Dystopisk snikespel lanserast denne veka

Tidlegare Metal Gear-skodespelar er om bord.

Etter ein vellukka Kickstarter-kampanje i mai, er tidlegare Metal Gear Solid- og Halo 4-desginer Ryan Payton og studioet Camoflaj klare for å lansere det første kapittelet i snikespelet Republique.

I dette spelet skal du hjelpe den unge jenta Hope med å kome seg ut av ein institusjon. Dette gjerast ikkje ved å styre ho direkte, men i staden ved å enkelt og greit bruke fingeren din til å opne dører, ta kontroll over overvakingskamera, eller hacke deg inn i datamaskiner slik at ho sjølv kan kome seg ut.

Den første av i alt fem episodar varar i omlag tre timar, og vil bli tilgjengeleg på iOS-plattformer frå og med torsdag 19. desember, fortel VG247. Andre plattformer vil kome seinare.

Kjende skodespelarar

Har du det som skal til for å hjelpe Hope?

For å fortelje historia i Republique har Camoflaj hyra inn kjende skodespelarar som David Hayter og Jennifer Hale. Dei fleste kjenner nok Hale best frå rolla som Shepard i Mass Effect-serien, men ho har og hatt roller i spel som Bioshock Infinite og God of War: Ascension.

David Hayter er utan tvil best kjend for si rolle som Snake i alle Metal Gear Solid-spela fram til no. I Metal Gear Solid V har han derimot mista den rolla til fordel for 24-skodespelaraen Kiefer Sutherland.

Om du er nysgjerrig på korleis det har gått med andre Kickstarter-spel som har fått blitt tilgjengelege for publikum, kan du ta ein kikk på våre førsteinntrykk frå Broken Sword V: The Serpent's Curse, og vår spelmelding av det imponerande romskipspelet FTL.

Siste fra forsiden