Anmeldelse

Disneys's Extreme Skate Adventure

Barn kan utnyttast på mange måtar. Nokre av desse er å pumpe ut mange billege, men dårlege spel, som er sikre suksessar blandt den yngre garde. Andre metodar består i å faktisk lage eit bra spel, men samtidig pumpe det så fullt av smaklaus reklame og propaganda at det er til å få dårleg mage av.

Side 1
Side 2
Side 3

Nokia 5100
Dei første oppdraga er greie nok. Finne litt drikke til ein gamal sjømann, eller raile i ein butikk til du har samla inn matvarer til ein verdi av over 1000 dollar. Joda, det er moro det, men like etterpå stoppar du utanfor ein Nokia-butikk. Berre det at du finn ein Nokia-butikk i eit spel av denne naturen er heller tvilsamt. Det neste du får vite er at du må finne fire polyfoniske ringetonar til den fantastiske nye Nokia modellen, 5100 for å vere eksakt. Når du finn desse ringetonane snurrar ein modell av nevnte telefon på skjermen, medan melodien spelar i bakgrunnen. Det er ikkje berre Nokia som reklamerar for seg sjølv i DESA. McDonalds har også fått si eiga sjappe plassert godt i sentrum av den lille byen. Oppdraga du får her, går ut på å levere mat til kundar, som igjen skryt av kor kjempegod den siste eplepaien skal bli.

Om du no har bestemt deg for å aldri sjå i same retning som DESA, så er det lett forståeleg. Det er fristande å kaste så mykje drit på dette spelet at det ikkje går å ta i det med plasthanskar ein gong, men desverre kan eg ikkje det. Ikkje om eg skal vere objektiv. Trass sine svært tydelege ?feil? så er DESA eit svært underhaldande spel. Om Tony Hawk-serien er litt for vrien for dei minste, så er dette det perfekte alternativet for å introdusere dei for all den moro du kan ha på eit skateboard. Prinsippet er enkelt. Du tar nokre populære Disney-figurar, gir dei nokre humoristiske eigenskapar, og kastar dei så ut i løyper i område som minnar om filmane. Dette har utviklar Toys for Bob prestert veldig bra. Først og fremst er er dei forskjellige karakterane godt framstillt. Sjølv om dette er eit skatespel der vi får sjå karakterane gjer ting vi ikkje er vande med, ser det naturleg ut. Du tenker aldri ?Skal det der vere Simba??.

Du får ikkje inntrykket av at dette er eit spel kun laga for å lure uvitande foreldre til å kjøpe ungane sine noko morosamt. Til det er bretta alt for godt designa. Alle bretta har mange mål å gjennomføre. Desse varierar frå å levere noko frå person A til person B, til å utføre eit triks på ein spesiell stad. Dei første oppdraga er ikkje så veldig kompliserte, men etter kvart som du fullfører oppdrag, blir dei mykje vanskelegare i natur. Kanskje litt for vanskelege for målgruppa spelet er retta mot. Samtidig saknar eg opplæringkurs. Riktignok brukar spelet ein svært forenkla versjon av Tony Hawk 4, men for små barn, eller dei som aldri har prøvd slike spel før, kan det ta litt tid å forstå kva ein må gjere for å få poeng.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden