel og håpar det sel godt, dei må tru på produktet om dei skal gi det ut. Det tek dei kanskje lengre tid å få ut noko heilt nytt, men eg stangar ikkje hovudet i veggen av den grunn. Eg trur EA er i ferd med å åpne seg opp, seier Cousins.

Han har òg nokre tankar om korleis EA skal unngå å bli sett på som spelverdas svar på McDonalds og Coca-Cola:

– Produkta må vere riktige, det er ikkje nok med ein PR-kampanje for å forandre meiningane til folk.

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen