Disgaea 3 på veg

Spel nummer tre i den uhøgtidelege serien kjem til PlayStation 3.

Om det er nokon som veit å harselere med opparbeida spel-klisjear, er det Nippon Ichi. Dette beviste dei for alvor med perla Disgaea: Hour of Darkness frå 2004, eit spel som tok seg sjølv befriande useriøst. Vi gav spelet velfortente ni av ti, og hevda det var djupare enn Marianergropa.

Skjermbilde frå Disgaea 3

I etterkant har Nippon Ichi levert eit spel til i serien, samt ei rekke andre spel der dei blandar taktisk strategi med herleg humor. No har Nippon Ichi offisielt kunngjort at Disgaea 3 er på veg til PlayStation 3, men om du forventar deg ei vesentleg oppgradering på det visuelle plan, bør du belage deg på å bli skuffa. Det ser ut som før, med pixel-figurar og enkle omgivnadar.

Nippon Ichi har uansett aldri basert seg på å yte noko nemneverdig grafisk. Ingen av spela deira er teknisk imponerande, men dei osar av speleglede. Noko Disgaea: Hour of Darkness er eit fabelaktig døme på.

Så langt er eit tretal, ei plattform og to bilete det einaste vi veit om Disgaea 3.

Siste fra forsiden