Anmeldelse

Disneys's Extreme Skate Adventure

Det nye skate-evetyret til Disney grensar til å vere eit slikt spel. Det brukar mange kjende og kjære figurar, for å få akkurat deg, eller eit yngre søsken eller barn, til å kjøpe nye produkt. Snikreklamen er skjult som oppgåver og leikar, sjølv om det er temmeleg opplagt kva dei vil fram til.

Tony Hawk Light
Disney's Extreme Skate Adventure (frå no av DESA) er så og seie Tony Hawk i ein meir barnevenleg presentasjon. Spelet nyttar same motor, og oppfører seg deretter. Det einaste som skiljer desse spela er eigentleg den barnevenlege grafikken i DESA og ei ganske merkbar forenkling av grenesnittet. Du gjer i hovudsak kun to ting i DESA, hoppe, og så raile bortover. Litt andre triks er det rom for, men dei er ikkje så veldig avanserte. Om du skulle ønske det, kan du stille tilbake til originalt Tony Hawk-oppsett. Likevel har du ikkje tilgang på like mange trisk og komboar, noko som eigentleg er litt ufårståeleg når ein først har valt å ta med Tony Hawk-oppsett.

Som i likheit med Tony Hawk er det her mange oppdrag å begi seg ut på. Du køyrer rundt på brettet ditt, eller barken, alt ettersom, og utfører tenester for folk. Oppdrag får du får kjende Disney-figurar, og mindre kjende nykomarar som viser seg for første (og kanskje forhåpentlegvis siste) gong i dette spelet. Vel du å bruke ein figur frå ein av Disney-filmane bør du ikkje støte på noko som kan framstå som tvilsam vare. Disneykarakterane gir deg alle oppgåver som står i stil med sitt univers. Det er først når du vel enten guten eller jenta (eller lagar din eigen karakter) at det meir tvilsame innhaldet viser seg.

Du får fleire val når du startar spelet. Du kan velge ei bane å spele på, og spele slik det passar deg, gå gjennom historiemodus der du vel ein karakter, og deretter spele gjennom bretta og får diverse oppdrag, eller du kan spele mot ein ven. Skal du spele historiemodus får du og valet om å lage din eigen karakter. Til å bryje med har du valet mellom standard gut og jente, der du kan velje klede, kroppsfasong, og andre personlege trekk. Tidleg i spelet er det begrensa kva du har tilgjengeleg av klede og frisyrer, men du kan låse opp nye ting etter kvart som du spelar.

Disney's Extreme Skate Adventure PS2 PS2

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 5. september 2003
  • Plattform: PlayStation 2
  • Utvikler: Vicarious Visions

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen