Eit album i veka for Rock Band

Sving gitaren til legendariske Nevermind frå Nirvana.

Sjølv om Harmonix sine Guitar Hero-spel er ein genistrek i rein speleglede, er det ein ting som på eit eller anna tidspunkt er dømt til å skje; du går tom for låtar. Etter øving og terping er brått utfordringa borte, og du har sett og gjort alt så mange gangar at du tørstar etter nye utfordringar.

Det ser ut til at dette aldri vil skje med Harmonix sitt siste prosjekt, Rock Band. Etter planen skal det kome eit album for nedlasting kvar veke, og det er ikkje låtane til små garasje-band vi får bryne oss på. I følgje Joystiq har siste nummer av GamePro eit stort oppslag om Rock Band, der det blir bekrefta at blant anna Nirvana-plata Nevermind vil bli tilgjengeleg for nedlasting kort tid etter at spelet er lansert.

Andre band som har hengt seg på Rock Band-bølga er Metallica, Foo Fighters og The Who. I motsetning til Guitar Hero der vi spelte med godt gjenskapte versjonar av dei originale låtane, vil Rock Band la oss spele med ekte vare i form av dei opphavlege innspelingane. Vi vil framleis finne nokre cover-versjonar, men desse vil vere i eit fåtal.

Det er ikkje sett nokon nøyaktig lanseringsdato for Rock Band, men det er venta i butikkane til juletider.

Siste fra forsiden