Early Access-inntrykk

Islands of Nyne

Endeleg eit e-sportverdig Battle Royale-spel

Kjapp og jamn skyteaction.

Define Human Studios

Trendane i spel har ein tendens til å gå i syklusar. Over dei siste femten åra har me gått gjennom bølgjer av interesse for vampyrar, zombiar, overlevingsspel, og no til sist Battle Royale. Alle i spelindustrien vil tilsynelatande vere med på kalaset. Både Epic Games, DICE og Treyarch har meldt seg på, men fram til no har dei store vore treige. Dette er ein sjanger som er drive fram av små utviklarar.

Stadig poppar det oppe nye Battle Royale-spel. Mavericks, mastodonten som lover kampar mellom 1000 spelarar, er på veg inn i alfatesting, og Fear the Wolves er nett inne i ein ny testperiode. Mest interessant er kanskje det som nyleg kom ut i Early Access, førstepersonsspelet Islands of Nyne. Dette har me sett sporadiske teikn til over nokre år no, og det er endeleg tilgjengeleg for folk flest.

Ingen store overraskingar

Sjølv om kartet berre er ein liten del av storleiken til PUBG og H1Z1, blir det ein del dødtid.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Har du prøvd eit Battle Royale-spel, veit du kva du kjem til her. Du og en bøling spelarar (49 i dette tilfellet) stupar frå himmelen ned til eit kart omringa av ein kuppel. Figuren din landar på bakken med eit brak, i typisk superhelt-stil. Det er deg og ditt lag mot resten. Sistemann vinn.

Dette er eit kappløp mot klokka. Ein vegg av plasma kjem nærmare og nærmare, som pressar alle spelarane inn mot sentrum. Allereie frå byrjinga veit du kvar sirkelen vil vere, og det tar ikkje lang tid før du må kome deg til neste. Rundane er nemleg sjeldan lengre enn femten minutt, og dei fleste kampane er ferdig etter rundt ti minutt.

Dette gir inntrykket av at ting er litt meir hektiske enn i andre Battle Royale-spel. Idet fyren din smell knyttneven ned i bakken har du nokre stressfylte minutt der du finkjemmer slott, mellomalderhus og romvesen-ruinar om ein annan for våpen, og kjempar mot eventuelle fiendar.

Deretter kan det fort bli litt dødtid. Sjølv her. Det at det berre er femti spelarar på serveren gjer at mesteparten av kampane skjer i byrjinga og i slutten av rundane. Ein kan fort ende opp med å vasse rundt i skogane i lengre periodar utan å sjå ei sjel på grunn av at kartet er så stort. Det er langt frå same nivå som i PUBG, men med så korte rundar forventar eg å ha litt meir action, anna enn at alt skjer i byrjinga og på slutten. Du får tid til å samle inn meir utstyrt, men nokre av rundane blir unødvendig langdryge. Utviklaren har dog gitt hint om at det kjem til å bli fleire spelarar per server i framtida.

Kjem med etterlengta innhald

PUBG Corp. har vore notorisk treige på å introdusere etterlengta funksjonar som treningsarena, betre «looting» og liknande kvalitetsforbetringar. Det har Define Human Studios fått med seg. Ikkje berre er sanking av utstyr mykje meir naturleg og kjappare i Islands of Nyne, men du kan òg skifte «attachments» på våpena dine med hurtigtastar, så det å byte mellom raudpunktsikte og eit kikkertsikte krev ikkje meir enn at du trykkar på ein tast.

Du kan spele «gungame» i lobbyen mens du venter på at runden startar.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Når du sit i spelmenyen blir du òg møtt av moglegheita for å teste alt av våpen og utstyr i ein treningsarena. Du får både skytebane og ein vegg for å prøve ut rekylmønster på ulike våpen, så du kan øve deg litt før du hoppar inn i Nyne-kuppelen. Det anbefaler eg sterkt. Islands of Nyne er nemleg eit utilgivande spel med ganske brutal vanskegrad i byrjinga. Det at spelet brukar eit førstepersonsperspektiv gjer òg at du må vere meir merksam på omgivnadane dine. Å bli skoten i ryggen er ein keisam måte å døy på.

Dette spelet er retta mot konkurranse. Ein ser ingen teikn til den elendige nettkoden som PlayerUnknown’s Battlegrounds har. Eg trur kanskje Islands of Nyne kan verke litt avskrekkande for dei som ikkje er vande med skytespel på grunn av den bratte vanskegraden, men er du treffsikker, er dette definitivt verdt å kikke på.

Er du ikkje treffsikker, kjem du til å døy.

Utan hjelm eller skjold (ein variant av Fortnite-skjoldet) døyr du av eitt skot til hovudet, og nokre få til kroppen. I og med at kartet er stappfullt av utstyr – endå meir enn på Sanhok i PUBG – får du som regel oppleve action frå første sekund.

Er du ikkje treffsikker, kjem du til å døy. Mange gongar. Først når du får tak på rekylmønster og byrjar å treffe nokre hovudskot her og der, blir spelet enklare. Eventuelt kan du lande litt vekk frå andre spelarar i opninga av runden, men det er ikkje like spanande. Adrenalinrushet du får av å lande på same plass som ti andre, og å kome sigrande ut, er enormt. Du får neppe meir enn eit drap eller to, for alle kjem til å skyte på kvarandre, men det kjenst verkeleg som om du har oppnådd noko.

Fantastiske skarpskyttarrifler

Idet du har plukka opp MK-18-maskingeværet og satt på både lasersikte, raudpunkt og lyddempar – noko du fort kan finne alt av i det første huset du ser – er du klar for kamp. Du må bruke tid på å venne deg til maskingeværa i spelet, men med litt øving i treningsarenaen er det berre å fyre på.

Skarpskyttarriflene i Islands of Nyne er noko av det beste eg har prøvd i Battle Royale-sjangeren. Det er særdeles tilfredsstillande å plassere kuler i hovudet på fiendane dine. Lyden til rifler er òg viktig for å bygge opp om denne kjensla i spel, og den er definitivt til stades her.

Lagersystemet er det beste me har sett i eit Battle Royale-spel.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det at rørslesystemet er langt kjappare enn i noko anna Battle Royale-spel gjer òg at du må jobbe meir for å få inn dei gode skota. Som i gode, gamle dagar av Counter-Strike er det mogleg å «bunnyhoppe» i stor fart for å unngå kuler. Dette gjer òg at ein flyttar seg kjapt rundt på kartet, sjølv om spelet ikkje har køyretøy.

Då tempoet er høgt, er du avhengig av å kunne treffe flikke-skot med skarpskyttarriflene. I og med at ein sjeldan forventar å faktisk få hovudskota i slike situasjonar, blir det berre endå kjekkare når du endeleg treff. Dette er typen spel som kjem til å få YouTube til å flyte over av snikskyttarmontasje-videoar.

Respektabel yting

Når det kjem til Early Access-spel, er ytinga ofte ein stor svakheit. Det er ikkje tilfellet her. Riktig nok ser spelet omtrent ut som konsollversjonen av The Elder Scrolls IV: Oblivion viss du skrur ned innstillingsnivået, men ein kan fint få biletefrekvensen over 200 med eit GTX 1070-skjermkort viss ein toler dårleg grafikk.

Det visuelle er uansett ikkje så veldig mykje å skryte av, sjølv med innstillingane på maks. Eg ser mange skriv at det minner om Crysis, men ikkje ein gong den visuelle stilen kjem i nærleiken av det. Skytemekanismane kan eg derimot innrømme at har eit visst Crysis 2-preg. Spesielt handtering av maskingeværa tar meg rett med på slagmarka i fleirspelaren til Crysis-serien.

Ikkje forvent å bli overvelda av noko kunstverk her, altså. Me speler rett nok ikkje Battle Royale for grafikken, men dei kunne i det minste skrudd opp teiknedistansen litt. Det er nemleg ganske vanskeleg å sjå folk på lang avstand utan optikk – det at hovuda på figurmodellane er ørsmå gjer ikkje saka betre.

Grafikken er definitivt ikkje Islands of Nynes sterke side.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Konklusjon

Eg har vore innom omtrent alt av Battle Royale-spel over dei siste åra, med brorparten av tida brukt på PUBG. Islands of Nyne er definitivt uvant i forhold. Tempoet er høgare, rundane kortare. Serverane er monaleg betre, og eg har mykje meir tru på dette som eit konkurransespel enn Fortnite og PUBG.

Våpena er kjekke å bruke, og rørslesystemet gir eit inntrykk av moment, fart. Ein er heile tida i rørsle. Spelet har definitivt nokre tempoproblem, med berre femti spelarar på eit såpass stort kart som det Islands of Nyne har, men det kjenst likevel mykje kjappare enn andre spel i sjangeren (sjølv om det kunne vore endå betre).

Så langt er det ingen av Battle Royale-spela som har knekt e-sportkoden skikkeleg. Islands of Nyne kan moglegvis gjere dette med meir finpussing. Ein ting er at det er meir tilskodarvenleg, men først og fremst verkar opplevinga langt jamnare. Det er litt som Call of Duty i PUBG-form.

Dette er definitivt ikkje eit spel for alle – du bør vere godt vand med skytespel på PC eller tolmodig nok til å døy ein del – men for Battle Royale-fans er Islands of Nyne eit val frå øvste hylle.

Har du ein vennegjeng å dra med deg inn på Discord, så kan dette vere eit morosamt tidsfordriv. Spesielt dei som har spelt mykje Call of Duty og Crysis vil kjenne seg heime i kuppelen på Nyne-øyene.

Fikk du med deg at vi skrev om The Cycle?
Det neste spillet fra skaperne av Spec Ops: The Line er også litt Battle Royale-aktig »

Siste fra forsiden